elevar i parcellhage
KORTREIST: – Det er lettare å bruke grønsaker når vi slepp å kjøpe dei, meiner elev Thomas Myklebust. I staden for å kjøpe meir enn dei treng på butikken, kan elevane plukke med seg så mykje dei vil frå plantekassane på skulen. Foto: Birthe Johanne Finstad, Vestland fylkeskommune.

Klimavenlege tiltak for ei grøn skuleframtid

Då rektoren ved Firda vidaregåande skule oppdaga fire elevar med hovudet nedi parsellhagen vart han glad. Plantekassane og berekraftige kantiner er to av mange klimaprosjekt ved dei vidaregåande skulane i Vestland.

Langs vegen som går opp til den gamle trebygningen som tidlegare var Firda gymnas, der det før var ein grøn plen, veks det no grønsaker og blomar.

– Vi har fått ei kjempeavling i plantekassane våre, og både elevar og lærarar kan forsyne seg med det dei vil ha. Det er veldig kjekt å sjå at det blir brukt, seier rektor Hallgeir Hansen.

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".

Legg til rette for medvitne miljøval

Parsellhagar er berre eitt av fleire ønske som kan gå i oppfylling med pengar frå Vestland fylkeskommune.

– Fylkeskommunen vil legge til rette for at tilsette kan gjere medvitne miljøval innan innkjøp, energi, transport og avfall. Difor lyser vi ut miljøtilskot til fordeling mellom lokale miljø- og klimatiltak i dei vidaregåande skulane, gjerne til tiltak i skulen sin eigen lokale miljøhandlingsplan, fortel Lene Omdahl og Karen Louise Nybø, som er klima- og miljøkoordinatorar i fylkeskommunen.

to damer med plasavfall
DELER UT PENGAR TIL MILJØTILTAK: Karen Louise Nybø og Lene Omdahl er klima- og miljøkoordinatorar i fylkeskommunen. Dei fordeler interne klima- og miljømidlar til gode tiltak i heile Vestland fylkeskommune. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

13 vidaregåande skular har fått til saman 554 000 kr i interne klima- og miljømidlar i 2021. 20 vidaregåande skular er sertifiserte som Miljøfyrtårn, og minst ti skular til er klare til å starte ei kartlegging for å systematisere klima- og miljøarbeidet sitt. Lene og Karen Louise håpar dette fører til fleire utviklingstiltak og søknadar neste år, gjerne også med søkjelys på naturmangfald.

– Dei vidaregåande skulane i Vestland er opptekne av klima og miljø i undervisninga, og å finne meir berekraftige løysingar i kvardagen, slår dei fast.

Klima- og miljømidlar til skulane

Dei vidaregåande skulane til Vestland fylkeskommune kan få støtte til ei rekke ulike tiltak og prosjekt. Nokre døme:

  • Dale vgs. har fått tilskot til elektriske motorsager til bruk i undervisninga.
  • Nordahl Grieg vgs. har fått støtte til klekkeskap for dronningbier.
  • Årdal vgs. har, etter initiativ frå elevane, fått støtte til å legge til rette for at fleire elevar skal bruke utearealet ved skulen.
  • Osterøy vgs. har fått støtte til nye avfallsstasjonar.
kasting av ledninger
EL-AVFALL. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

20 000 kr til parsellhage

Parsellhagen i pallekarmane på Firda vgs. på Sandane er ny av året. Opphavskvinne og idémakar er lærar Ingvild Helle Bolstad. Det var ho som fekk med seg utlysinga av klima- og miljømidlane til dei vidaregåande skulane i Vestland fylkeskommune.

– Eg har sett på skuleplassen tidlegare, og tenkt at her treng vi blomstring og biologisk mangfald. Rektor var med på ideen, og vi sende ein søknad. Så sette vi i gang, faktisk før vi fekk dei 20 000 kr vi søkte om, fortel Ingvild, som frå før av var over gjennomsnittleg interessert i hage og grønsaksdyrking.

Ho fekk med seg naturfags- og biologiklassar i arbeidet med å etablere parsellhagen. Utgangspunktet var at det skulle vere berekraftig. Pallekarmane kjøpte dei frå ei lokal bedrift, og dei fekk kompost frå eit kompostanlegg i nærheita.

elever i parcellhage
MELLOMMÅLTID: I plantekassane kan elevane plukke blant anna sukkererter, anten til eit ørlite grønt mellommåltid gjennom skuledagen, eller til å ta med heim. Amathea Brown (t.v.) og Sara Gjelsvik er nøgde. Foto: Birthe Johanne Finstad, Vestland fylkeskommune.

