Klima- og miljøprisen 2021 går til Invertapro AS

Insektprotein, larvesnack, nye arbeidsplassar og sirkulærøkonomi er stikkord når Vestland fylkeskommune i dag har delt ut sin andre klima- og miljøpris.

foto av dei tilsette i bedrifta Invertapro på Voss då dei var samla for å ta imot klima- og miljøprisen 2021.
FEKK PRIS: Dei tilsette i Invertapro AS var samla i lokala sine på Voss for å ta imot klima- og miljøprisen 2021 under det digitale fylkestinget 17. juni. (Foto: Invertapro AS)

Invertapro AS held til på Voss, og forretningsideen deira er å lage insektprotein ved å gjere om lokalt, organisk avfall til verdifullt, høgverdig dyrefôr, blant anna til oppdrettsnæringa. I tillegg produserer dei plantegjødsel og insekt som snacks.

– Vi er overlykkelege over å få klimaprisen! For oss betyr det mykje at arbeidet vi gjer innan sirkulærøkonomi og lokal, innovativ matproduksjon blir sett som viktig. Vi trur framtida må vere sirkulær, og denne prisen gir ekstra giv til å gå så fort vi kan frå teori til praksis, seier prisvinnarane med dagleg leiar Alexander Solstad Ringheim i spissen.

Frå ord til handling

– Det skjer utruleg mykje spanande i Vestland, og det såg vi også i nominasjonane til årets klima- og miljøpris. Det er kjekt å dele ut denne prisen dagen etter at vi vedtok ein eigen regional plan for berekraftig verdiskaping. Invertapro AS viser at dei går frå ord til handling, og skaper framtidsretta arbeidsplassar i Vestland. Her nyttar ein avfallsressursar til fôrproduksjon, og produkt som kan lagast av det som tidlegare har blitt sett på som boss. Dette er kjekt! seier fylkesordførar Jon Askeland.

Prisen vart delt ut under det digitale fylkestinget 17. juni 2021. Prisen er eit diplom og 70 000 kr.

Nyttar avfall som ressurs

Klima- og miljøprisen til Vestland fylkeskommune blir delt ut ein gong i året og kan gå til einskildpersonar, lag, organisasjonar og verksemder som har utmerka seg innan klima- og miljøarbeid. Marthe Hammer leiar innstillingsnemnda til prisen og las opp grunngjevinga under tildelinga.

– Vestland skal bli det leiande verdiskapingsfylket, der vi både er nyskapande og berekraftige. Difor går årets klima- og miljøpris til ei næringsverksemd som er begge desse tinga. Ei verksemd som nyttar avfall som ein ressurs, og med det skapar nye arbeidsplassar, samtidig som dei bidreg inn i klima- og miljøarbeidet, seier Hammer.

Scenarioanalysen Vestland fylkeskommune fekk laga i fjor haust peikar blant anna på at for å lukkast med klimaomstilling av Vestland må vi vekk frå lineære modellar med bruk og kast og over til ein sirkulær kvardag.

Til inspirasjon for andre

– Forretningsmodellen til Invertapro er eit godt døme på sirkulærøkonomi, og eit viktig arbeid i åra som kjem, blant anna på grunn av strengare reglar knytt til handtering av avfall. Insektproduksjonen kan vere ein viktig del av avfallsløysinga, slår Hammer fast.

Invertapro bidreg også til nytenking når det gjeld korleis vi skal brødfø kloden i framtida.

– Vi et truleg ikkje same mat om 50 år som vi gjer i dag. Invertapro kan bidra til framtidige matvarer, som er både berekraftige og sunne. Larvar kan vere eit godt alternativ for å få i seg protein og andre viktige næringsstoff. Og larvane et det vi elles omtalar som avfall. Invertapro er eit godt døme på ei verksemd som kan vere til inspirasjon for andre i arbeidet med å klimaomstille Vestland, seier ho.

Fjorårets klima- og miljøpris gjekk til Bergen Havn.