Horisont Vestland

Horisont Europa er EU sitt niande rammeprogram for forsking og innovasjon, med eit totalbudsjett på 95,5 milliardar euro.

Samfunnet vårt står ovanfor store utfordringar knytt til klima, energi, samfunnsutvikling og omstilling. Skal vi kunne løyse desse vil det være nødvendig med spesialkompetanse, kunnskap og ny kapital.

Fleire av desse problemstillingane treng ei tverrfagleg og tverrsektoriell tilnærming. Dette er i seg sjølv ei utfordring og krev nye samarbeidsformer. Europeiske samarbeidsprosjekt er eit av fleire verktøy Vestland fylkeskommune ønskjer å fremme for aktørane i Vestland.

Horisont Vestland

Horisont Vestland er eit regionalt samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, kommunane, næringsorganisasjonane, utdanning og forsking. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg og skal mobilisere til og støtte utvikling av prosjektsøknader til Horisont Europa for partnarar frå Vestland fylke.

Aktivitetane er forankra i Utviklingsplan for Vestland 2020-2024 og Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033 og skal bidra til å løyse samfunnsutfordringar med stor strategisk betydning for Vestland.

EU-rådgjevarforum

Nettverket arrangerer møte i EU-rådgjevarforum for Vestland to til tre gonger i året. Dette er ein open møteplass for alle som har oppgåver knytt til mobilisering og prosjektutvikling under Horisont Europa. Forumet diskuterer faglege tema knytt til programmet, prosjektutvikling, og forankring i relevante lokale og regionale prosessar. Dette er ein god plass for nettverking og kompetanseheving.

Slik blir du involvert

Alle aktørar og organisasjonar i Vestland som ønskjer å jobbe i eit økosystem og utvikle prosjekt er velkomen til å ta kontakt med prosjektleiaren.

Gjennom prosjektaktivitetar vil vi hjelpe aktørar med  å utvikle innovasjonsprosjekt som kan være attraktive for EU-finansiering under Horisont Europa, med fokus på tema som er strategisk viktige for Vestland.

Døme på dette er energiomstilling, blå vekst, sirkulærøkonomi, klimautfordringar, miljø- og berekraft, utsleppsreduksjon og e-helse. Etterverknad av koronakrisa og innovasjonstrekk avdekka i prosjekta Grøn region Vestland er også lagt til grunn. Offentlege anskaffingar kan også vere aktuelle som verktøy eller demonstrasjonsprosjekt.

Organisert som nettverk

Prosjektet er organisert som eit nettverk der partnarar samarbeider for å opprette og halde ved like eit innovasjonsøkosystem for mobilisering til kvalitetssøknad under Horisont Europa. Tre arbeidsgrupper kjem til å arbeide med tema som er strategisk viktig for Vestland.

Prosjektet ønsker å støtte opp om ein kultur for deling av informasjon og kunnskap og skape rom for å spele kvarandre gode.

Du kan lese meir om Horisont Europa på forskingsrådet sine nettsider. 

mange logoar