Tilskot til samarbeid om større søknader til nasjonale og internasjonale ordningar innan berekraftig verdiskaping 2024

Vi lyser ut inntil 1 million kroner til å styrke regionalt samarbeid om større søknader innan berekraftig verdiskaping. Midlane skal brukast til samarbeid om søknader til nasjonale eller internasjonale ordningar, som kan bidra til å finansiere nye senter, program eller større prosjekt i Vestland. Kvar søknad kan få inntil 100 000 kroner i støtte.

Det krev tid og ressursar å utvikle gode prosjekt som kan nå opp i konkurransen i nasjonale og internasjonale ordningar. Prosessen med å finne dei rette norske og internasjonale partnarane og utvikle prosjektet, må ofte starte før støtteordningane er lyst ut offisielt.

Målet med ordninga er å styrke samarbeid om søknader som kan bidra til etablering av senter, program eller større prosjekt i Vestland med støtte frå nasjonale eller internasjonale ordningar. Tilskotsordninga skal bidra til realisering av Handlingsprogram 2022-2025 for berekraftig verdiskaping (PDF) og Temaplan forsking for Vestland(PDF).

Samarbeidsinitiativ innan følgjande ordningar er særleg aktuelle, men lista er ikkje uttømmande: utlysingar i Horisont Europa som krev breie partnarskap,  Kapasitetsløft, Sentre for forskingsdriven innovasjon (SFI), Norsk katapult, Forskingssenter for miljøvenleg energi (FME) og Norwegian Innovation Clusters (NIC).

Midlane skal vere utløysande for å etablere eller styrke samarbeidsrelasjonar, eller nye perspektiv i søknadsprosessen. Det vert lagt vekt på at initiativa skal bidra til sterkare samarbeid mellom ulike aktørgrupper, som t.d. mellom forskings- og utdanningsinstitusjonar og næringsliv og/eller kommunal sektor.

Målgruppe

Dei som kan søkje er forskingsinstitutt, universitets- og høgskuler, bedrifter, bedriftsorganisasjonar og kommunar i Vestland fylke. Søkjar må ha norsk organisasjonsnummer og har verksemd i Vestland fylke.

Spesielt for søknadsinitiativ til EU-program

Det kan ikkje søkjast om støtte til aktivitet som kan bli dekka gjennom Forskingsrådet si ordning PES Horisont Europa – Støtte til prosjektetablering og posisjonering. Ein kan likevel søkje dersom det handlar om aktivitet som PES Horisont Europa ikkje dekker, f. eks å etablere eit søknadskonsortium

Kva kan du søkje støtte til

Kvar søknad kan få inntil kr. 100 000 i støtte. Midlane kan nyttast til å dekke personal- og indirekte kostnader for personar som skal arbeide med å samle samarbeidspartnarar og utvikle ein søknad. Dette kan gjelde personar i eigen organisasjon eller som ei kjøpt teneste for søkjar. 

Oppfølging

Søkjar vil bli beden om å ha dialog om utvikling av prosjektet med Vestland fylkeskommune og den regionale partnarskapen, som til dømes FoU-forum Vestland og Horisont Vestland

Følgjande krav må vera oppfylt for at søknaden skal behandlast:

  • Fullstendig søknad må vere sendt inn gjennom søkjeportalen regionalforvaltning.no. 
    For at søknaden skal reknast som fullstendig, må alle felta i skjemaet vere fylt ut. Utfylt søknadsskjema kan ikkje vere på meir enn 5 sider. Ved søknader om utvikling av prosjekt til Grøn platform, er Forskingsrådet si tilbakemelding på skissa obligatorisk vedlegg til søknaden.
  • Prosjekter er innafor ramme for ordninga
    Prosjektet må vere retta mot målet i utlysinga og søkjar må vere i målgruppa.
  • Utløysande effekt
    Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at prosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.
  • Finansiering - eigeninnsats 

    Maksimal støttedel frå fylkeskommunen er normalt inntil 50 % av totalbudsjettet til prosjektet (eks. mva).

