Munnleg (M) eksamen

Fylkeskommunen sine retningslinjer må sjåast på som tillegg til forskrifta og rundskrivet til Udir.

§3-26 Trekk til eksamen (lovdata.no)

Udir (Reglar for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

Skulen skal gi eleven melding om kva fag eleven er trukket ut i 48 timar før eksamen startar. Heilagdagar eller høgtidsdagar skal ikkje telje med i dei 48 timane.  

Trekkordninga for grunnskule og vidaregåande

Vestland sine retningslinjer

Skulen må legge til rette for at melding om trekk blir tilgjengeleg for elevane. Elevane har ansvar for å skaffe seg den informasjonen dei treng og eventuelt lærestoff/ lærebøker.  

§ 3-27 Førebuingsdel (lovdata.no)

Udir (Reglar for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

For alle læreplanar gjeld det at munnleg eksamen skal ha 24 timar førebuing... 

...Skulen kan ikkje gjennomføre lokalt gitt eksamen med førebuing på måndagar, eller første dag etter offentlege heilagdagar eller høgtidsdag....

...Tidlegare krav om presentasjon ved munnleg eksamen er oppheva. Presentasjon kan fortsett brukast til munnleg eksamen, men det vil vere frivillig for kandidatane. Avhengig av kva tema eller problemstilling elevane har fått eller trekt, skal elevane få høve til å førebu seg på ein måte som gjer dei i stand til å vise kompetansen dei har under munnleg eksamen... 

...Presentasjon kan fortsett nyttast til munnleg eksamen, men det vil vere frivillig for eleven...

...Førebuingsdagen(e) er obligatorisk skuledag(ar), og elevane ha rett på eit pedagogisk tilbod. Det betyr at eleven skal ha tilgang til skulen sine lokal, kunne samarbeide med andre og ha tilgang til rettleiing frå ein faglærar...

Vestland sine retningslinjer

Ut i frå Udir sine regler for munnleg eksamen, kjem det tydeleg fram at ein ikkje kan pålegge kandidatane å starte eksamen med ein presentasjon. Oppheving av kravet om presentasjon skal gi større fleksibilitet for korleis kandidatane og sensorane nyttar førebuings- og eksamenstida.

Kompetansemål som blir vidareført og tidlegare er målt gjennom obligatorisk presentasjon, må kunne målast utan å pålegge kandidatane å starte eksamen med ein presentasjon.  

Nytt 09.02.2022

Elevane trekk eller får utlevert eit tema/ei problemstilling. I tillegg kan dei få ei kort forklaring til temaet/problemstillinga, eventuelle tekstar eller kjelder til bruk i førebuingsarbeidet. Dei kan også få utlevert moment som kjenneteiknar eit godt eksamenssvar.  Temaet/problemstillinga/oppgåva må vere slik at eleven får høve til å vise både breidde- og djupnekompetanse i faget.

Førebuingsdagen er ein obligatorisk skuledag, der elevane må vere på skulen minimum tre klokketimar.  

På førebuingsdagen skal eleven ha tilgang til ein faglærar. Dette bør helst vere faglæraren til eleven, som også organiserer og gjennomfører førebuingsdagen.

 

                                                      

Dersom sensorane ønskjer å bruke lyttemateriell må dette vere inkludert i tida som blir brukt til å vurdere kandidaten.

§ 3-22 Om eksamen

....Eksamen skal gi eleven eller privatisten høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Vestland sine retningslinjer

Sensorane skal stille spørsmål som gir eleven høve til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Sensorane skal leite etter kompetansen kandidaten har, ikkje etter det eleven ikkje kan.

§ 3-25 Eksamensformer og varigheit (lovdata.no)

Udir (rundskriv 2-2020)

Det er nytt at Utdanningsdirektoratet fastset tidsrammene for dei ulike eksamensformene. Tidligare har dette vore fastsett i forskrifta.

Gjennomføring av lokalt gitt munnleg eksamen kan vare inntil 30 minutt for kvar elev.  

Bruk av hjelpemiddel

 Udir (Regler for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

Tilgang til eller avgrensingar i digitale eller andre former for hjelpemiddel til eksamen, bør grunngjevast ut fra kompetansemåla i læreplanen, faga sin eigenart, faget sitt nivå og eventuelle nye digitale oppgåveformat.

Vestland sine retningslinjer

Alle hjelpemiddel utan kommunikasjon er tillate på munnleg eksamen.

Under sjølve eksamen kan kanditaten ta med seg notat, uavhengig av format, frå førebuingsdelen. Også bilete, grafar, lovverk og anna som kandidaten har vald ut for å vise kompetansen, kan reknast som notat.

Direkte opplesing frå notat, momentliste eller lysbilete-presentasjon er lite egna til å vise kompetanse i faget.   

§ 3-28 Sensur på lovdata.no

 Udir (rundskriv 2-2020)

...Første ledd fastsett at det skal alltid vere to sensorar, både ved sentralt og lokalt gitt eksamen...

...Tredje ledd fastslår at ved lokale eksamenar skal minst ein av dei to sensorne vere ekstern. Faglærer skal være sensor dersom skoleeier ønsker det. Dersom sensorane ikkje er einige i vurderinga av ein kandidat, avgjer den eksterne sensoren. 

Vestland sine retningslinjer

Gjennom god dialog skal sensorane planlegge den praktiske gjennomføringa av eksamen. Sensor 1 har ansvar for å opprette kontakt med Sensor 2. Sensor 2 har ansvar for å skaffe seg tilstrekkeleg informasjon før eksamen. 

§ 3-28 Sensur på lovdata.no

 Udir (Regler for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

Karakteren skal settast på individuelt grunnlag. Når sensorane har diskutert seg fram til karakter, skal eleven umiddelbart få vite karakteren.  

Dersom sensorene ikke er enige i vurderingen av en elev, avgjør den eksterne sensoren.

Målet med gjennomføring av eksamen er at eleven skal få høve til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg utifrå kva som er mogleg innafor eksamensforma (JF. §3-22, første ledd). Det er kompetansen som synast på eksamensdagen som skal vurderast og førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget, jf. §3-27. 

Vestland sine retningslinjer

Karakteren skal setjast på grunnlag av heile eksaminasjonen, og gi uttrykk for kompetansen til eleven slik den kjem fram på eksamensdagen.

Eleven har rett munnleg på  grunngjeving.  

 

§ 5-10. Klage på karakter ved munnleg eksamen. Klageinstans og klagebehandling

Udir (Reglar for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

Eleven har rett til å klage på formelle feil som har hatt noko å seie for eksamensresultatet. Til munnleg eksamen er det ikkje høve til å klage på karakteren. Ved spørsmål om klage, har skulen ansvar for å rettleie eleven. 

Dersom eleven får medhald i ein klage, blir eksamenskarakteren annullert. Eleven kan velje om ho eller han vil gå opp til ny munnleg eksamen, med ny sensor. Viss eksamenen er trekkfag i vidaregåande, skal faget trekkast på nytt. 

Vestland sine retningslinjer

Informasjon om klage på eksamen finn du her.