Berekraft og forbruksmakt

Det var då dei skulle kjøpe inn jord at dei støytte på utfordringar, noko som kom til nytte i undervisninga.

– Biologiklassen var med ut til hagesenteret. Vi ville helst ha jord utan torv, men enda opp med å måtte bruke noko torv på grunn av få alternativ. Då lærte vi i same slengen om kvifor det er dumt med torv, kva alternativ vi har, og korleis vi kan vere gode forbrukarar når marknaden ikkje har dei berekraftige alternativa vi vil ha, fortel læraren.

Torv er laga av myrområde og fører med seg utslepp av klimagassar som til dømes CO2.

elever i parcellhage
DYRKING I UNDERVISNING: Lærar Ingvild Helle Bolstad (t.h.) tok initiativ til parsellhagen og har brukt dyrkinga i undervisninga i både biologi og naturfag. – Eg er engasjert i hagearbeid og grønsaksdyrking og tykkjer det er kjekt å få bruke den sida av meg sjølv også i undervisninga, fortel ho. Foto: Birthe Johanne Finstad, Vestland fylkeskommune.
Logo til FNs berekraftsmål 4

FNs berekraftsmål 4.7

Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning i berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremjing av freds- og ikkjevaldskultur, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og det bidraget kulturen gjev til berekraftig utvikling.

Betre enn på butikken

– Det er lettare å bruke grønsaker når vi slepp å kjøpe dei, meiner elev Thomas Myklebust.

Han er ein av rundt 160 elevar ved skulen som bur på hybel.

– Vi kan ta med nokre blad grønkål frå plantekassane i staden for å kjøpe mykje meir enn vi treng i ein stor pakke på butikken. Og gulrøtene her smakar mykje betre enn dei i butikken, sjølv om dei kanskje ikkje ser så bra ut, smiler han.

Andre favorittar for både han og medelevane Helena, Amathea og Sara er sukkerertene, tomatane, grasløken og ruccolaen. Og dei smiler endå breiare når dei høyrer rektor sine planar om å utvide grønsakshagen med eple- og plommetre.

salathode
RAUDKÅL PÅ FIRDA VGS: Foto: Birthe Johanne Finstad, Vestland fylkeskommune.

Fakta: Parsellhagen

Elevar og tilsette kan forsyne seg fritt i parsellhagen. Og dei har mykje å velje mellom:

Rips, blåbær, potet, jordskokk, ulike typar kål, persille og andre urter, løpestikke, fleire typar løk, rødbet, gulrot, squash, sukkererter, tomat, mynte, graskar, ruccola og grønkål. Og noko til. Og blomster – solsikke og blomkarse, blant anna.

Sykkelparkering balla på seg

Ein annan skule som har fått klima- og miljømidlar er Austevoll vidaregåande skule. I 2020 og 2021 har dei saman med fagskulen fått til saman 450 000 kr.

– Det starta med eit spørsmål frå ein av dei tilsette om vi hadde noko god sykkelparkering. Så såg driftsleiar og eg at vi trengde meir plass for avfallssortering. I tillegg bur vi på ei øy og hadde bruk for elbillading for folk som kom på besøk, fortel Kjersti Engelsen Sandtorv, som er miljøansvarleg på skulen.

Sidan spørsmålet om sykkelparkering kom, har prosjektet utarta. Austevoll vgs. og eigedomsseksjonen i fylkeskommunen har samarbeidd. Dei har både sprengt og bygt og fått på plass eit kinderegg av eit bygg.

Nybygget husar no sykkelparkering, elbillading og ei reiskapsbu. Sistnemnde har frigjort plass i avfallsbua, som tidlegare også husa mykje reiskapar. No er avfallsbua berre avfallsbu, og nytt sorteringssystem er på plass.

«Det får vi til»

Men dei gjer meir enn å plante og bygge, dei vidaregåande skulane i Vestland. To av dei, Stryn vgs. og Voss vgs., er pilotskular i prosjektet Berekraftige, sunne kantiner.