    Ved eigeninnsats som finansiering må timetal og timesatsar, og kva organisasjon som skal utføre oppgåvene spesifiserast i budsjettet. Reglar for godkjend timesats for eige arbeid følgjer reglane som til ei kvar tid gjeld i Innovasjon Norge .

    Prosjekt kan normalt ikkje få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre. 

    Dersom søkjar er ei bedrift eller eit føretak med kommersielt formål vil støtte måtte bli gitt etter reglane for statsstøtte. Dette vert avklara med søkjar i kvart einskilt tilfelle.       

Ved vurdering og prioritering av søknadane vert det lagt vekt på følgjande kriterium:

Bidrag til å nå mål for utlysinga

I kva grad søknaden skildrar eit godt opplegg for å bygge samarbeidsrelasjonar som kan styrke eit søknadsarbeide og bidra til at prosjektet kan få støtte frå relevante ordningar. Søknaden skal rette seg inn mot regionale prioriteringar, og vert vurdert på om han tek klimaomsyn og bidrar til berekraft. I vurdering av søknader legg vi vekt på effekten prosjektet vil ha på verdiskaping og sysselsetting i regionen eller fylke.

Gjennomføringsevne

Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering og metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Prosjektsøknaden må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort. Samanhengen mellom mål, aktivitet, tidsplan og budsjett vil bli vektlagt.

Balansert prosjektportefølje

I vurderinga kan det bli lagt vekt på å ha ei god fordeling av midlar innan ulike tematiske og geografiske område. I dette ligg det at søknader kan bli prioriterte framfor andre, for å sikre at den samla støtta frå ordninga fordeler seg best mogleg og bidreg til å oppnå føremålet bak ordninga. 

1. Prinsipp for behandling

Søknadsbehandlinga skal følge krav til god forvaltningsskikk, offentlegheit, habilitet og etisk åtferd.

Søknadane blir vurdert etter krav og kriterium i denne utlysinga. Søknader som ikkje oppfyller krava vil kunne bli avvist.

EØS-regelverket for offentleg støtte (statsstøtteregelverket) kan også påverke om det er høve til å gje støtte, og eventuelt omfang av støtte. Det er gitt ytterlegare informasjon om statstøtte i punkt 2 nedanfor. 

2. Avgjerd

Søknader vil bli behandla fortløpande. Avdelingsdirektør for næring, plan og innovasjon tek endeleg avgjerd om godkjenning av søknad og kva søknader som får støtte. 

Dersom det kjem inn fleire søknadar innanfor ein kort tidsperiode, kan det bli aktuelt å sjå desse opp mot kvarandre i handsaminga for å sikre at den samla støtta bidreg til å nå måla for ordninga.

3. Statsstøtteregelverket

Statsstøtteregelverket vil gjelde for føretak.  Føretak vil få støtte etter den såkalla gruppeunnataksforordninga (GBER) eller reglane om bagatellmessig støtte. Desse reglane kan påverke omfang av støtte.

Forskingsorganisasjonar og kommunar vil kunne få støtte til sin ikkje-økonomiske aktivitet.

4. Dokumentinnsyn

Alle kan be om innsyn i dokumenter hos Vestland fylkeskommune. Hovudregelen i offentleglova er at saksdokument, journalar og liknande register er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov.

Dette er også utgangspunktet for søknadane som vert sende inn. Opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov, er derimot unnatekne frå innsyn. Til dømes gjeld dette opplysingar om forskingsidear og forskingsprosjekt og næringsopplysningar, som av konkurransemessige omsyn skal holdast hemmeleg (såkalla forretningshemmelegheiter).

Dersom det vert kravd innsyn i dokument som inneheld opplysingar som det skal eller kan nektast innsyn i, så tek vi normalt kontakt med søkjar for nærmare avklaring. Det vert likevel understreka at det er fylkeskommunen som tek endeleg avgjerd i spørsmålet om innsyn.