Tilskot til lågterskel fysisk aktivitet for barn og unge, unge vaksne og eldre
Målet med tilskotsordninga er at tiltaka som får tilskot skal bidra til å få fleire barn, unge, unge vaksne og eldre i varig auka aktivitet.
Kven kan søke?
Kommunar og regionale ledd av lag og organisasjonar. Primæraktivitetane til søkjar skal vere lokaliserte i Vestland, og tiltaket må å overføringsverdi til andre. Andre relevante aktørar kan vurderast.
Organisasjonar/kommunane vert oppmoda til å samarbeide om tiltak på tvers av kommunane i fylket
Søknadsfrist
15. august 2024.
Ver merksam på at dei regionale organisasjonane kan ha eigne fristar.
Kva gir vi støtte til?
- Tiltak som skapar varig auka aktivitet.
- Prosjekt som gjer det enklare for barn, unge, unge vaksne og eldre å vere aktive i lokalmiljøa.
- Ny kompetanse og overføringsverdi.
- Tiltaka skal lære oss noko, og modellane skal kunne delast med andre.
- Tiltak med stor grad av medverknad frå målgruppene blir prioriterte.
- Tiltak som fremjar fysisk aktivitet blant ulike grupper samtidig i same område.
Alle tilrådde tiltak og prosjekt skal ha regional verdi – geografisk og / eller funksjon. Storleik og omfang treng ikkje vere avgjerande. Fagleg kvalitet og særleg grad av nytenking m.m. kan også ligge til grunn for at eit tiltak har regional verdi.
Desse tiltaka vil bli prioriterte
- Tiltak som gjeld 1– 3 årige prosjekt.
- Tiltak som reduserer barrierar for deltaking (økonomiske, kulturelle eller sosiale barrierar).
- Tiltak retta mot inkludering gjennom idrett og friluftsliv.
- Tiltak for å nå minst ein time fysisk aktivitet kvar dag i grunn- og vidaregåande skule.
- Tilskot til oppstart og vidareutvikling av opne idrettsanlegg for eigenorganisert aktivitet for
barn og ungdom. (Merk at det ikkje vert løyvd tilskot til ordinær drift eller til anlegg som kan
søke spelemidlar. Det vert heller ikkje gitt tilskot til utstyr.) - Tilskot til utvikling og utprøving av nye aktivitetar.
- Prosjekt knytt til Friluftslivets år 2025 (gjeld berre for tildelingar i 2024 og 2025)
Vi gir ikkje støtte til
- ordinær drift og investeringar
- tiltak som gjeld einskild-arrangement og eingongshendingar vil ikkje bli prioritert
Støtte og finansiering
Gode prosjekt kan bli støtta med tilskot frå 50 000 til 200 000 kroner. Dugnad kan reknast som eigenfinansiering (inntil 300 kroner per/time). Der det er regionale ledd som koordinerer søknadane, kan lokale tiltak bli sett i samanheng og vere del av ein samla søknad.
Fylkeskommunen har totalt 3,5 millionar kroner til fordeling i 2024.
Sakshandsaming og vedtak
Direktøren legg fram innstilling til vedtak. Hovudutval for kultur, idrett og integrering (KULII) er politisk avgjerdsorgan og gjer endeleg vedtak.
Vurdering
Tildeling av tilskot til søknader som fyller vilkåra blir vurdert med utgangspunkt i formålet med ordninga, der det mellom anna blir lagt vekt på følgjande moment:
- I kva grad det har vore medverknad frå målgruppa i utvikling og gjennomføringa av tiltaket.
- I kva grad det er samarbeid med andre aktørar (kommunar og organisasjonar).
- I kva grad bygger tiltaket ny kompetanse, og om det har overføringsverdi.
Krav til søknaden
Søknadene må vere retta inn mot dei føringane som ligg i retningsliner og målsettingar. Elektronisk skjema må fyllast ut riktig og eventuelle vedlegg knytast til. Søknad må sendast innan fristen.
Statusrapportering og oppfølging i prosjektperioden
Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning. For fleirårige prosjekt skal statusrapport sendast på rapporteringsskjema kvart år. Dette gir grunnlag for utbetalingane i perioden. Sluttrapport og -rekneskap skal sendast til
fylkeskommunen seinast eitt år etter tildeling.
Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.
Klage
Vedtak kan klagast på etter forvaltningslova §28, som omhandlar klagerett for part eller anna person med rettsleg klageinteresse ved einskildvedtak. Søkjar kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar tok imot melding om vedtaket.
Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast.