Andre digitale ressursar
Biblioteka kan tilby fleire digitale tenester og databaser, via abonnement eller felles opne nasjonale eller regionale tenester.
- Filmbib - strøym kort- og dokumentarfilmar - Filmbib er ei strøymeteneste frå Norsk filminstitutt. Tenesta lar deg låne norske kort- og dokumentarfilmar frå biblioteka i Noreg der du er.
Tilgang: Logg inn med Nasjonalt lånekort og PIN-kode. Viss du vil sjå film på telefon eller nettbrett, må du laste ned Filmbib-appen frå App Store eller Google Play Om du manglar lånekort eller PIN-kode, eller har problem med innlogginga, må du ta kontakt med biblioteket. - Lokalhistoriske artiklar - ein bibliografisk database der det er registrert lokalhistorisk litteratur frå tidlegare Sogn og Fjordane utgitt i perioden frå 1865 og fram til i dag. Les meir om innhald og omfang.
Tilgang: Ope for alle. - Bibliotekartiklar.no - Kvar månad publiserer vi i seksjon for bibliotekutvikling minst éin artikkel i ein felles norsk artikkeldatabase for bibliotek. Alle biblioteka i fylket (og elles i landet) kan dele desse artiklane gratis på sine nettstader. Sjå oversikt over artiklane, og korleis biblioteket kan dele dei.
- Helsebiblioteket.no - drifta av Folkehelseinstituttet og har oppdatert helseinformasjon både til helsepersonell, pasientar og pårørande.
Tilgang: Mykje er ope for alle, noko er for innlogga brukarar. Les om tilgang. - Lovdata Pro - Bibliotekversjonen av Lovdata Pro inneheld dei fleste av dokumenta som ligg i Lovdata Pro, altså utvida tilgang til dokument samanlikna med det som ligg i den opne versjonen av Lovdata.
Tilgang: Bibliotek kan gi tilgang til tilsette og besøkande i biblioteket. Tilgangen er basert på IP-adresse, sjå korleis biblioteket kan ta i bruk Lovdata Pro.