Kven bør få klima- og miljøprisane i Vestland i 2022?

Vestland fylkeskommune deler i år ut to klima- og miljøprisar. Den eine er øyremerka landbruket, den andre kan gå til alle som har gjort ein innsats for og utmerka seg innanfor klima- og miljøarbeid i Vestland.

foto av eplebonde i eplehage over Sognefjorden
FØRSTE GONG: Klima- og miljøprisen for landbruket blir delt ut for første gong i 2022. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Klima- og miljøprisen for landbruket blir delt ut for første gong i år og skal delast ut annakvart år framover.

Innsats i landbruket

– Landbruket er ei viktig næring i fylket. Med denne nye prisen vil vi gje ei påskjønning for nokon som har gjort ein ekstra innsats på dette feltet, ved anten å formidle eller ta i bruk klima- og miljøvenlege løysingar, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Døme på innsats kan vere arbeid som reduserer utsleppa av klimagassar, betrar vasskvaliteten eller anna type klimatilpassing og -omstilling. Klima- og miljøprisen for landbruket er på 30 000 kr.

Ros, motivasjon og inspirasjon      

Den overordna klima- og miljøprisen til Vestland fylkeskommune blir delt ut kvart år og blir i 2022 delt ut for tredje gong. Dei to første prisvinnarane var Bergen Havn og Invertapro AS på Voss. Prisen skal vise fram og honorere det gode klima- og miljøarbeidet som går føre seg i heile fylket.

– Vi skal bli eit nullutsleppsfylke innan 2030, og då må vi jobbe saman og på tvers. Klima- og miljøprisen skal både gje heider og ære til nokon som har gjort ein god innsats. Samstundes skal han motivere og inspirere andre til vidare arbeid for ei grøn framtid i Vestland, seier fylkesordføraren.

Klima- og miljøprisen er på 70 000 kr.

Nominer innan 28. februar

Alle som ønskjer kan nominere kandidatar, og nominasjonsfristen er 28. februar.

Gode kandidatar til prisane er dei som har talent og viser kreativitet og evne til nyskaping. Vestland fylkeskommune er særleg oppteken av at prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med ei klimaomstilling av Vestland. Prisane skal også motivere til vidare innsats for å nå målet om netto nullutslepp i 2030.

I skjemaet for å nominere nokon til klima- og miljøprisen kan du huke av i ein boks dersom kandidaten også er aktuell for klima- og miljøprisen for landbruket.