FoU-forum Vestland

FoU-forum Vestland skal stimulere til forsking som gir innovasjon for næringsliv og offentleg sektor i Vestland fylke. Forumet er samansett av representantar frå næringsliv, kommunal sektor, andre offentlege aktørar og forskingsorganisasjonar.

Ansvar og organisering

FoU-forum Vestland skal arbeide for å utvikle og iverksette forskingsfeltet i politisk vedtekne regionale planar og strategiar. Forumet skal legge til rette for regionalt koordinert aktivitet inn mot større nasjonale og internasjonale utlysingar av forskingsmidlar. Det skal vere ein arena for informasjons- og erfaringsutveksling, samarbeid om søknadsprosessar og gjennomføring av større prosjekt og satsingar. Det er spesiell merksemd på å auke samarbeid mellom forsking, næringsliv og kommunal sektor i fylket. Forumer skal fremje regionale mobiliserings- og finansieringsordningar innan forsking som FORREGION Vestland og Regionalt forskingsfond Vestland.

Regionalt FoU-forum er ikkje eit vedtaksorgan, men er organisert som ei arbeidsgruppe knytt til Næringsforum Vestland. Fylkeskommunen leiar forumet.

Aktuelle innsatsområde

FoU-forum Vestland arbeider for sterke regionale partnarskap bak søknader til større nasjonale og internasjonale utlysingar av forskings- og innovasjonsmidlar. Døme på dette er utlysing av Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), Grøn plattform, Kapasitetsløft i FORREGION programmet og større søknader til EU/Horisont Europa

Forumet samarbeider om digitale prosjektverkstader der dei som ønskjer søkje forskingsmidlar får opplæring og individuell rettleiing. Bedrifter, kommunar og  forskarar blir mellom anna kjend med verktøy som Forskingsrådet brukar i sine søknadsprosessar.

Forumet vil foreslå forskingspolitiske tiltak i fylket sin nye regional plan for innovasjon og næringsutvikling, samt korleis forsking kan verte meir utvikla som verktøy i regionale innovasjonsprosessar.

Følgjande organisasjonar deltek i FoU-forum Vestland med desse personane:

  • Sogn- og fjordane næringsråd: Arvid Andenæs
  • Næringsalliansen i Hordaland: Astrid Hårstad  
  • KS: Tom Gundersen   
  • Bergen kommune: Richard Taule          
  • Universitetet i Bergen: Benedicte Løseth                    
  • NORCE: Hans Kleivdal                                                
  • Vestlandsforsking: Øyvind H Larsen                    
  • Høgskulen på Vestlandet: Eirin Fausa Pettersen   
  • Innovasjon Noreg: Ingvild Andersen                    
  • Forskingsrådet regionalt: Merete Lunde, Rigmor Fardal
  • Statsforvaltaren i Vestland: Christian Rekkedal      
  • Vestland fylkeskommune: Jone Engelsvold, leiar FoU-forum,
    Siri Hansson, Randi Lotsberg