Du må søke vegeigar om du eller di verksemd ønsker å bruke fortau til uteservering i Bergen sentrum.

I Bergen sentrum er det fleire verksemder som ønsker å tilby servering utanfor lokala sine. Dersom dei ligg ved fortau, må du søke eigar av fortauet om å få bruke det.

For fylkesveg skal søknaden behandlast av fylkeskommunen. Er det kommunal veg eller torg, skal kommunen behandle søknaden. Om det er langs riksveg, så er det Statens vegvesen som har ansvaret.

Bruk søknadsskjema

Når du bruker søknadsskjemaet til Bergen kommune vil søknaden din bli behandla av riktig instans. Når søknaden er behandla, får du tilbod om kontrakt med vegeigar for leigeforholdet for inneverande sesong.

Må vere plass på fortauet

Fortau skal først og fremst kunne brukast av fotgjengarar på ein trygg måte. Fylkeskommunen har eit særleg ansvar for at også menneske med nedsett funksjonsevne kjem seg trygt fram på fortauet. Det er også lov å sykle og bruke sparkesykkel på fortau dersom dei avpassar farten. Nokre stader er det forbode å sykle i vegen, der må syklistar bruke fortauet.

Legge til rette for næringsdrivande

Den 3. mars 2021 vedtok fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune at fortausareal først og fremst skal nyttast av mjuke trafikantar. Dei vedtok også at dei ønsker å legge til rette for næringsdrivande i sentrum, slik at dei skal få leige fortausareal dersom det ligg til rette for det.

Retningslinjer for uteservering

Når fylkeskommunen vil leige ut areal på sine fortau, så må føresegner og retningslinjer som Bergen kommune har for arealbruken leggast til grunn. Det er kommunedelplan Sentrum (KDP Sentrum) som er førande for arealbruken. I tillegg har kommunen retningslinjer for uteservering som gir detaljerte føringar for korleis uteservering på fortau skal skje. Fylkeskommunen behandlar søknadar som vegstyresmakt etter veglova § 57.

Plass til gåande

Miljøløftet er eit samarbeid mellom staten, Bergen kommune, Vestland fylkeskommune og kommunane i Bergensområdet. I byvekstavtalen er eit av satsingsområda gåande og syklande. Bergen kommune har nyleg vedtatt ein gåstrategi for Bergen. Gåstrategien prioriterer gåande framfor andre trafikantar i Bergen. Som ei oppfølging av gåstrategien ser kommunen føre seg at areal til uteservering på fortau nokre stader må reduserast for å få betre plass til gåande.

Vår saksbehandling

Fylkeskommunen behandlar søknader fortløpande når dei kjem inn. Ein må likevel rekne med ein månad til saksbehandling. 

Kapittel 6.3 om uteservering:

Gatesalg og uteservering, butikker og serveringssteder gis mulighet for gatesalg og uteservering i inntil 1 meters bredde langs fasade dersom krav om fri fotgjengerarealbredde på min. 3 meter, og eventuelt areal for holdeplass, varelevering og andre prioriterte aktiviteter er ivaretatt.

Frittstående gatesalg og større serveringsareal kan tillates der alle overordnede krav til fotgjengerbredde, salgsareal langs fasade, sykkelareal, kollektivtraseer og holdeplasser, varelevering, bilfremkommerlighet, utrykning og nødvendig parkering, lokalt oppholdsareal og viktige visuelle og kulturhistoriske sammenhenger er ivaretatt.

All møblering skal plasseres direkte på bygulvet. Oppbygde plattinger, faste overbygninger eller rammeverk, balkonger eller lignende tillates ikke. Midlertidige podier, kan i spesielle tilfeller tillates utplassert i maksimalt 1 uke. Alle elementer knyttet til gatesalg og uteservering, også gjerder, skal ryddes bort etter stengetid, lagring i gaten er ikke tillatt. Støyende innretninger som musikkanlegg ol. tillates ikke