Mann med bakarmaskin
BAKAR-JON: Jon Myklebust er bakar og kantineansvarleg ved Stryn vidaregåande skule. Han er svært nøgd med at skulen har investert i ein del nytt utstyr til bakeriet og bakar no så godt som all brødmat til kantina sjølv. I tillegg får tilsette ved skulen kjøpe med brød heim. Foto: Birthe Johanne Finstad, Vestland fylkeskommune.

Og i Stryn har kantineansvarleg og opphavleg bakar Jon Myklebust nettopp bestilt genserar med teksten «Det får vi til» til seg og kantineassistent Recheal. Han er begeistra over å vere del av prosjektet.

– Skulen har lagt godt til rette og investert i nytt utstyr, særleg i bakeriet. No bakar vi 95 prosent av alle bakarvarene våre sjølve. Vi brukar økologisk mjøl og bakar så grovt vi vil, for at maten skal vere mettande. I staden for å kjøpe pizzabotnar frå grossist til 30 kroner stykke, så lagar vi dei sjølve. Då kostar dei tre kroner, fortel han.

to jenter henter mat fra kantineskap
STOR SKILNAD: Merkar elevane at Jon to ettermiddagar i veka etter kantina er stengt, lagar foccacia, ciabatta, baguettar, horn, brød og anna? – Dei baguettane lagar sjølv no? seier vg3-elevane Lene Øyaland Egset og Mina Flo Håvik spørjande. – Og så er det meir grønsaker i dei enn før. Vi merkar stor skilnad. Baguettane er veldig gode, slår dei to fast. Foto: Birthe Johanne Finstad, Vestland fylkeskommune

Populær salatbar

Andre stikkord for å bli ei sunnare og meir berekraftig kantine er mindre kjøt og meir belgvekstar og fisk. I tillegg er den varierte og rikhaldige salatbaren essensiell. Der er blant anna hummus, økologiske, kortreiste egg frå Hyen og heimelaga, sylta raudløk faste innslag.

– Mange seier salatbaren her er betre enn på matvarebutikkane. Før var det fleire som gjekk på butikken. No går dei heller i kantina i lunsjen, fortel elevane Lene Øyaland Egset og Mina Flo Håvik.

plakat
LYKKE. Foto: Birthe Finstad, Vestland fylkeskommune.
salatbar
POPULÆR SALATBAR. Foto: Birthe Finstad, Vestland fylkeskommune.

Og med fire daglegvarebutikkar i nokre få hundre meters avstand frå skulen, er dei ein vesentleg konkurrent. Det er litt difor dei framleis sel cola i kantina. For om elevane stikk på butikken for å kjøpe det, så kjem dei kanskje att med fleire (og gjerne meir usunne) varer derifrå. Jon tilbyr i staden heimelaga smoothie som eit alternativ til colaen.

Kjøtkaker med bønner

På kjøtfronten er det kjøtkakene og tacokjøtdeigen det har «gått ut over». Sist han laga kjøtkaker, blanda Jon fem kilo kjøtdeig med tre kilo kidneybønner.

– Slik får vi ned forbruket av raudt kjøt. Bønnene er økologiske, elevane får i seg proteina dei treng og merkar ikkje skilnad. Vi gjer det same med tacokjøtdeigen når vi serverer det, seier han.

Fisk er vanskelegare.

– Det går betre om vi ikkje skriv fisk, men lagar til dømes paella. Vi hadde også fish and chips nyleg. Det gjekk ganske bra, og vi jobbar med å auke fiskeforbruket, seier han.

Logo til FNs berekraftsmål 12

FNs berekraftsmål 12.2

Innan 2030 oppnå berekraftig forvaltning og effektiv bruk av naturressursar.

Samanheng mellom teori og praksis

Baking, ein solid salatbar og mindre raudt kjøt er som musikk i øyrene til Leif Magne Grastveit, som er mat- og miljørettleiar i Matvalget. Den ideelle rettleiingstenesta hjelper både Stryn og Voss vgs. med å gjere kantinene meir både sunne og berekraftige.

– Stikkorda vi framhevar er å lage mat frå botnen av, å bruke meir grønsaker, belgvekstar og korn, å tenke sesong og gjere bevisste val av kjøt og sjømat. I tillegg er vi opptekne av å kutte matsvinnet og å tenke økologisk. Leif Magne Grastveit, mat- og miljørettleiar
kokk bærer kasse med grønsaker utandørs
Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Han er oppteken av at elevane skal oppleve ein samanheng mellom det dei lærer teoretisk i klasserommet, det dei ser rundt seg på skulen, og kva kantinene serverer og brukar pengar på.

