Søk tilskot til å utvikle større regionale samarbeidssøknader til nasjonale og internasjonale ordningar innan berekraftig verdiskaping

Utlysinga for 2022 er avslutta. Innan slutten av februar 2023 vil det bli avklart om det vert ulyst ut midlar i 2023. Merk at innretninga på tilskotsordninga kan bli endra

Det krev tid og ressursar å utvikle gode prosjekt som kan nå opp i konkurransen i nasjonale og internasjonale ordningar. Prosessen med å finne dei rette norske og internasjonale partnarane og utvikle prosjektet, må ofte starte før støtteordningane er lyst ut offisielt.

Målet med utlysinga er å stimulere til at større regionale samarbeidsinitiativ i Vestland får støtte frå nasjonale og internasjonale ordningar. Samarbeidsinitiativa skal bidra til realisering av Handlingsprogram 2022-2025 for berekraftig verdiskaping og Temaplan forsking for Vestland.

Døme på ordningar:
Grøn plattform og Horisont Europa. Andre ordningar som er venta å opne for søknader i 2023 kan vere aktuelle; Kapasitetsløft, Sentre for forskingsdriven innovasjon (SFI), Forskingssenter for miljøvenleg energi (FME) og Norwegian Innovation Clusters (NIC).

  • Midlane skal vere utløysande for å etablere og styrke samarbeidsrelasjonar eller nye perspektiv i søknadsprosessen.
  • Søkjar vil bli beden om å ha dialog om utvikling av prosjektet med Vestland fylkeskommune og den regionale partnarskapen, som til dømes FoU-forum Vestland og Horisont Vestland
  • Utlysinga gjeld ut 2022 eller inntil midlane er brukt opp

Kven kan søkje

Dei som kan søkje er forskingsinstitutt, universitets- og høgskuler, bedrifter, bedriftsorganisasjonar og kommunar i Vestland fylke. Søkjar må ha norsk organisasjonsnr. og har verksemd i Vestland fylke.

Spesielt for søknadsinitiativ til Grøn plattform

Berre søkjarar som har sendt inn skisse til Forskningsrådet i 2022 kan sende inn søknad.  Forskingsrådet si tilbakemelding på skissa er obligatorisk vedlegg til søknaden.

Spesielt for søknadsinitiativ til EU-program

Det kan ikkje søkjast om støtte til aktivitet som kan bli dekka gjennom Forskingsrådet si ordning PES Horisont Europa – Støtte til prosjektetablering og posisjonering. 

Kva kan du søkje støtte til

Kvar søknad kan få inntil kr. 100 000 i støtte. Midlane kan nyttast til å dekke personal- og indirekte kostnader for personar som skal arbeide med å utvikle ein søknad. Dette kan gjelde personar i eigen organisasjon eller som er ei kjøpt teneste for søkjar.

Statsstøtteregelverket vil gjelde for føretak,  Føretak vil få støtte etter den såkalla gruppeunnataksforordninga (GBER) eller reglane om bagatellmessig støtte. Desse reglane kan påverke omfang av støtte.

Forskingsorganisasjonar og kommunar vil kunne få støtte til sin ikkje-økonomiske aktivitet.

Slik søkjer du

  • Opprett søknad i regionalforvaltning.no - sjå lenke "Søk her". 
  • Utfylt søknadsskjema kan ikkje vere på meir enn 5 sider.

Vurdering og avgjerd

Innkomne søknadar vil bli vurdert fortløpande frå 1. august 2022. Avdelingsdirektør for innovasjon og næringsutvikling tek endeleg avgjerd om godkjenning av søknad. 

Dersom det kjem inn fleire søknadar innanfor ein kort tidsperiode, kan det bli aktuelt å sjå desse opp mot kvarandre i handsaminga for å sikre at den samla støtta bidreg til å nå måla for ordninga.

Basert på fylkeskommunen sine retningsliner for verkemiddelbruk vil desse kriteria særleg ligge til grunn for vurdering av søknadar:

Basert på fylkeskommunen sine retningsliner for verkemiddelbruk innan innovasjon og næringsutvikling vil desse kriteria særleg ligge til grunn for vurdering av søknadar:

Bidrag til å nå mål for utlysinga

Prosjekta skal bidra til at Vestland er det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. Søknaden må vere tematisk relevant og retta mot mål og føringar for ordninga. Det vil bli spesielt lagt vekt på initiativet sitt potensiale for å styrke og etablere samarbeid med relevante aktørar og nye perspektiv i søknadsprosessen.

Effekt over eit større geografisk område

Mindre prosjekt utan regional effekt eller overføringsverdi i form av tema eller metodeutvikling får normalt ikkje støtte.

Gjennomføringsevne

Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering og metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Prosjektsøknaden må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort.

Utløysande effekt

Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at prosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.