E-bøker

Biblioteka i Vestland (unnateke Bergen) har ei felles samling med e-bøker og tilbyr appen BookBites. Appen gjer det mogeleg for alle biblioteka å låne ut e-bøker til brukarane sine. Vestland fylkeskommune organiserer dette tilbodet for biblioteka.

Lån av e-bøker i BookBites

Du kan enkelt låne e-bøker frå biblioteka i Vestland. Alt du treng er BookBites-appen, lånekort og pinkode. Då får du tilgang til fleire tusen e-bøker, med same tilbod uansett kva kommune du bur i. Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!

Korleis gjer eg det?

  • Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play, eller opne på PC/Mac.
  • Du må ha ein brukar for å logge inn. Det er to alternativ:
    • Du har ein Feide-brukar frå ein skule i fylket: Logg inn med denne brukaren.
    • Du opprettar ein ny brukar: Lag først ein brukar med e-postadresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din. Registrer så lånenummer og pinkode frå biblioteket. Kontakt ditt lokale bibliotek om du ikkje har lånekort/pinkode.
  • Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller høyr.

Treng du hjelp?

Gå til leverandøren sine support-sider, eller bruk hjelpesidene bak spørjeteiknet i appen.

For biblioteka

Meir informasjon og marknadsføringsmateriell frå Biblioteksentralen.

Verdensbiblioteket

Verdensbiblioteket er eit samarbeid mellom nasjonalbiblioteka i Noreg og Sverige. Det er ei digital teneste der du finn e-bøker og lydbøker på andre språk enn norsk. Brukarane kan sjølve opprette ein brukarkonto med ei e-postadresse, og deretter logge inn for å lese og lytte – heilt gratis.

Nasjonalbiblioteket har laga ein del marknadsføringsmateriell som biblioteka kan bruke for å gjere tenesta kjend.

E-bøker i Nasjonalbibliotekets nettbibliotek

I nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket kan du finne skanna utgåver av fleire hundre tusen bøker gjevne ut i Noreg. 

Det er nasjonale avtaler som ligg til grunn for at vi får kjøpe inn og låne ut e-bøker og digitale lydbøker. Utvalet er bestemt av kva bøker som kjem i kulturfondordninga, kva bøker vi har tilgang til å kjøpe og kva midlar vi har til å kjøpe inn for.

Bøker som er nyare enn to år, kjøper vi inn i pakker på 10 utlån/lisensar. Når alle utlåna i pakkane er brukt opp, vil den neste lånaren ikkje finne boka.

Når det gjeld bøker som er eldre enn to år, har du tilgang til dei fleste e-bøkene som er utgjevne på norske forlag, så lenge biblioteka har pengar att på budsjettet. Når månadsbudsjettet er brukt opp, vil mange av titlane forsvinne. Ved neste månadsskifte kan dei dukke opp att.

Utvalet av e-lydbøker er framleis lite og dyrt (for biblioteka). Det er difor avgrensa kor mange lydbøker biblioteka kan tilby lånarane.