Vinterdrift

Vinterdrift er viktig for framkomst og trafikktryggleik på vegane.

Standardkrava for vinterdrifta er beskrive i Vegvesenet si handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger.

Fram til noko anna vert bestemt, vil Statens vegvesen sin standard for vinterdrift også bli brukt på fylkesvegnettet.

Organisering og beredskap

Drifting av vegane om vinteren krev ei god organisering og beredskap, slik at nødvendige tiltak kan settast i verk for å halde fastlagde standardkrav.

Oppgåvene kan delast inn i:

  • Snøbrøyting
  • Snø- og isrydding
    • Snørydding (maskinelt og manuelt)
    • Snøfresing
    • Snø- og ishøvling
  • Sandstrøing
  • Salting
  • Andre vinteroppgåver