Drift og vedlikehald

Vestland fylkeskommune har ansvaret for drift og vedlikehald av fylkesvegnettet i Vestland. Sjølve jobben vert utført av private entreprenørar gjennom driftskontraktar.

Driftskontraktane inneheld ei skildring av oppgåvene som skal utførast i området, og dei skal utførast etter ein landsdekkande standard. Fylkeskommunen har jamlege kontrollar for å sjekke at entreprenøren følgjer denne standarden.

Driftskontraktar i Vestland

Med drift meiner vi oppgåver på vegnettet og rutinar som er nødvendige for at vegane skal fungere godt for den daglege bruken av vegen for trafikantane. Utfordringane er størst om vinteren med snørydding/brøyting og tiltak for å betre veg-grepet (friksjonen).

Vedlikehald er tiltak, innsats og aktivitetar som tek vare på den fysiske infrastrukturen i eit lengre perspektiv. Aktuelle tiltak kan vere å oppretthalde standarden på vegdekke, grøfter og vegutstyr i tråd med fastsatte kvalitetskrav.

Tidlegare har driftskontraktene innehalde både riks- og fylkesveg. Frå årsskiftet 2020 overtok fylkeskommunen ansvaret for fylkesvegane, og felleskontraktene med Statens vegvesen skal fasast ut i løpet av dei neste åra.

Dei to første driftskontraktene i Vestland vart lyst ut hausten 2020; Bergen Os Austevoll og Sunnfjord sør.

I den nordlege delen av Vestland vil dei nye driftskontraktene for fylkesveg famne om eit større geografisk område enn då dei var felles for riks- og fylkesveg.

Beredskap

Vi har også eit beredskapsansvar med vaktordning, der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller å rydde og opne vegar som er stengde grunna uvêr, skred eller flaum.

Mariann Kråkenes Jørgensen

Leiar Drift sør

Rune Sverre Sande

leiar drift nord