Stort engasjement på dialogmøte om uteservering på fylkeskommunale fortau

Den 22. februar 2024 hadde Vestland fylkeskommune eit dialogmøte om uteservering på fylkeskommunale fortau. I møtet deltok rundt 20 personar frå næringa, næringsorganisasjonar og Bergen kommune, i tillegg til avdeling for infrastruktur og veg som inviterte til møtet.

I møtet orienterte fylkeskommunen mellom anna om sakshandsaming og vurderingar som vert lagt til grunn ved handsaming av søknadar, rapport om framkome på fortau i Bergen sentrum, fortausbreidde og uteservering, og informasjon om kontraktslengder.

Stort engasjement frå salen

Det vart opna for spørsmål og innspel frå deltakarane. Det var eit stort engasjement i salen, og eit stort fokus på at dei ønskjer å bruke større del av fortauet til si verksemd enn dei har i dag. Bergen kommune har orientert fylkeskommunen om at plan- og bygningsetaten vil anbefale byrådet/byrådsavdelinga å starta opp arbeid med endring av punkt 6.3 om gatesal og uteservering i føresegnene til KDP Sentrum.

Gjennomført omfattande åtferdsanalyse

Einingsleiar Mats Korneliussen viste til vedtak i fylkesutvalet 2. mars 2021, og vedtekne strategiar for å auke talet på gåande, syklande og kollektivreisande som fylkeskommunen sin eigen Strategi for mjuke trafikantar og Bergen kommune sin Gåstrategi for Bergen 2020 - 2030. 

Det er gjennomført grundig analyse av åtferda til mjuke trafikantar i Bergen sentrum ved bruk av videoopptak og kunstig intelligens. Dette er kombinert med mobile teljepunkt som er plasserte på ulike stader i Bergen sentrum til ulike tider. Resultata er brukte for å vurdera behovet for fri fortausbreidde, avhengig av talet på fotgjengarar på dei ulike fylkeskommunale fortaua.

Breiddekrav med omsyn til uteservering

Differensiering av fortausbredder er blitt juster etter dialogmøte 22. februar.

Under er gjeldende krav for fortausbredder basert på registrerte fotgjengere som blir lagt til grunn ved vurdering og behandling av søknader knyttet til uteservering i 2024.

Kartet viser minimum fortausbredde basert på registreringer av fotgjengere i Bergen sentrum.
Kartet viser minimum fortausbredde basert på registreringer av fotgjengere i Bergen sentrum.

Breiddekrav på fortau er dimensjonert med omsyn til at det framleis vil vere mogleg å ha uteservering på fylkeskommunale fortau, samtidig som framkomst for mjuke trafikantar blir ivareteke.

Dette er i samsvar med punkt. 1 og 2 i vedtaket i fylkesutvalet datert 2. mars 2021.   

For å kome uteserveringsbransjen ytterlegare i møte, har avdelinga opna opp for å forlenge leigeperioden frå eitt til to år. Dette gir høve for leigekontraktar som er meir føreseielege. 

Vedtak i fylkesutvalet datert 2. mars 2021 

  1. Fylkesutvalet legg til grunn at det i Bergen sentrum er særleg viktig å sikre framkomst for mjuke trafikantar. Fortau langs fylkesveg skal primært nyttast av mjuke trafikantar. 
  2. Fylkesutvalet ønskjer å legga til rette for uteservering på stader som er eigna for det, med vilkår som gjer at ein tar omsyn til fotgjengarar og serveringsstader. Ein føresetnad er at uteserveringa ikkje kjem i konflikt med hovudføremålet for fortausareala eller andre gjeldande regelverk. 
  3. Fylkesutvalet ber fylkesrådmannen ta initiativ til eit samarbeid med Bergen kommune og Statens vegvesen for å starta eit arbeid med fotgjengar-teljingar i Bergen sentrum. Målet er å få betre kunnskap om behovet for fritt ferdselsareal for gåande. 
  4. Fylkesutvalet føreset at ein har tett dialog med aktuelle leigetakarar for å finne gode løysingar som kan sikre behovet både for næringsinteressene og framkome for mjuke trafikantar.