Tilskot til prosjekt og tiltak – profesjonell kunst og kultur

Tilskotsordninga gjeld for aktørar og/eller aktivitetar i det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Vestland fylke.

Tilskot skal gå til prosjekt og tiltak  med kunstnarleg/kulturfagleg hovudføremål. Prosjektet/tiltaket må ha verdi for heile eller større delar av fylket. Vi prioriterer prosjekt/tiltak som er inkluderande og utadretta, og gjev mellom anna ikkje støtte til produksjonsfasen av kunst.

Den enkelte løyvinga skal i hovudsak ligge mellom 10 000 og 100 000 kroner, og det vert vanlegvis fordelt kring 1,5 mill. kr pr. søknadsrunde.

Fullstendige retningsliner for ordninga finn du her (pdf).

Vi har ei tilsvarande tilskotsordning for det frivillige kulturlivet, les meir om denne her.

For større prosjekt kan det vere aktuelt å søkje støtte frå Kulturelt utviklingsprogram.

Søknadsfristar 

Årlege søknadsfristar er 1. mars og 1. september. 

Tiltaket du søkjer om støtte til, må oppfylle alle desse tre absolutte kriteria for å kunne få støtte:  

  1. Tiltaket skal vere i samsvar med føremålet i søknadsordninga. 
  2. Tiltaket skal stette ei eller fleire satsingar i regional plan for kultur
  3. Tiltaket skal ha regional kulturverdi.

Det regionale ansvaret gjeld kulturoppgåver og kunst som har verdi for heile eller større delar av fylket. Fylkeskommunen har eit særleg ansvar for regional infrastruktur og utvikling av dette. Prosjekt og tiltak må bli vurderte til å ha regional verdi og/eller nedslagsfelt for å få støtte.  

Tilskotsmidlane kan gje høve til å prøve ut nye prosjekt og tiltak som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i fylket, t.d. gjennom pilotprosjekt med overføringsverdi til andre.  

  • innkjøp og vedlikehald av bygg, utstyr og instrument
  • tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale eller kommunale institusjonar
  • produksjonsfasen av kunst, det vere seg innan visuell kunst, musikk, scenekunst eller skjønnlitteratur
  • deltaking på seminar, utdanning, studiereiser, gjestekunstnaropphald o.l. 

Vi vurderer søknaden  ut i frå desse kriteria:  

  • Utvikling av kulturlivet i fylket
  • Samarbeid og nettverk
  • I kva grad tiltaket eller prosjektet erretta utover, inkluderande og ope
  • Kvalitativt nivå på prosjekt og søknad
  • Tidlegare vist gjennomføringsevne av kulturtiltak/prosjekt
  • Støtte og forankring kommunalt og ev. nasjonalt 

Ein søknad må ikkje oppfylle alle vurderingskriteria, men jo sterkare og jo fleire av desse som vert oppfylte, dess meir relevant er søknaden for ordninga.  

Barn og ungdom har spesiell merksemd. Vi ønskjer å stimulere til at unge er aktive deltakarar i prosjektet.  

I den samla vurderinga tek vi omsyn til å fordele ut frå geografi og sjanger. Fylkeskommunen har eit særleg ansvar for å bidra til mangfald og breidde i kulturlivet i heile fylket. Det er såleis særleg viktig å støtte opp under kunst og smalare kulturuttrykk også i distrikta.  

Vi gir ikkje støtte til produksjonsfasen av kunst i denne ordninga. Dette gjeld alle kunstartar: visuell kunst, musikk, scenekunst, skjønnlitteratur.

Tildelingar gjennom denne ordninga skal går til prosjekt og tiltak med tydeleg regional verdi. Det kan vere vanskeleg å vurdere denne verdien i ein tidleg fase av ein produksjon.

Vurdering av kunstproduksjon vil også krevje ein annan type sakshandsaming enn det er lagt opp til i ordninga. Det er mellom anna ikkje tenleg med tildeling av tilskot til kunstproduksjon gjennom politiske vedtak.

I budsjettet for 2022 ligg det 4 210 000 kroner som skal fordelast mellom tilskotsordningane

  • prosjekt og tiltak – profesjonell kunst og kultur
  • prosjekt og tiltak – frivillig kulturliv 

Midlane blir fordelte ut frå søknadsmengde og -sum.  

Den enkelte løyvinga skal i hovudsak ligge mellom 10 000 og 100 000 kroner. Dersom det ikkje er rom til å løyve minst 1/3 av søknadssummen, får søknaden avslag.  

Avdeling for kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og integrering. Kvar søknad er eit einskildvedtak, og innstillinga skal grunngjevast i saksframlegget.  

Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist. 

Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrommet som går fram av søknaden. Om det skjer vesentlege endringar i prosjektet, må de melde dette skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning. De finn kontaktinformasjon på denne sida.  

Midlane vert i hovudsak utbetalte etter at innsendt rapport og rekneskap er godkjend. De må sende dette innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført, og seinast eitt år etter vedtak om tilskot. De finn lenke til digitalt rapporteringsskjema på sida. 

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen du fekk  melding om vedtaket.   

Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak du klagar påkvifor du klagar, og kva endringar du meiner bør gjerast. Klaga sender du til Vestland fylkeskommune.  

Tildelingar etter søknadsfrist 1. mars 2023
Avdelingsdirektøren sitt forslag til vedtak vart samrøystes vedteke.
Politisk sak 78/2023 (pdf)
Vedlegg med grunngjeving for tildelingar og avslag (pdf).

Tildelingar etter søknadsfrist 1. september 2022
Avdelingsdirektøren sitt forslag til vedtak vart samrøystes vedteke.
Politisk sak 148/2022(pdf) 
Vedlegg med grunngjeving for tildelingar og avslag(pdf) 

Tildelingar etter søknadsfrist 1. mars 2022
Avdelingsdirektøren sitt forslag til vedtak vart samrøystes vedteke.
Politisk sak 78/2022(pdf) 
Vedlegg med grunngjeving for tildelingar og avslag(pdf)