Er du klar til skulestart?

Måndag 15. august er første skuledag for elevar på dei vidaregåande skulane i Vestland. Her har vi samla nyttig informasjon til skulestart.

Møt opp første dag

Det er viktig at du møter opp til skulestart der du har fått tilbod om skuleplass. Elevar som ikkje møter opp mistar tilbodet, og skuleplassen går då vidare til andre søkjarar.

Når skal du møte opp første skuledag?

Informasjon om klokkeslett og oppmøtestad første skuledag finn du på nettsida til skulen din.

Her finn du oversikt over alle dei vidaregåande skulane til Vestland fylkeskommune.

Kan eg framleis kome inn der eg vil?

Dei vidaregåande skulane har no lister over ledige plassar.

Her er ei oversikt over ledige skuleplassar per 11. august (etter 3. inntaksomgang).

Ta direkte kontakt med den enkelte skule dersom du ønskjer plass på eit ledig tilbod. Merk at denne lista blir ikkje oppdatert.

PC til skulestart

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan bruke eiga maskin, kjøpe i butikk eller kjøpe ein rimeleg PC gjennom elev-PC-ordninga til Vestland fylkeskommune.

Les meir om elev-PC, og korleis du bestiller her.

Visma inSchool

Visma inSchool er det skuleadministrative systemet til Vestland fylkeskommune. Det betyr at det er her du blant anna finn timeplanen din, merknadar, vurderingar og karakterar. Det er også her du melder frå fråvær, søkjer om fritak m.m.

Les meir om korleis du brukar Visma inSchool som både elev og føresett her.

Fråvær

Det er nasjonale reglar for fråvær i vidaregåande opplæring. Du kan lese alt om fråvær på nettsida til Utdanningsdirektoratet.

Du melder frå om fråvær i Visma inSchool.

Skuleskyss

Skyss har ansvar for skuleskyssen i Vestland fylke. Du kan lese meir om skuleskyssordninga for elevar vidaregåande opplæring, og korleis du søkjer om skuleskyss på nettsida til Skyss.

Lån og stipend

Som elev i vidaregåande skule kan du søkje lån og stipend i Statens lånekasse for utdanning. Dei fleste får berre utstyrsstipend, men nokre får også bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend. Fristen for å søkje utstyrsstipend er 15. november.

Les meir om lån og stipend på lånekassen.no.

Skuleferiar og fridagar

Lurer du på når det er haustferie, vinterferie, juleferie og påskeferie? Og ikkje minst kva som er siste skuledag før sommarferien i 2023?

Du finn skuleruta for skuleåret 2022/23 her.

Hjelp og støtte i skulekvardagen

Dersom du treng nokon å snakke med om utfordringar i skulekvardagen, har skulane fleire typar rådgjevarar som kan hjelpe deg. Du finn informasjon om dette på nettsidene til kvar enkelt skule.

Her finn du oversikt over alle dei vidaregåande skulane til Vestland fylkeskommune.

Vestland fylkeskommune har også andre tenester som skal vere til hjelp og støtte for både elevar og lærlingar.

Her har vi samla informasjon om ulike hjelpe- og støttetenester.

Er du føresett til nokon som startar vidaregåande opplæring i haust?

Det kan vere vanskeleg å finne fram i jungelen av informasjon og søking og inntak. Vi har difor samla det viktigaste du som føresett treng å vite på denne sida.