Regional transportplan for Vestland 2022-2033

- planen for den langsiktige utviklinga av samferdslesektoren i Vestland.

Regional transportplan for Vestland 2022-2033 (RTP) omhandlar alle delar av samferdslesektoren, som vedlikehald og utbygging av fylkesveg, kollektiv, skredsikring, gang- og sykkelveg, Bybanen og Miljøløftet.

Planen har langsiktige mål og strategiar for korleis vi skal nå dei, og blir rullert kvart fjerde år. Konkrete prosjekt blir prioriterte årleg i RTP-investeringsprogram. 

RTP-fire hovuddokument

Vestland skal ha eit trygt, effektivt og framtidsretta transportsystem,
som legg til rette for klima- og miljøvenleg 
mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling

Tilhøyrande planar

Faglege grunnlag

RTP og Nasjonal transportplan

RTP omtalar også korleis fylket skal jobbe med å sikre samferdslesektoren utanfor fylket sine ansvarsområde, som riksveg og jernbane. Arbeidet med Nasjonal transportplan (NTP) legg føringar for arbeidet med RTP, sjå prosessen med Nasjonal transportplan (NTP).

Trafikk i bygate i Bergen, to syklistar i gang og sykkelveg attmed fylkesveg. Elsparkesyklar står på fortauet.
Fylkeskommunen har ansvar for heile fylkesvegnettet i Vestland, også gang- og sykkelstiar langs fylkesvegane. Foto: Morten Wanvik