Eksamensinstruks for skriftleg privatisteksamen

Det er viktig at du gjer deg kjend med denne informasjonen før du skal ha skriftleg eksamen.

Oppmøte

  • Eksamen startar normalt klokka 09.00. Oppmøtetid og stad for eksamen blir publisert på sida di på privatistportalen.
  • Du må ha med deg gyldig legitimasjon med bilde og fødselsdato. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort eller bankkort med bilde. Legitimasjon i app er ikkje godkjend på skriftleg eksamen.
  • Set deg på tilvist plass, plassen din er merka med eit ark med namnet ditt på.
  • Fagkode og fagnamn finn du på namnearket. Kontroller at du har motteke rett eksamensoppgåve. Du kan ikkje byte eksamensfag på eksamensdagen.
  • Om du kjem for seint, men før klokka 10.00, vil du få gjennomføre eksamen, men du vil ikkje få kompensert for tapt tid. Kjem du etter klokka 10.00, vil du ikkje få gjennomføre eksamen.
  • Du kan tidlegast forlate lokalet ein time etter at eksamen har starta.
  • Det skal vere ro i lokalet under heile eksamen.

Hjelpemiddel

  • Du kan normalt ikkje bruke opent internett og kommunikasjon på eksamen. Alle andre hjelpemiddel er tillatne med desse unntaka:
    • For fag som har to-delt eksamen, er del 1 utan hjelpemiddel og del 2 med hjelpemiddel.
    • I norsk, engelsk og framandspråk kan du ikkje bruke omsetjingsprogram.
  • Du må sjølv gjere deg kjend med kva reglar som gjeld for eksamenane du skal ta. Her finn du oversikt over kva som er lovlege hjelpemiddel.
  • Dersom du ønskjer å bruke datamaskin eller nettbrett på skriftleg eksamen, må du gjere deg kjend med reglane som gjeld og kva du må kunne. Du får informasjon om korleis du skal logge deg på nettverket i eksamenslokalet.
  • Vaktene har høve til å kontrollere hjelpemidla du bruker på eksamen.
  • Du har ikkje lov til å bruke klokker eller mobil- og smarttelefonar på eksamen. Klokker, mobiltelefonar og anna utstyr som kan brukast til kommunikasjon skal leggjast vekk og vere slått av under heile eksamen.
  • Har nettbrettet ditt sim-kort, må du ta dette ut før eksamen.

Under eksamen

  • Det er ikkje lov å kommunisere med andre kandidatar under eksamen.
  • Når du ønskjer luftepause, skal du signalisere dette til ei vakt som følgjer deg ut.
  • Eksamenstida er fastsett på oppgåvearket. Klargjering og innsending av eksamenssvaret reknast ikkje som del av eksamenstida.
  • Du skal bruke innføringsark du får utdelt i eksamenslokalet til handskrivne eksamenssvar. Om du bruker pc, skal du levere digitalt.
  • Om du skriv eksamenssvaret ditt for hand, skal du berre bruke blå eller svart penn når du fører inn eksamenssvaret ditt. Om du lagar skisser, teikningar og grafiske framstillingar kan du bruke blyant og fargar.

Innlevering

Når du er ferdig med eksamenssvaret ditt, skal du kontakte ei vakt. Eksamensvakta skal kontrollere legitimasjonen din når du leverer. Alt du skriv på pc eller nettbrett, skal du levere digitalt. Du kan levere delar av eksamenssvaret ditt digitalt og resten handskrive på papir.

Eksamenssvar skrive på datamaskin eller nettbrett og levert digitalt

  • Set inn ein topptekst som inneheld felta kandidatnummer og kandidatgruppe på alle sider i dokumenta dine. Opplysningane du treng finn du på namnearket.
  • Du bør samle svaret ditt i eitt dokument.
  • Du skal ikkje merke dokumenta dine med namnet ditt eller noko anna som kan identifisere deg.
  • Ta kontakt med ei eksamensvakt når du er klar til å levere og følg rettleiinga for digital innlevering som du får i lokalet.
  • Du har sjølv ansvar for at du lastar opp rett dokument og at dokumentet er lesbart.

Eksamenssvar skrive for hand

  • Fyll ut felta kandidatnummer, eksamensdato og kandidatgruppe på svararka. Opplysningane du treng finn du på namnearket.
  • Skriv sidetal på alle arka og kor mange svarark du leverer totalt. Du skal ikkje merke svararka med namnet ditt eller noko anna som kan identifisere deg.

Fråvær på eksamen

  • Om du blir sjuk på eksamensdagen eller hindra av andre uføresette grunnar som du ikkje sjølv rår over, kan du ha rett på utsett eksamen i neste eksamensperiode utan ekstra kostnad for deg.
  • Du må dokumentere fråværet ditt. Om du var sjuk, må dokumentasjonen vere attest frå lege.
  • Lever dokumentasjonen til eksamenskontoret innan tre arbeidsdagar etter eksamen.
  • Du kan lese meir om dette i Forskrift til opplæringslova § 3-32

Annullering av eksamen

Dersom du bryt reglementet, fuskar eller prøver å fuske, kan eksamenen din bli annullert. Fylkesdirektør for opplæring fattar vedtak om annullering. Dersom du har fått eksamenen din annullert, kan du klage på vedtaket. Det er Statsforvaltaren som skal handsame klagen.

Fusk eller forsøk på fusk kan vere:

  • å gi eller prøve å gi eller formidle hjelp til andre.
  • å ta imot slik hjelp.
  • å ha eller å bruke hjelpemiddel som ikkje er tillatne etter at oppgåva er delt ut.
  • å bruke mobiltelefon/internett under eksamen. Du kan lese meir om dette i Forskrift til opplæringslova § 3-34.