Handlingsprogram RTP-investeringar, innspel

Kva samferdsleprosjekt skal vi prioritere og sette i gang først og sist? Dette er skildra i Handlingsprogram RTP-investeringar. Her finn du innspela frå kommunar og andre.

Dokumentframside, handlingsprogram RTP-investeringar

 

Kva prosjekt skal prioriterast i handlingsprogrammet?

Prioriteringane innan sektoren, kva prosjekt og tiltak som skal settast i gang når, finn vi i investeringsdelen til handlingsprogrammet til Regional transportplan 2022-2033.
Handlingsprogram RTP-investeringar (HPI) vart vedtatt i fylkestinget 21. juni 2022.

Innspel til Handlingsprogram RTP-investeringar (HPI)

HPI var på innspelsrunde med svarfrist 1. april 2022.
Velg alfabetisk visning av innspela i meny til venstre når du opnar lenka: 

Fylkeskommunen fekk i alt 73 innspel til Handlingsprogram RTP-investeringar (HPI): 39 innspel frå kommunar, 24 frå lag og organisasjonar og 10 frå privatpersonar. 

Alle innspel er handsama i arbeidet med framlegget til HPI.

Føringar for Handlingsprogram RTP-investeringar

HPI har prioriterte lister over prosjekt og tiltak for fylkeskommunen fram mot 2033 på mange samferdselfelt:
- Bru
- Kai og hurtigbåtkai
- Tunnel
Skred
Mjuke trafikantar
- Fylkesvegprosjekt

Føringar for innspelutkastet:

  • Følger mål og delmål i RTP.
  • Porteføljestyring
  • Årleg rullering.  

Slik les du utkastet til "Handlingsprogram RTP-investeringar"

  • Innspelsutkastet som vart sendt ut 18. februar 2022 gjev ikkje endeleg forslag til fordeling av midlar, men vurderer fordelinga mellom ulike føremål.
  • Det har konkrete men ikkje-prioriterte lister over tiltak innan sektoren. Større prosjekt er ikkje prioritert.
  • Aktuelle prosjekt er delt inn i dei som kan realiserast i økonomiplanperioden 2023-2026, og dei som er aktuelle fram mot utgangen av planperioden i 2033. 
  • Med dagens nivå på løyvingane vil det ikkje vere rom for å prioritere alle prosjekta i utkastet.
  • Kunnskapsgrunnlag og utgreiingar til temaa i RTP er tilgjengelege. 
  • Prosjekt er vist i Fylkesatlas, i kart med lenker til ytterlegare informasjon. Tenesta er under utvikling.

    Skredsikringa av fv. 5722 til Flo i Stryn kommune er eit av mange skredskringsprosjekt i Vestland. foto: Vestland fylkeskommune
    Skredsikringa av fv. 5722 til Flo i Stryn kommune er eit av mange skredskringsprosjekt i Vestland. foto: Vestland fylkeskommune

Fylkeskommunen ba særleg om innspel til

  • Kva føremål er viktigast å prioritere i investeringsprogrammet, er det rammeløyvingar til trafikktryggleik og mindre utbetringar, gang- og sykkeltiltak, kollektivtiltak, oppgradering av kai, bru og tunnel eller midlar til store vegprosjekt?
  • Det er føreslått å avsetje 200 mill. kr. årleg til strekningsvise utbetringar av regionale hovudvegar (vegar i funksjonsklasse B), samt å setje i gang minst to større gang- og sykkeltiltak utanom Miljøløftet årleg. Det er også føreslått eigne løyvingar til rekkverk, vegljos og til ei ordning med spleiselag for mindre prosjekt. Vi vil be om synspunkt på dette.
  • Vestland fylkeskommune ber kommunane gjere ei vurdering av moglege konkrete samarbeidsprosjekt med framlegg til spleiselag for finansiering. Vidare ber vi om innspel til  korleis ein kan få mest mogleg for pengane for konkrete framlegg til prosjekt.
  • Vi ber om synspunkt på om det er dei rette tiltak og prosjekt som er lagt inn i investeringsprogrammet, og kva som er viktigast å prioritere.

Handlingsprogram

RTP har eit fireårig handlingsprogram med oversikt over planlagde tiltak og investeringar i perioden, dette blir rullert kvart år.

RTP - Økonomisk handlingsprogram og investeringsprogram
er del av handlingsprogrammet til RTP, som vart vedtatt i desember 2021.

Handlingsprogrammet er tre-delt:

  • strategisk del
  • utviklingstiltak
  • Handlingsprogram RTP-investeringar, blir vedtatt i juni 2022.