Moglege helse- og samfunnskonsekvensar av koronakrisa

Med utgangspunkt i folkehelseundersøkingane ser vi i Vestlandsanalyse 2-20 på moglege konsekvensar for helse og samfunn som følgje av covid-19.

Viser fremside på rapporten med teksten "Moglege helse- og samfunnskonsekvensar av koronakrisa. Kunnskapsgrunnlag frå folkehelsestatistikk og -undersøkingar. Vestlandsanalyse nr. 2-2020"

[Versjon 3 - 29.05.2020. Nettside oppdatert 03.06.2020]

Utviklinga knytt til koronautbrotet går raskt og blir grundig overvaka i heile verda. Både nasjonalt, regionalt og lokalt blir det jobba intenst med å få oversikt, kontroll og kunnskap om situasjonen. Kunnskap blir til undervegs, men biletet forandrar seg raskt.

Ei av mange oppgåver som ligg til fylkeskommunen, er å ha oversikt over utviklingstrekk i fylket. Her presenterer vi tre rapportar som kvar tek føre seg ulike utviklingstrekk som covid-19-utbrotet fører med seg i Vestland. Sjå lenker til høgre (nedst i mobilversjon).

Kjende sosioøkonomiske skilnader blir forsterka

I rapportserien ser vi systematiske skilnader over utdanningsnivå knytt til ei rekkje ulike forhold. Vi veit at slike gjennomgåande sosioøkonomiske skilnader har ein tendens til å forsterke seg gjennom opphopingar av negative faktorar, slik denne rapportserien tydeleg viser.

Vi går altså ikkje fri for slike negative ringverknader i Vestland. Dersom vi ser til konklusjonane i Folkehelseoversikt 2019-2023 (PDF), ser vi at mange av dei utviklingstrekka som vart identifiserte som utfordrande for Vestland, blir forsterka og gjort meir synlege gjennom koronakrisa:

  • Aukande del eldre i mange kommunar
  • Aukande del som lever i låginntektshushaldover tid – særskilt hos barn
  • Aukande førekomst av einsemd og psykiske plagar
  • Sosioøkonomiske skilnader i befolkninga
  • Behov for gode nærmiljø
  • I fleire område av fylket er folk lite nøgde med kultur- og idrettstilbod

Folkehelseundersøkingane viktig kjelde til kunnskap

I 2018 og 2019 gjennomførte vi to store befolkningsundersøkingar i Hordaland (PDF) og Sogn og Fjordane (PDF) i tett samarbeid med Folkehelseinstituttet. Desse var spørjeundersøkingar som gjekk ut til store deler av befolkninga og som er vurdert til å gi representative svar for fylket på dei fleste spørsmåla. Men: det var likevel under halvparten av dei inviterte som svara, og resultata må derfor tolkast med dette i minne. I undersøkingane vart det stilt spørsmål om trivsel, levevanar og eigenopplevd helse.

Etter gjennomføring gav Folkehelseinstituttet (FHI) ut ein rapport frå kvar undersøking. Det meste av figurar i denne rapporten er henta frå desse. Omtalen av resultata er også henta frå FHI sine rapportar, med litt tilpassing gjennom at to tekstar har blitt til ein.

Sidan dette vart gjort før covid-19, fortel dei oss om folk i Vestland i ein normalsituasjon. Resultata har vist at ressursar og risikoforhold er ulikt fordelt. Dette er viktig bakgrunnskunnskap i tida vi no er inne i og er nyttig for planlegging av tiltak. Folkehelseundersøkingane seier ikkje noko om nettopp dei som blir råka av covid-19, men viser klåre trendar knytt til sårbare grupper.

I covid-19-rapportane er det også supplert med data frå ulike andre kjelder, mellom anna folkehelseprofilane, slik dei er framstilt i vår kartløysing Folkehelsebarometer for kommunane.