Konsekvensar av Covid-19 for næringslivet

Rapport nr 7-2021 frå analysegruppa som har som formål å kartlegge og gjere tilgjengeleg statistikk og analysar knytt til den pågåande covid-19-epidemien og kva påverknad dette har på næringslivet i Vestland.

[Sist oppdatert 13. september 2021]

Bilde frå rapport om koronastatus for Vestland. Viser oversikt over nøkkelfunn.
Funn nr. 1, 17 700 arbeidssøkjarar i Vestland. Funn nr. 2, betringa i marknadssituasjonen held frem. Funn nr. 3, tar inn færre sommarvikarar i år. Funn nr. 4, halvparten av verksemdene som fekk krisestøtta betra årsresultatet.

 

Nøkkelfunn frå denne versjonen

15 700 arbeidssøkjarar i Vestland

Tal arbeidssøkjarar i Vestland er no på 15 700. Det er ein liten nedgang sidan byrjinga av august. Samstundes er 71 % av desse no langtidsledige.

Marknadssituasjonen held seg stabil

Vestland-tal frå NHO si medlemsundersøking i byrjinga av september syner at marknadssituasjonen held seg stabil for verksemder i Vestland. Nesten 1 av 5 rapporterer imidlertid om ei dårleg marknadssituasjon.

2021 har vore betre enn venta for mange

Tal frå medlemsundersøkinga til Næringsalliansen i Vestland i august viser at nær halvparten av verksemdene rapporterer om at aktivitet og «helsetilstand» er betre enn forventa for eitt år sidan. 4 av 10 ventar også å rekruttere fleire tilsette i 2022.

2021 liknar veldig på 2020 for overnattingsstadar i Vestland

Tal frå SSB viser at talet kommersielle overnattingar i Vestland i årets første sju månader er 2 % høgare enn på same tid i fjor. Nasjonalt er 2021 framleis langt under 2019-nivå.

Last ned og les meir om dette i arbeidsgruppa sitt siste felles kunnskapsgrunnlag (pdf). 

Sjå også Vestland fylkeskommune sine rapportar om andre samfunnsmessige konsekvensar av koronakrisa (Lenke til ny side).