Klipp hekkar og busker

Bli med på ein dugnad for å unngå ulykker i ditt nærområde.

Eig eller disponerer du ein eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg? Då har du ansvar for å sørge for fri sikt ved avkøyrsla di (jf. Veglova §31 og §43).

God sikt er ein føresetnad for at du skal få auge på gåande og syklande som kryssar avkøyrsla di.