Tilskot til prosjekt og tiltak – frivillig kulturliv

Ordninga skal stimulere til aktivitet og eit mangfaldig kulturliv og gjeld for aktørar eller aktivitetar innan det frivillige kulturfeltet/amatørkulturfeltet. Søknadsfrist: 1. mars.

Fylkeskommunen skal vere ein regional utviklar. Prosjekt som får støtte, må difor ha regional verdi og/eller nedslagsfelt.  

Kulturpolitikken skal fremje og støtte eit sterkt frivillig kulturliv, og stimulere til nettverk og samarbeid. Barn og ungdom har spesiell merksemd, og vi ønskjer å stimulere til at unge er aktive deltakarar i prosjektet. 

Meir informasjon i retningslinjene.

Tilskotssummar og andre tilskotsordningar 

Løyvinga skal i hovudsak ligge mellom 10 000 og 100 000 kr. Dersom det ikkje er rom for å løyve minst 1/3 av søknadssummen, får søknaden avslag. For større prosjekt kan det vere aktuelt å søkje om støtte frå Kulturelt utviklingsprogram.   

Aktørar frå det profesjonelle kunst- og kulturlivet søkjer på ordninga tilskot til prosjekt og tiltak – profesjonell kunst og kultur.  

Kven kan søkje?  

Ordninga gjeld for aktørar eller aktivitetar innan det frivillige kulturfeltet/amatørkulturfeltet i Vestland fylke og prosjektet eller tiltaket skal ha kulturaktivitet som hovudføremål.  

Organisasjonar, foreiningar og lag må ha organisasjonsnummer for å søkje. Privatpersonar kan eventuelt søkje tilskot på vegne av ei gruppe.  

Søknadsfristar

Årlege søknadsfristar er 1. mars og 1. september. 

Søknaden blir vurdert ut i frå følgjande kriterium: 

  • Utvikling av kulturlivet i fylket, t.d. ha verdi som pilotprosjekt og bidra til større breidde 
  • Dokumentasjon av kulturhistorie 
  • Samarbeid og nettverk  
  • At tiltaket eller prosjektet er utadretta og ope  
  • Kvalitativt nivå på prosjekt og søknad
  • Tidlegare vist gjennomføringsevne av kulturtiltak/prosjekt 
  • Støtte og forankring i heimkommunar og evt. nasjonalt 

Ein søknad må ikkje oppfylle alle vurderingskriteria, men jo sterkare og jo fleire av desse som vert oppfylte, dess meir relevant vil søknaden vere for ordninga. Det er mogleg å søkje midlar til årvisse/faste tiltak. Søkjar må då vere merksam på at søknadene kvart år vert vurdert på nytt opp imot samla søkjarmasse.

Fylkeskommunen skal vere ein regional utviklar, så prosjektet må ha regional verdi og/eller nedslagsfelt. Det vert såleis ikkje gitt tilskot til tiltak i ein kommune – noko som i følgje kulturlova er eit kommunalt ansvar. 

Tiltaket det blir søkt om må oppfylle tre absolutte kriterium for å kunne få støtte: 

  • Tiltaket skal vere i samsvar med føremålet i søknadsordninga.  
  • Tiltaket skal stette ein eller fleire satsingar i regional plan for kultur 
  • Tiltaket skal ha regional kulturverdi, dvs. ha ein kommuneovergripande funksjon og/eller verdi.  
  • Innkjøp og vedlikehald av bygg, utstyr og instrument
  • Tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale eller kommunale institusjonar  
  • Innspeling og utgjeving av litteratur, film og musikk. (Unntak kan vere dokumentasjon med kulturhistorisk verdi). 
  • Deltaking på seminar, utdanning, studiereiser, gjestekunstnaropphald o.l.