Berekraftig verdiskaping  – regional plan for innovasjon og næringsutvikling

Dette er ei informasjonsside om status for arbeidet med Berekraftig verdiskaping - regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021 - 2033.

Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ein plan for heile Vestland fylke. Planen er fylket – ikkje fylkeskommunen – sin felles plan for innovasjon og næringsutvikling, det er såleis involvert svært breitt i utarbeidinga av plandokumentet.

Kva skjer?

Planen var på høyring med frist 26. mars 2021. Her kan de sjå innkomne høyringsinnspel:

Tidsplan for arbeidet framover

Fylkeskommunen legg opp til endeleg vedtak av Berekraftig utvikling - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling  i fylkestinget i juni 2021. Vi legg opp til følgjande plan for vidare handsaming av planen:

  • Hovudutval for næring handsamar endeleg planframlegg: 25. mai
  • Fylkesutvalet handsamar endeleg planframlegg: 1. - 2. juni
  • Endeleg vedtak i fylkestinget 16. og 17. juni

 

Fylkespolitikarane vedtok 19. januar 2021 å legge plan og handlingsprogram ut på høyring. Planen har fått navnet Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling

For meir informasjon sjå høyringssida for planen. 

Regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ei av dei prioriterte planoppgåvene i Vestland sin regionale planstrategi - «Utviklingsplan for Vestland 2020-2024».

Fylkestinget legg til grunn at utviklingsplanen og vektlegginga av FN sine berekraftmål skal bidra til å styrke nærings- og folketalsutviklinga i fylket. Regional plan for innovasjon og næringsutvikling skal også medverke til ei berekraftig samfunnsutvikling. Dette inneber at vekst og verdiskaping skjer innanfor forsvarlege rammer og sikrar viktige miljø- og naturverdiar.

Det trengs regional samordning for å stimulere til verdiskaping, fleire gründerar, vekstkraftige bedrifter og innovative næringsmiljø. Føremålet er å auke omstillingsevne og bidra til det «grøne skiftet» i næringslivet. Den regionale planen skal formulere mål og strategiar for innovasjon og næringsutvikling i Vestland.

Samstundes må vi på kort sikt , i alle fall dei nærmaste åra, prioritere å handtere konsekvensane av korona-pandemien. Vi må kontinuerleg vurdere kunnskapsbehovet for å kunne møte dei utfordringane ein til ei kvar tid står overfor.

Regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ein plan for heile Vestland fylke. Planen er fylket – ikkje fylkeskommunen – sin felles plan for innovasjon og næringsutvikling, det er såleis involvert svært breitt i utarbeidinga av plandokumentet. 

Planen skal avspegle dei politiske prioriteringane gjort av fylkeskommunen i samarbeid med partnarskapen, der mellom anna i Næringsforum Vestland vil vere ein sentral møteplass. Sentrale aktørar i partnarskapen er IInnovasjon Noreg Vestland, Fylkesmannen i Vestland, Fiskeridirektoratet Region Vest, NAV Vestland, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole, NHO Vestlandet, LO-sekretariatet i Vestland, KS Vestland, Bergen kommune og den regionale representanten for Norges forskingsråd.

Frå fylkeskommunen deltek fylkesdirektør for Innovasjon og næringsutvikling, som også leiar næringsforumet.

  • Grøn næringsutvikling: Handlar om at produksjon og næringsaktivitet skal utviklast i ei retning som er meir berekraftig for miljø og klima, og i tråd med FN sine berekraftsmål.
  • Innovative og inkluderande samfunn: Innovative samfunn fornyar seg og skapar verdi for verksemder, samfunn og innbyggjarar. Inkluderande samfunn tek vare på mangfald og motverkar utanforskap.
  • Areal til næringsutvikling: omfattar korleis vi nyttar naturressursar, og korleis vi legg til rette areal for ny næringsutvikling

Ein verkemiddelpolitikk som støttar opp under satsingane, og nytter dei rette verkemidla, og kombinasjonar av verkemiddel til rett tid vil vere heilt sentralt for å setje satsingane ut i livet. Vi må også ta omsyn til tverrgåande tema som er sentrale for å lukkast med gjennomføringa av planen.

 

Satsingane i planen er bransjenøytrale og gjeld for alle næringane. Eit viktig moment i oppfølginga av planen er difor å leggja til rette for å identifisere næringar og verdikjeder som kan fylle framtidig eksport- og verdiskapingsgap. Sjølv om dei overordna satsingane i den regionale planen er næringsnøytrale, vil dei sentrale næringane i dag i stor grad vere det også i heile planperioden.

Både regional og nasjonale politikk løfter fram dei 17 berekraftsmåla til FN som grunnlag for samfunnsutvikling og planlegging.

Berekraftsmåla er verdssamfunnet sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Desse er tatt med i arbeidet med ein utviklingsplan for Vestland fylke der den skal syne kva lokale moglegheiter dei globale berekraftsmåla kan gje oss.

Utviklingsplanen spissar dette i fire ulike målformuleringar som relaterer seg til ulike berekraftmål:

  • Mål 1: Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg
  • Mål 2: Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling
  • Mål 3: Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland
  • Mål 4: Like mogelegheiter til å delta i verdiskaping

Under kvart mål er det utvikla fleire strategiar som skal bidra til at vi når måla.

Desse måla påverkar saman med eit breitt kunnskapsgrunnlag kva plantema som er fremma i høyringsutkastet til planprogrammet for innovasjon og næringsutvikling.

Arbeidsgruppene er sette ned for å sikre involvering og medverknad av dei som planen gjeld for.

Arbeidsgruppene er bedne om å utarbeide framlegg til mål og strategiske arbeidsområde og strategiar:

  1. Kor vi ønskjer å vere i 2031 – overordna mål i tråd med mål og strategiar i utviklingsplanen
  2. Kva strategiske satsingsområde og strategiar vi må legge til rette for å nå måla.
  3. Kva vi kan gjere på kort og lang sikt og kva som bør gjerast i lag med andre planprosessar.
  4. Forslag til særleg viktige berekraftsmål. Ta utgangspunkt i berekrafts-måla som er definert i utviklingsplanen og legg eventuelt til andre som er særleg viktige, men vi må gjere eit utval.

Svært mange personar både i fylkeskommunen og i andre organisasjonar er no involvert i arbeidet med utarbeiding av planen. Det er sett saman arbeidsgrupper med brei representasjon innafor kvart plantema.

Arbeidsgrupper

Det var sett ned arbeidsgrupper knytt til dei fire plantemaa (sjå forklaring lenger nede på sida) med brei representasjon frå samarbeidspartnarar i fylket. Arbeidsgruppene leverte sine innspel 1. desember og var leia av:

Oversikt over medlemmar i arbeidsgruppene (PDF).