Resultata frå Ungdata
Ungdata er ei undersøking som gir eit breitt bilete av korleis ungdom har det og kva dei driv med i fritida.
Våren 2021 blei Ungdata-undersøkinga gjennomført i barneskulen, ungdomskulen og vidaregåande skule i nesten alle kommunane i Vestland fylke. Om lag 48 000 barn og ungdom i Vestland har svart på undersøkinga. Når alle gjennomfører på same tid, får vi svært gode resultat på fylkesnivå, og moglegheit for å sjå på geografiske forskjellar. Ungdata er eit stort og viktig kunnskapsgrunnlag for kartlegging, analyse og planlegging i kommunane og i fylket.
Ungdataundersøkinga er gjennomført av NOVA i samarbeid med dei regionale kompetansesentra for rusfeltet (KoRus). Ungdata er finansiert over statsbudsjettet gjennom tilskot frå Helsedirektoratet. Undersøkinga i Vestland har vore eit samarbeid mellom NOVA, KoRus Vest Bergen, Vestland fylkeskommune og kommunane i fylket.
Nøkkeltalrapport
Nøkketalsrapportane presenterer hovudresultata frå undersøkinga. I rapportane er det presentert kva gutar og jenter har svart på spørsmåla, og om der er forskjellar mellom ungdom på ulike klassetrinn. Vidare blir resultantane for 2021 samanlikna med landsrepresentative tal.
- Nøkkeltalsrapport for vidaregåande skule i Vestland (pdf)
- Nøkkeltalsrapport for ungdomskulen i Vestland (pdf)
- Nøkkeltalsraportar på kommunenivå
Nøkkeltalrapportane for Vestland er utarbeida av Ungdatasenteret v/ Velferdsfordkningsinstituttet NOVA, OsloMet Storbyuniversitet, i samarbeid med KoRus Vest Bergen.
Korona
I årets undersøking var det inkludert spørsmål knytt til korona og korleis ungdommen har opplev pandemien. I presentasjonane under finn de ungdommen sine svar på dei koronarelaterte spørsmål i undersøkinga.
Vestlandspakka
I 2021 utarbeiddde Vestland fylkeskommune ei vestlandspakke med tilleggsspørsmål, som var obligatorisk for alle vidaregåande skuler, og anbefalt for ungdomskulane. I rapporten under presenterer vi svara frå spørsmål i vestlandspakka i vidaregåande skule.
Presentasjonane av vestlandspakka er utarbeidd av Vestland fylkeskommune. NOVA er ikkje ansvarleg for analysar eller fortolkingar av resultata.