Les digitale aviser og tidsskrift

Biblioteka kan tilby tilgang til ei rekkje digitale aviser og tidsskrifter.

Pressreader

Fylkesbiblioteket har inngått ein fylkesdekkande avtale på vegne av folkebiblioteka som gjer det mogleg å tilby avistenesta PressReader til bibliotekbrukarane. Pressreader er ei digital teneste som gir tilgang til over 7000 aviser og tidsskrift frå heile verda.

Korleis brukar eg tenesta?

For å få tilgang til PressReader på mobil og nettbrett, må du laste ned appen PressReader og kople deg på nettverket på biblioteket. Deretter har du full tilgang til PressReader i 7 dagar – du må altså innom biblioteket kvar 7. dag for å få oppdatert tilgangen. På pc går ein inn på PressReader.com medan ein er på biblioteket sitt nettverk. 

Meir om digitale aviser og tidsskrift via PressReader

Med fullteksttilgang til over 7000 tidsskrift og aviser frå heile verda er PressReader eit svært godt tilbod til utanlandske bibliotekbrukarar, som arbeidsinnvandrarar og flyktningar - eller andre som er interesserte i å lese internasjonalt stoff.

I tillegg inneheld tenesta ei rekkje norske aviser, til dømes Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og Bergens Tidende. Norske bibliotekbrukarar kan dermed få tilgang til dei store riks- og regionavisene som biblioteka gjerne elles ikkje har råd til å abonnere på.

Om biblioteket ditt brukar Bibliofil, kan du få tilgang ved å logge deg inn, og velje PressReader under «Digitale tjenester». På denne måten kan du få tilgang til PressReader utan å vere innom biblioteket sitt nettverk.

På PressReader sine nettsider finn du ei innføring i korleis bruke PressReader.

Nasjonalbiblioteket sin avisteneste

Du kan også lese landsdekkande og lokale aviser frå 1760 og fram til i dag, digitalisert av Nasjonalbiblioteket. (Ein del av avisene er berre tilgjengelege i biblioteka - sjå oversikt over tilgang).