Kulturbygg og -arenaer
Kulturbygga våre er møteplassar og arenaer for innøving og utøving av kultur. Vestland fylkeskommune vil utvikle kulturarenaene våre.
I Vestland har vi mange små og større kulturbygg. Svært mange av kulturbygga er eigd av organisasjonar, og ein del kulturhus er heilt eller delvis eigd av kommunar eller fylkeskommunen.
Lokale og regionale arenaer
Eigarane av lokale kulturbygg kan søkje om tilskot til modernisering, ombygging og nybygg gjennom spelemidlar. Det er lokal søknadsfrist i kvar kommune for dette.
Eigarane av regionale kulturarenaer kan søkje via tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar. Søknadsfristen til ordninga er 30. april.
Vestland fylkeskommune vil utvikle kulturbygga og arenaene for kulturaktivitet. Det gjer vi gjennom tilskotsordningar, dialog med kommunar og organisasjonar og ved å invitere til møteplassar for nettverksbygging og auka kunnskap.
Eigarar av kulturbygg finn også gode ressursar på desse nettsidene:
Andre tilskotsordningar
Kulturrom
Kulturdepartementet har oppretta tilskotsordninga Kulturrom (tidlegare Musikkutstyrsordninga), som skal sikre tilgang til rom med gode tekniske vilkår for øving og framføring av musikk, teater og dans over heile landet. Søknadsfristar er 1. mars og 1. september.
Arena
Kulturrådet har ei støtteordning til kulturbygg med namnet ARENA (tidlegare Rom for kunst) med søknadsfrist 3. juni.
Nasjonale kulturbygg
Kulturdepartementet lyser ut tilskot til nasjonale kulturbygg med årleg søknadsfrist 1. januar.