Folkehelsebarometer Vestland 2022

(Trykk på pila for å utvide.)

Folkehelsestatistikk i interaktive kart

Folkehelseinstituttet (FHI) publiserte folkehelseprofilar for kommunar og bydelar 15. ferbuar, og for fylka 29. mars 2022:

Folkehelseprofilane kan du sjå på nettsida til FHI.

Livskvalitet er temaet for folkehelseprofilen 2022, og indikatorane som blir presentert i profilen tek utgangspunkt i dette temaet. Indikatorane er valde med tanke på helsefremjande og førebyggande arbeid, og viser data som skildrar befolkning, oppvekst og levekår, miljø, skadar og ulykker, helserelatert åtferd og helsetilstand.

 

Vestland fylkeskommune har laga ei samla oversikt (i verktøyet PowerBI) over resultata i folkehelseprofilen til alle dei 43 kommunane i Vestland fylke, for bydelane i Bergen, og for fylka i landet:

Folkehelsebarometeret er eit nyttig verktøy for raskt å få overblikk over folkehelsesituasjonen i kommunane og fylket. I karta viser vi om bydelane, kommunane og fylka skil seg signifikant frå landssnittet, og du kan sjå tala bak og utvikling for kvar bydel, kommune og for Vestland fylke med få tastetrykk.

Landsnivået representerer ikkje alltid eit ønska nivå. Ver difor merksam på at «grøne» verdiar òg kan innebere viktige folkehelseutfordringar for kommunane og fylka. For meir detaljerte analysar bør ein lese dei enkelte folkehelseprofilane og supplere med anna informasjon og kunnskap om lokale forhold. Folkehelseprofilane for dei enkelte kommunane kan lastast ned frå nettsida til folkehelseinstituttet. Alle indikatorane med utfyllande informasjon finns i statistikkbanken til FHI.