Andre digitale ressursar

Biblioteka kan tilby fleire digitale tenester og databaser, via abonnement eller felles opne nasjonale eller regionale tenester.

Filmbib: strøym kort- og dokumentarfilmar

Filmbib er ei strøymeteneste frå Norsk filminstitutt. Tenesta lar dei med Nasjonalt lånekort strøyme norske kort- og dokumentarfilmar.

Logg inn med Nasjonalt lånekort og PIN-kode. Viss du vil sjå film på telefon eller nettbrett, må du laste ned Filmbib-appen frå App Store eller  Google Play Om du manglar lånekort eller PIN-kode, eller har problem med innlogginga, må du ta kontakt med biblioteket.

Lokalhistoriske artiklar

Lokalhistoriske artiklar er ein bibliografisk database der det er registrert lokalhistorisk litteratur frå tidlegare Sogn og Fjordane utgitt i perioden frå 1865 og fram til 2021. Les meir om innhald og omfang.

Helsebiblioteket

Helsebiblioteket.no er drifta av Folkehelseinstituttet og har oppdatert helseinformasjon både til helsepersonell, pasientar og pårørande.

Mykje av innhaldet er ope for alle, noko er for innlogga brukarar. Les om tilgang.

Lovdata Pro 

Bibliotekversjonen av Lovdata Pro inneheld dei fleste av dokumenta som ligg i Lovdata Pro, altså utvida tilgang til dokument samanlikna med det som ligg i den opne versjonen av Lovdata.

Bibliotek kan gi tilgang til tilsette og besøkande i biblioteket. Tilgangen er basert på IP-adresse, sjå korleis biblioteket kan ta i bruk Lovdata Pro.