Nominer nokon til den første klima- og miljøprisen i Vestland

Du kan nominere personar, lag, organisasjonar og verksemder som har utmerka seg innanfor klima- og miljøvernarbeid det siste året eller over tid. Fristen for å nominere kandidatar er 28. februar. Prisen er på 70 000 kr.

barn resirkulerer
Foto: Eric Sadorge

Klima- og miljøprisen skal heidre einskildpersonar, lag, organisasjonar og verksemder, som har utmerka seg innanfor klima- og miljøvernarbeid anten det siste året, eller som har vist god innsats over tid. Prisen skal femne breitt. Vestland fylkeskommune kan kvart år dele ut ein klima og miljøpris på 70 000 kr og tilhøyrande diplom.

Føremålet med prisen er å synleggjere og honorere det gode klima- og miljøarbeidet i fylket.

Vi ynskjer å løfte fram dei gode døma, dei som viser veg, dei som motiverer andre, dei som nyttar!

Klima- og miljøprisen kan gå til personar, verksemder, lag og organisasjonar som

  • høyrer heime i fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv klima- og miljøinnsats ut over det vanlege
  • har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping

Vi er særleg opptekne av at prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med ei klimaomstilling av Vestland og motivere til vidare innsats.

– Vi har mange gode døme på klima- og miljøtiltak, som viser att i stort og smått. Fellesnemnaren for vellukka klima- og miljøarbeid er haldningar og vilje til å ta grep. Vi ynskjer med klima- og miljøprisen å løfte fram dei gode døma, dei som viser veg og dei som motiverer andre, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Nominasjonsfristen for 2020 er 28. februar. Alle kan sende inn nominasjon til klimaogmiljopris@vlfk.no, og e-posten skal merkast med «Nominasjon klima- og miljøpris 2020 (2020/409)». Alle nominasjonar vert offentleggjort etter vedtak av prismottakar.

I nominasjonen din må du få med

  • kven du ynskjer å nominere til klima- og miljøpris? (lag, organisasjonar, verksemd eller person(ar))
  • kvifor du nominerer akkurat denne personen, organisasjonen, verksemda eller dette laget (berre grunngjevne kandidatar vert vurderte av innstillingsnemnda)
  • kontaktopplysningar til deg sjølv, dersom vi treng meir informasjon om nominasjonen din (namn, e-post og telefonnummer)

Nominasjon kan også leverast via post til Vestland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen. Merk nominasjonen med «Nominasjon til klima- og miljøpris 2020 (2020/409)».

Ei innstillingsnemnd utpeika av fylkesutvalet, og ein representant utpeika av Vestland ungdomsutval, vurderer og innstiller kandidat(ar) til klima- og miljøprisen. Det er opp til utvalet om dei vil fremje eigne kandidatar eller velje mellom dei innkomne framlegga. Fylkesrådmannen ved klimakoordinatoren er sekretariat for nemnda.

Fylkesutvalet avgjer om prisen skal delast ut, og kven som skal få han, basert på innspel på kandidat(ar) frå innstillingsnemnda. Dersom klima- og miljøprisen vert delt ut til fleire personar, skal prissummen fordelast på mottakarane. Dersom prisen vert delt ut til ein person som blir heidra gjennom sitt arbeid i eit lag eller ein organisasjon, går premiesummen til organisasjonen. 

Tildelinga av klima- og miljøprisen vert offentleggjort når fylkesutvalet har gjort vedtaket sitt. Utdelinga skjer i samband med det første fylkestingsmøtet etter vedtaket er gjort. Grunngjevinga frå fylkesutvalet vert presentert av fylkesordføraren, som også står for sjølve utdelinga

Leiar: Marthe Hammer (SV)

Medlem: Morten Klementsen (FNB)

Medlem: Natalia Golis (MDG)

Medlem: Sofie Krumsvik (representant for Vestland ungdomsutval)

Varamedlem: Svein Halleraker (H)