Lokalhistorie

Lokalhistorie er ein viktig og vesentleg del av biblioteka sine tilbod. Alle folkebibliotek har eit ansvar for å ta vare på og til å formidla litteratur frå eigen kommune, og dei har eigne samlingar med lokallitteratur.

Vi har bygd opp to databaser som kan vere til hjelp i det lokalhistoriske arbeidet, hovudsakleg i tidlegare Sogn og Fjordane.

Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Veldig mange av kommunane har sogelag som gir ut lokale blad, men det kan ofte vera vanskeleg å finna tilbake til kva som er omskrive og kvar artiklane har stått. 

I den bibliografiske basen Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane er det registrert lokalhistorisk litteratur frå Sogn og Fjordane utgitt i perioden frå 1865 og fram til i dag. Det er registrert vel 24 000 artiklar frå lokalhistoriske tidsskrift, årbøker, sogeskrift, julehefte, artikkelsamlingar mm. I tillegg kjem artiklar av lokalhistorisk interesse henta frå diverse tidsskrift og bøker.

Nokre av dei registrerte artiklane er lenka til fulltekstversjonar av tidsskrifta slik at brukarane kan søkje opp artiklar og få dei opp direkte på skjermen i fulltekst.

Oversikt over tidsskrift mm som er registert i Lokalhistoriske artiklar.

Søk i artikkelbasen

Forfattarar frå Sogn og Fjordane

På nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane finn du artiklar om forfattarar med tilknyting til Sogn og Fjordane.

Forfattarar på denne nettstaden bur eller har budd i Sogn, Sunnfjord eller Nordfjord over lengre tid, har skrive skjønnlitteratur eller fagprosa retta mot ålmenta , og har skrive i form av artiklar, bøker, småstykke, dikt mm. Både nolevande og tidlegare forfattarar er tatt med.

Søk i forfattarbasen