Sosioøkonomisk status og trivsel på skulen

Vestland fylkeskommune har hausten 2021 hatt ein praksisstudent i ungdomssosiologi frå Høgskulen på Vestlandet som har fordjupa seg i ungdataundersøkinga. Ho finn klare samanhengar mellom elevane sin trivsel og sosioøkonomiske bakgrunn, og knyttar dette til eit sett med sosiologiske teoriar.

May Helen Norevik er bachelorstudent på Høgskulen på Vestlandet, og har hausten 2021 hatt praksisplass i avdeling for strategisk utvikling og digitalisering, seksjon for statistikk, kart og analyse.

Etter avtale med Ungdatasenteret ved NOVA/Oslo Met, har ho fått tilgang til anonymiserte individdata frå ungdataundersøkinga som blei gjort i Vestland våren 2021. Ho har fordjupa seg i elevane i vidaregåande skule i fylket (i alt 13.326 respondentar), og har laga ein rapport av sine funn.

Trivsel i vidaregåande skule og familieøkonomi. Ungdata 2021.
Tabellen viser trivsel i skulen og familien sin økonomi blant elevar i vidaregåande skule i Vestland som har svart på ungdataundersøkinga i 2021. Elevane er gruppert etter kor god råd dei rapporterer å ha hatt dei siste to åra (vi har hatt god råd heile tida, vi har stort sett hatt god råd heile tida, vi har verken hatt god eller dårleg råd, vi har stort sett hatt dårleg råd heile tida, og vi har hatt dårleg råd heile tida). Svara til elevane er sortert etter kor godt dei trivast på skulen (heilt einig, litt einig, litt uenig, og heilt ueinig). Ytterpunkta er 62 prosent av dei med god råd heile tida som er heilt einige i at dei trivast og berre 2 prosent av same gruppe som er heilt uenige i at dei trivast, mot 36 prosent av dei med dårleg råd heile tida som er heilt einige at dei trivast og heile 25 prosent i denne gruppa som er heilt ueinige i at dei trivast på skulen.

Viktig analyse

Skulen er ein av dei viktigaste livsarenaene i ungdomstida, og sentral for total trivselsopplevnad av eige liv. Ungdomstida er prega av endringar og forventningar der oppgåver og ansvar aukar hjå individet. I denne fasen er det viktig med meistringsfølelse og ros for å få ein positiv identitetsutvikling. Ungdom blir meir sjølvstendige, og vennskap og aksept frå jamnaldra blir viktig i denne perioden. Sosial interaksjon og vennskap har altså stor betyding i denne fasen av livet, og skulen er ein av dei mest sentrale sosialiseringsarenaane i denne perioden. 

May Helen har i sin rapport sett på kva samanheng det er mellom sosioøkonomisk status og trivsel, og ho finn tydelege samanhengar. Sjølv om dette ikkje er uventa, vil ei stadfesting av desse funna gjere at fylkeskommunen som skuleeigar får innsikt i bakgrunnen for elevane sin trivsel og mistrivsel, og gjere fylkeskommunen betre i stand til å bidra til auka trivsel.

Om koplinga mellom sosioøkonomisk status og trivsel

Utgangspunktet for analysen er Bordieu sin teori om kapitalformar. I følgje teorien kan ein vente seg at kulturell kapital, t.d. i form av høgt utdanna foreldre, styrkar elevane sine kulturelle ferdigheitar som gir dei lettare kunnskap om og tilgang til prestisjefylte miljø, som igjen kan resultere i gode karakterar; sosial kapital styrkar elevane sine evner til å mobilisere kontaktar og nettverk, som igjen styrker trivsel og aukar sjansen til å få gode karakterar; og økonomisk kapital som ein ressurs som òg bidreg til både trivsel og karakterar.

Fordi vi ikkje har kopla svara i Ungdata med individdata, kan vi ikkje måle kva samanheng det er mellom sosioøkonomisk status og skuleresultat. May Helen får dermed ikkje med seg skuleresultat inn i analysen av elevar sin trivsel, og treng gjere nokre vidare antakingar om koplingar mellom kapitalformane og trivsel. Dette gjeld elevane si evne til å uttrykke seg sjølv og til å tolke andre, identitetsutvikling og rollekonflikt. Dette er greidd ut om i rapporten.

Det sentrale spørsmålet for denne analysen er:

  • Eg trivst på skulen (heilt einig, litt einig, litt uenig, og heilt ueinig).

Tydelege funn

May Helen har teke utgangspunkt i sju spørsmål i Ungdata som ho kryssar med skuletrivsel, og det er samvariasjon mellom trivsel i skulen og alle desse spørsmåla:

  • Om familien har hatt god eller dårleg råd/økonomi dei siste to åra er spørsmålet med klårast samvariasjon med trivsel. Sjå tabellen øvst i saka.
  • 61 prosent av ungdom som har reist på ferie med familien meir enn to gonger siste året er heilt einige i at dei trivast på skulen, mot 46 prosent av dei som ikkje har reist nokon gonger.
  • 53 prosent av dei med eige soverom har høg trivsel, mot 40 prosent av dei utan eige soverom.
  • 54 prosent av dei med to eller fleire bilar har høg trivsel, mot 38 prosent av dei utan bil.
  • 53 prosent av dei med to eller fleire datamaskinar eller nettbrett har høg trivsel, mot 36 prosent av dei med ein eller ingen.
  • 56 prosent av dei med begge foreldre med høgare utdanning har høg trivsel, mot 47 prosent av dei med ingen foreldre med høgare utdanning.
  • 52-56 prosent av dei med bøker i heimen har høg trivsel, mot 38 prosent av dei utan bøker.

Korleis forhindre mistrivsel i skule?

Dette er eit komplekst spørsmål, men menneske er fødde sosiale vesen, og i eit klasserom er det dermed viktig å føle tilhørigheit og fellesskap. Det er ein samanheng mellom dersom ein trivast sosialt, lærar ein også betre. Dersom elevane opplever aksept for den dei er, at alle er inkluderte, og læring i at ein sjølv og andre skal får lov til å vere seg sjølv, vil trivselen auke. Dette kan føre til at det sosiale vert meir behageleg, og fokuset vert ikkje i hovudsak lagt på det sosiale hjå eleven. I staden kan kvar enkelt elev i staden fokusere på det faglege og læringsutviklinga si.

Dermed vil det vere viktig å sjå kor den enkelte elev står og at ein rettleiar eleven vidare gjennom kommunikasjon og dialog. Vidare må ein legge fokus på å ha eit godt klassemiljø, og at alle føler seg velkomen og komfortabel med å kunne vere seg sjølv. I eit godt klassemiljø vil terskelen for å delta i undervisning også bli lågare. Det er viktig at læraren kjenner elevane godt, men òg at skuleeigar kjenner elevane godt. Ungdata er ein viktig reiskap for fylkeskommunen i å utvikle gode læringsmiljø.