Det handlar om meir enn å bli mett i skulekantinene

Livet og maten i kantina er ein viktig del av skulekvardagen for elevane på dei vidaregåande skulane. Ceviche, heimebakst og smoothiebar har revolusjonert kantina i Stryn.

foto frå samling i kantine på vidaregåande skule
INSPIRASJON: Over 50 tilsette i skulekantiner over heile fylket var samla på Voss i forkant av det nye skuleåret. Dei delte erfaringar og inspirerte kvarandre til korleis dei kan gjere den viktige skulekantina endå betre. (Foto: Lene Omdahl/Vestland fylkeskommune)

– Kantinedrift betyr mykje meir enn sal av mat til elevane, og måltidet handlar om meir enn det å bli mett. Kantina påverkar kva forhold dei unge får til mat, og her møter dei nokon som ikkje skal setje karakter på dei, seier Sissel Øverdal, områdeleiar i avdeling for opplæring og kompetanse.

I forkant av det nye skuleåret var over 50 kantinetilsette samla på Voss for å gje kvarandre tips og råd før elevane kom tilbake. Dei vart kjende med rettleiingstenesta Matvalget og fekk høyre erfaringar frå dei pilotskulane i prosjektet Berekraftige, sunne kantiner: Voss og Stryn vidaregåande skular. Frå i haust blir fire nye skular med i kantineprosjektet: Fitjar, Knarvik og Dale vidaregåande skular, i tillegg til Manger folkehøgskule.

foto av Jan Magne Grastveit i Matvalget som lagar mat
DEMONSTRASJON: Jan Magne Grastveit i rettleiingstenesta Matvalget synte deltakarane på samlinga korleis dei enkelt kan lage heimelaga aioli, som dei så fekk smake saman med belgfrukter og grønsaker. (Foto: Lene Omdahl/Vestland fylkeskommune)

Ceviche og smoothiebar i Stryn

I Stryn har dei gjort fleire endringar sidan dei vart med i prosjektet i 2020, og Jon og Recheal delte villig vekk erfaringane med kantinekollegaer frå heile fylket. No bakar dei alt av bakevarer sjølve, og dei bakar grovt. Dei har også laga ein eigen smoothiebar og gjort smoothien vesentleg billegare enn brus. Smoothiesalet har gått opp, og brussalet har gått ned. Ein annan suksess har vore ceviche i salatbaren, noko dei omtalar som ein vellukka måte å bruke meir fisk på.

– Det er lett å halde fram som ein alltid har gjort, men gode innspel frå Matvalget har gjort at vi har endra drifta. God dialog og godt samarbeid med skuleleiinga er også viktig. Kantina er ein viktigare del av skuledrifta no enn tidlegare, seier Jon.

foto for samling for tilsette i skulekantiner
STRYN: I kantina ved Stryn vidaregåande skule har Jon og Recheal gjort grep for å drive sunnare, meir berekraftig og økologisk. Heimebakte brødvarer er ein viktig del av det, mykje takka vere bakaren Jon. (Foto: Lene Omdahl/Vestland fylkeskommune)

Økologiske og ureist på Voss

På den andre pilotskulen, Voss vidaregåande skule, står samarbeid, og det å nytte ressursane, kompetansen og grønsakene som alt finst på skulen i sentrum. Dei har etablert eit «trekantsamarbeid» mellom kantina og utdanningstilboda naturbruk og restaurant og matfag. Slik blir kantineprosjektet også del av sjølve undervisninga.

– Målet er at kantina skal vere ein sosial og attraktiv møteplass for elevane. Der skal dei få mest mogleg god, heimelaga mat, laga av berekraftige råvarer og ureist mat frå landbruksproduksjonen ved skulen. Vi vil også bruke mest mogleg råvarer som er i sesong, oppsummerer kjøkensjef Geir Helge.

Kantina har auka forbruket av økologiske varer frå 2 til 19 prosent, og dei bakar også der meir enn tidlegare.

foto av to personar som har hausta grønsaker
UREISTE GRØNSAKER: Delar av lunsjen til samlinga vart henta i åkeren på skulegarden på Voss vidaregåande skule. Samarbeidet med skulegarden har vore ein viktig del av prosjektet Berekraftige, sunne kantiner. (Foto: Lene Omdahl/Vestland fylkeskommune)

Les meir om kantineprosjektet i artikkelen Klimavenlege tiltak for ei grøn skuleframtid i klimamagasinet Klimakappløpet mot 2030. Den grøne leiartrøya.

Motiverande med elevar som kundar

Lene Omdahl er prosjektleiar, og framhevar korleis måltidet kan foreine mange viktige tema i skulekvardagen. Det handlar om berekraft i form av ernæring og kosthald, bevisste val av råvarer og reduksjon av matsvinn. Men det handlar også om trivsel og sosialt fellesskap.

– Det er noko ekstra motiverande med at kunden er elevar. Det er ungdomar som skal byggje gode vaner desse skuleåra, som dei så skal ta med seg vidare i livet. Det understrekar den viktige rolla til kantina og alle som jobbar der, seier Omdahl.

foto frå samling for kantinetilsette ved dei vidaregåande skulane
MATSVINN: Korleis kutte matsvinn er ein vesentleg kunnskap for berekraftige kantiner. Mona Nilsen i Norsk institutt for bærekraftsforskning (NORSUS) oppmoda om å minimere matsvinnet frå kjøken og kantine gjennom gode råd for planlegging av innkjøp, bruk av restar, rett lagring av mat og ikkje minst måling av matsvinnet. (Foto: Lene Omdahl/Vestland fylkeskommune)

Berekraftsmåla i kantinene

Som del av skulane, har kantinene på dei vidaregåande skulane høve til å bidra til folkehelse, livsmeistring og berekraft i praksis. Opplæring i og bevisstgjering om berekraftsmåla til FN er også ein viktig del av kantineprosjektet, i og med at maten vi produserer og et har betydning for fleire av måla.

Matvalget er ein viktig samarbeidspart for Vestland fylkeskommune i kantineprosjektet. Det er ei rettleiingsteneste for offentlege storhushaldningar, som jobbar med endringsprosessar for å auke måltidsglede og -kvalitet. Les meir på matvalget.no.

foto av inspirasjonsbonde Turid Haga Vange
INSPIRASJONSBONDE: Turid Haga Vange fortalde om den økologiske gardsdrifta si i Vik i Sogn. Drifta omfattar både mjølke- og kjøtproduksjon, og Vange la vekt på at sjølv om økologisk drift er meir arbeidskrevjande, er det ein viktig motivasjon at ein tek betre vare på naturen og sikrar at ein ikkje mistar artar av insekt og plantar. (Foto: Lene Omdahl/Vestland fylkeskommune)