Reglement for skriftleg eleveksamen i Vestland

Dette reglementet gjeld for alle elevar og vaksne deltakarar som skal ta skriftleg eksamen i Vestland.

Oppmøte

Eksamen startar normalt klokka 09.00. Oppmøtetid, stad og eksamensrom blir publisert i VIS

Du må ha med deg gyldig legitimasjon med bilde og fødselsdato. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort eller bankkort med bilde. Legitimasjon i app er ikkje godkjend på skriftleg eksamen, heller ikkje bilde av legitimasjon.

Set deg på tilvist plass, plassen din er merka med eit ark med namnet ditt på.

Fagkode og fagnamn finn du på namnearket. Kontroller at du mottek rett eksamensoppgåve. Fagkoden som står på arket skal vere lik den du får i eksamensoppgåva på skjermen.

Om du kjem for seint, men før klokka 10.00, vil du få gjennomføre eksamen, men du vil ikkje få kompensert for tapt tid. Kjem du etter klokka 10.00, vil du ikkje få gjennomføre eksamen.

Du kan tidlegast forlate lokalet ein time etter at eksamen har starta.

Det skal vere ro i lokalet under heile eksamen.

Hjelpemiddel

Alle hjelpemiddel er tillatne på eksamen med desse unntaka:

  • Du har tilgang til eit avgrensa tal nettsider.
  • Du kan ikkje bruke automatisk tekstgenerator, kunstig intelligens, chatbot eller tilsvarande teknologi.
  • Du har ikkje lov til å kommunisere med andre under eksamen, det vil seie at du ikkje kan bruke mobiltelefon, samskrive, chatte eller liknande. Å publisere på internett er rekna som kommunikasjon.
  • I norsk, engelsk og framandspråk kan du ikkje bruke omsetjingsprogram.
  • For fag som har to-delt eksamen, er del 1 utan hjelpemiddel og del 2 med hjelpemiddel.
  • Du har ikkje lov til å bruke klokker eller mobil- og smarttelefonar på eksamen. Klokker, mobiltelefonar og anna utstyr som kan brukast til kommunikasjon skal leggjast på tilvist plass og vere slått av under heile eksamen.
  • Har nettbrettet eller datamaskina ditt sim-kort, må du ta dette ut før eksamen.

Hjelpemiddel på del 1 på todelt eksamen: Du skal skrive for hand. Sjå eksamensoppgåva for kva for hjelpemiddel som er tillatne på del 1. Det er berre lov å bruke skrivesaker, linjal, passar eller vinkelmålar

Stikkprøve av hjelpemiddel

Vaktene har høve til å kontrollere hjelpemidla du bruker på eksamen

Du har plikt til å samarbeide om kontroll av hjelpemiddel. Dersom du ikkje samarbeider om kontroll av hjelpemiddel, kan dette bli rekna som forsøk på juks.

Under eksamen

Det er ikkje lov å kommunisere med andre kandidatar under eksamen.

Når du ønskjer luftepause, skal du signalisere dette til ei vakt. Vakta følgjer deg ut.

Eksamenstida er fastsett i eksamensoppgåva. Klargjering og opplasting av eksamenssvaret er ikkje rekna som del av eksamenstida.

Om du skal skrive for hand, skal du bruke innføringsark du får utdelt i eksamenslokalet. Bruk helst blå eller svart penn. Om du lagar skisser, teikningar og grafiske framstillingar kan du bruke blyant og fargar. Sørg alltid for at det er god kontrast .Alt som er skrive for hand blir scanna og levert for deg av eksamensskulen.

Innlevering

Eksamen er anonym. Du skal ikkje skrive namnet ditt, namnet på skulen eller andre ting som kan identifisere deg i eksamenssvaret ditt. Om du lastar opp filer, må du sørge for at forfattarnamnet er fjerna. Her finn du informasjon om korleis du kan fjerne forfattarnamn frå filene dine.

Når du er ferdig med eksamenssvaret ditt og har levert, skal du kontakte ei vakt. Eksamensvakta kontrollerer at svaret er levert på korrekt måte. Vakta kan også sjekke legitimasjonen din ein gong til. Det er ikkje mogleg å endre eksamenssvaret ditt etter at du har gått ut av eksamenslokalet.

Etter eksamen

Du kan sjå eksamenssvaret ditt på kandidat.udir.no dagen etter eksamen. Dersom du har hatt todelt eksamen, eller på annan måte har skrive delar av eksamenssvaret for hand, bør du kontrollere at eksamenssvaret ditt er komplett. Ta kontakt med eksamensskulen så raskt som mogleg dersom du oppdagar feil.

Fråvær på eksamen

Om du blir sjuk på eksamensdagen eller hindra av andre uføresette grunnar som du ikkje sjølv rår over, kan du ha rett på utsett eksamen.

Du må dokumentere fråværet ditt. Om du var sjuk, må dokumentasjonen vere attest frå lege.

Lever dokumentasjonen til skulen innan ei veke etter eksamen.

Du kan lese meir om dette i Forskrift til opplæringslova § 3-32

Juks eller forsøk på juks kan vere:

  • å gi, prøve å gi eller formidle hjelp til andre
  • å ta imot hjelp
  • å ha eller å bruke hjelpemiddel som ikkje er tillatne etter at oppgåva er delt ut, dette inkluderer mellom anna:
    • all form for kommunikasjon, som programvare for samskriving, publisering på internett og bruk av skytenester
    • chatrobot eller KI, også versjonar som fungerer utan nett-tilgang
    • omsettingsprogram i språkfag, norsk eller engelsk
    • kalkulator eller lærebøker på del 1 på eksamen i matematikk eller andre fag med to-delt eksamen 
    •  at to kandidatar som deler ei lærebok
    • å vere tilkoplatil anna nettverk enn eksamensnettverket 
    • å ikkje slå av mobiltelefonen
    • å bruke VPN-tenester eller virtuelle maskinar ol. for å omgå tilgangsstyringa
    • å bruke mobiltelefon/internett under eksamen

Du kan lese meir om dette i Forskrift til opplæringslova § 3-34.

Annullering av eksamen

Dersom du bryt reglementet, juksar eller prøver å jukse, kan eksamenen din bli annullert. Rektor fattar vedtak om annullering. Du vil få høve til å uttale deg munnleg før rektor fattar vedtak. Dersom eksamen blir annullert vil standpunktkarakter bli stroke.

Du kan klage på vedtak om annullering av eksamen. Det er Statsforvaltaren som skal handsame klagen.

Du kan lese meir om dette i Forskrift til opplæringslova § 3-34.