Regional transportplan (RTP)

Ein trygg, berekraftig og nyskapande transportsektor i heile Vestland - dette vil fylkeskommunen sikre gjennom Regional transportplan 2022-2033 for Vestland fylke. RTP er den langsiktige planen for utvikling av samferdslesektoren i fylket.

Den første regionale transportplanen for Vestland fylke, RTP 2022 - 2033, blir vedtatt i fylkestinget i desember 2021. 

Om planen

Hovudmålet for RTP 2022-33 er: 
«Vestland skal ha eit effektivt, trygt og framtidsretta transportsystem som legg til rette for klima- og miljøvenleg mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling.»

Den øvste samferdsleplanen

RTP 2022-33 er det øvste plandokumentet for den langsiktige utviklinga av samferdslesektoren i Vestland. Det skal omtale alle delar av samferdsle og transport i fylket, som vedlikehald og utbygging av fylkesvegnettet, sykkel- og gangstiar, Bybanen, reiseområde og båt og ferge. Denne strategiske planen blir vedtatt av fylkestinget i desember 2021.

Mål

Måla og strategiane i RTP skal sikre ein trygg, berekraftig og nyskapande samferdslesektor i heile Vestland. RTP vil ha eit kunnskapsgrunnlag der ein ser på utviklingstrekk og framtidige utfordringar på området. Planen skal rullerast kvart fjerde år. 

RTP vil også ha eit fireårig handlingsprogram med oversikt over planlagde tiltak og investeringar i perioden, som blir rullert kvart år. 

Planen for planen, Planprogram RTP 2022-2033 Vestland fylke.pdffor RTP 2022-2033,  vart klar hausten 2020 etter offentleg høyring. Eit kunnskapsgrunnlag med nøkkeltal for Vestland er også ferdig.

Medverknad

Innspel og medverknad frå alle delar av fylket er viktig i arbeidet med planen. Planprogrammet, planen for planen, var på høyring fram til 14. juli 2020. I februar 2021 var det tre innspelsmøte kring om i fylket, desse kan sjåast i nett-tv.

Planutkastet på høyring

Sjølve planutkastet til RTP var på offentleg høyring fram til 12. september 2021.      Det var tre høyringsmøte kring om i fylket med innlegg frå lokale aktørar, på Skei, i Bergen og på Stord. Desse kan sjåast i nett-tv. Høyringsutkastet er ikkje å rekne som eit endeleg forslag til plan, fylkeskommunen ynskte tilbakemeldingar både på innhaldet og korleis vi skal prioritere med knappe økonomiske ressursar.

Høyringsside, Regional transportplan 2022-2033 Vestland fylke

Alle skriftlege innspel blir vurdert og presentert i ein høyringsrapport når det endelege utkastet til RTP blir lagt fram i november. Hovudtrekka i høyringa blir presentert for fylkespolitikarane i hovudutval for samferdsle 6. oktober. 

Planutkastet

Utkastet til planen har fire delar, dette utgjorde også høyringsutkastet: 
  • Regional transportplan, hovuddokument
  • Handlingsprogram RTP
  • Strategi for mjuke trafikantar
  • Strategi for berekraftig mobilitet

Hovudtema i planutkastet

  • fylkesvegnettet
  • mobilitet og kollektivtransport
  • Miljøløftet
  • finansiering
  • nasjonale ansvarsområde

Sjå planutkastet til RTP 2022-2033 med dokument og faglege grunnlag


Føringar

RTP skal legge føringar for prioriteringane fylkeskommunen gjer innan sektoren. Den gjev også føringar for korleis fylket skal jobbe for å sikre interessene innan samferdsle som ligg utanfor fylket sine ansvarsområde. Målet er at RTP skal ha same tidsforløp som prosessen med Nasjonal transportplan (NTP), og arbeidet med NTP legg føringar for arbeidet med RTP. 

Tidsline

mai 2020 Framlegg til planprogrammet blir sendt på høyring med høyringsfrist 14. juli. 
september 2020 Planprogrammet blir politisk vedtatt. 
februar 2021 Innspelsmøte til planutkastet kring om i fylket.
juni 2021 Fylkesutvalet sender planutkastet på høyring. 
august/september 2021 Andre runde med innspelsmøte til planutkastet kring om i fylket.
september 2021 høyringsfrist planutkast 12. september
september-november 2021 Alle skriftlege innspel blir vurdert og presentert med vurdering i ein høyringsrapport som ligg ved det endelege planutkastet til RTP, alle munnlege innspel blir lytta til.
6. oktober 2021 Høyringa og hovudtrekk der blir tema i møte i hovudutval for samferdsle 6. oktober. 
9. november 2021 Endeleg utkast til RTP 2022-2033 med høyringsrapport blir lagt fram for politisk handsaming. 
15. 16. desember 2021 RTP 2022-2033 blir vedtatt i fylkestinget. 

 

Les meir om Nasjonal transportplan (NTP) og Vestland fylke