Heilskap, samanheng og kunnskap

På Stryn vgs. er Jon i kantina glad for å ha hatt besøk av Leif Magne.

– Det er bra med dette prosjektet. Vi har ikkje fått det tredd nedover hovudet. I staden kjem det ein fagperson ut til oss og hjelper oss i gang. Det er vanskeleg å endre vanar, og korleis ein pleier å gjere noko, men Leif Magne har gitt oss konkrete råd om korleis vi skal jobbe, fortel han.

Sjølv er mat- og miljørettleiaren oppteken av heilskap og samanheng – og fagkunnskap.

– Alt heng veldig saman på eit kjøken. For å redusere matsvinn må vi vite korleis vi skal bruke restane til noko fornuftig. Vi må vite at det framleis er trygt å ete dei. Vi må kjenne sesongane for å forlenge levetida til råvarene. Det er viktig å sjå samanhengane for at totalen skal bli bra. Der vil vi bruke fagkompetansen på skulen – til kokkar og bakarar. Dei skal levere mat dei er stolte av, slår han fast.

I Stryn fortel Jon at matsvinnet i kantina er nesten ikkje-eksisterande. Til dømes: Risrestar går i frysaren. Så blir dei tekne oppatt og steikte saman med grønsaker og serverte i salatbaren seinare ein gong.

Logo til FNs berekraftsmål 12

FNs berekraftsmål 12.3

Innan 2030 halvere matsvinn per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarar, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeda, inkludert svinn etter innhausting.

Heimelaga og ureist på Voss

Siste veka i september tok Leif Magne turen til Voss vgs.. Der jobba han i tre dagar saman med kjøkensjef Geir Helge Kristoffersen og andre for å vidareutvikle kantina i ein sunn og berekraftig retning.

På Voss står samarbeid og det å nytte ressursane, kompetansen og dei sjølvdyrka grønsakene som alt finst på skulen, i sentrum. Dei har etablert eit «trekantsamarbeid» mellom kantina og utdanningstilboda naturbruk og restaurant- og matfag. Slik blir kantineprosjektet også del av sjølve opplæringa.

to menn og grønnsaker
UREIST: Leif Magne Grastveit (t.v.) i Malvalget har besøkt både Styn og Voss vgs. fleire gonger for å rettleie dei i kantineprosjekta. Han er oppteken av å bruke meir grønsaker og tenke sesong, noko skulegarden og grønsaksproduksjonen på Voss er eit stort bidrag til. Her inspiserer han ureiste grønsaker saman med kjøkensjef Geir Helge Kristoffersen. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

– Målet vårt er at kantina skal vere ein sosial og attraktiv plass for elevane – med mest mogleg god heimelaga mat, laga av berekraftige råvarer og ureist mat frå landbruksproduksjonen ved skulen. Vi vil også bruke mest mogleg råvarer som er i sesong, oppsummerer kjøkensjef Geir Helge.

Attraktiv og framtidsretta

Rektor Svein Inge Styve er med på laget, og fortel at prosjektet om berekraftige og sunne kantiner heng saman med sjølve visjonen til skulen: attraktiv og framtidsretta.

– Utgangspunktet er at kantina vår er ein svært sentral del av drifta til skulen og kanskje det viktigaste møtepunktet for elevane vår. Difor hadde vi – og har vi framleis – eit ønske om både å gjere kantina meir attraktiv og ikkje minst tilby eit berekraftig og sunt mattilbod der, fortel rektoren.

På rett spor

Men kva ligg bak visjon og mål, og bak koking, baking, kjøtkaker med bønner og grønsaker frå eigen åker?

Både i Stryn og på Voss brukar dei innkjøpsstatistikken sin for å kome vidare i prosjektet.

– Gjennom innkjøpsstatistikken ser vi kva som er status for kantina når det gjeld berekraft, lokalproduserte produkt, og kva vi tilbyr av sunne produkt. Vi ser at på det året vi har vore med i prosjektet, så har vi kome på rett spor, men at vi framleis har eit stykke igjen, seier kjøkensjefen.

foto av to menn i åker med grønkål
GRØNKÅL: I kantina frå Voss er målet å servere mat av berekraftige råvarer frå skulen sin eigen landbruksproduksjon. Då kjem den bugnande grønkålavlinga til god nytte. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune