Prøvenemnd
Som medlem i prøvenemnda har du ansvar for å planlegge og gjennomføre fag- og sveineprøvar. Du må mellom anna godkjenne prøvestader og vurdere kandidatane som skal opp til avsluttande prøver.
På denne sida finn du blant anna nettkurs for prøvenemndsmedlem og informasjon om korleis du sender reiserekning og faktura.
På Utdanningsdirektoratet sine sider finn du nærare informasjon om korleis ein lagar og vurderer fag- og sveineprøver.
Digital prøveadministrasjon
Vestland fylkeskommune har digital prøveadministrasjon for prøvenemnder. All prøveadministrasjon skal skje via portalen VIGO bedrift.
I Vigo bedrift mottek koordinator godkjente oppmeldingar og fordeler dei vidare til nemndmedlemmane som skal gjennomføre prøven. Koordinator må gje beskjed om at prøve er fordelt.
Den som er leiar for sjølve prøva har ansvar for å registrere og sende inn prøvedato og resultat i den digitale protokollen i VIGO bedrift.
Viss prøven ikkje er bestått skal det lastast opp tilleggsdokument (sjå avnitt om rutiner ved ikkje bestått).
Når leiar har sendt inn resultat skal både leiar for prøva og prøvenemndsmedlemmar signere protokollen digitalt. Du får ein e-post med lenke til signaturoppdraget. Om du ikkje får e-post, kan du logge deg på Posten sin signeringsportal. Det er ikkje krav om fysisk signatur når protokoll og vedlegg blir sendt inn via VIGO bedrift. Den digitale signaturen vil omfatte sjølve protokollen og alle vedlegg.
Nemnda må sørge for at dokument som inneheld personopplysningar og anna sensitiv informasjon blir makulert på ein forsvarleg måte.
Opplæring i digital prøveadministrasjon
Brukarrettleiing for digital prøveadministrasjon finn de her.
Har de spørsmål eller treng brukarstøtte er det berre å ta kontakt med oss.
Rutinar ved ikkje-bestått fag-/sveineprøve
Dersom prøvenemnda ser at kandidaten ligg an til å få karakteren ikkje-bestått skal fag-/sveineprøva likevel fullførast.
Dersom kandidaten ikkje består fag-/sveineprøva, skal desse dokumenta sendast fylkeskommunen via vigobedrift.no:
- Oppgåva
- Vurderingskriterier
- Kandidaten sitt svar på oppgåva
- Prøveprotokoll
- Tilleggsprotokoll
Prøveprotokollen skal vere så utfyllande at han gir eit godt bilde av sjølve prøvegjennomføringa i ei eventuell klagebehandling.
I tilleggsprotokollen skal prøvenemnda skrive si vurdering av fagprøven og grunngi karakteren ikkje-bestått. Hugs å skrive tydeleg og utfyllande, helst ved bruk av pc.
Her er eit døme på ein tilleggsprotokoll som kan lastast ned:
Rutiner ved mistanke om fusk
Kva er fusk på fag-/sveineprøve
I gjennomføringa av fagprøven er alle hjelpemiddel tillatne, også i førebuingsdelen av prøven. Dette inneber mellom anna at kandidaten kan bruke alle informasjonskjelder, også internett og andre personar sitt skriftlege arbeid. Kandidaten kan be om hjelp ved gjennomføring av den praktiske delen av prøven og kan drøfte oppgåva med andre undervegs.
Døme på fusk:
- Kandidaten bruker betydeleg meir enn oppsett tidsramme til gjennomføring av prøven (kveld/helg)
- Kandidaten får andre til å utføre det praktiske arbeidet i prøven i betydeleg grad og framstiller det som sitt
Dette er IKKJE fusk:
- Kandidaten kopierer andre sin tekst
- Kandidaten ber om hjelp frå andre
Rutinar ved mistanke om fusk
Reaksjonsmåtar ved fusk er omtalt i forskrift til opplæringslova §3-59.
Prøvenemnda må fullføre fag-/sveineprøven og bør ta kontakt med fylkesadministrasjonen ved mistanke om fusk.
Dersom prøvenemnda mistenker fusk, skal prøvenemnda dokumentere, så langt det let seg gjere, og la kandidaten fullføre fag-/sveineprøven. Kandidaten skal ikkje orienterast om mistanken om fusk før etter at prøven er gjennomført. Dersom nemnda avbryt prøven er dette ein formell feil frå prøvenemnda og kandidaten kan gå opp til ny prøve så raskt som praktisk mogleg.
I samtale mellom nemnda og kandidaten etter fag-/sveineprøven, skal nemnda legge fram mistanken om fusk, grunngi denne for kandidaten og kandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg om mistanken før nemnda gjer sitt vedtak.
Prøvenemnda skal uansett vurdere og karaktersette prøven. Dersom kandidaten klagar på vedtaket om annullering, og får medhald, vil karakteren bli gjeldande.
Nemnda bør ta kontakt med fylkesadministrasjonen ved mistanke om fusk for rettleiing. Annullering av fag-/sveineprøve grunna fusk er eit enkeltvedtak, og det er prøvenemnda som gjer vedtaket. Vedtaket om annullering av fag- eller sveineprøve grunna fusk kan klagast på til statsforvaltaren.
Konsekvensar for kandidaten ved fusk
Dersom ei prøve blir annullert på grunn av fusk kan kandidaten tidlegast gå opp til ny prøve eitt år etter den annullerte prøven.
Obligatorisk opplæring for prøvenemndsmedlemmar
Opplæringa av prøvenemnda er to-delt:
Del 1. Kompetansepakke hos Utdanningsdirektoratet
Du kan ta kompetansepakken åleine eller saman med nemnda di, og det tar rundt 2 arbeidsdagar å gjennomføre den.
Kompetansepakken blir honorert med kr 3500,- for nye prøvenemndsmedlemar.
Når du har fullført kurset vil du få eit kursbevis. Dette bruker du som dokumentasjon ved krav om honorar.
Meir informasjon og påmelding finn du på utdanningsdirektoratet sin kompetanseportal.
Del 2. Dagsamling med rettleiar frå fylkeskommunen
Samlingane blir halde i Vestlandshuset i Bergen. Nemndene blir kalla inn samla.
Malar for prøvenemndene
Det er utarbeid felles malar til bruk i prøvenemnds arbeidet.
Informasjon til kandidat og bedrift i forkant av fag- og sveineprøve (PDF)
Mal - oppgåve til fag- og sveineprøve (PDF)
Saksgangen frå oppmelding til resultat - Lærling
Her finn du ei oversikt over saksgangen frå du blir meldt opp til fagprøve og til du og lærebedrifta får resutlatet.
Forklaringar
- Når vi skriv lærling meiner vi lærling, lærekandidat, praksisbrevkandidat og fagbrev på jobb-kandidat
- Når vi skriv bedrift meiner vi lærebedrift eller opplæringskontor
- Når vi skriv prøve omhandlar det fag-/ sveine- og kompetanseprøve
Lærling
Lærling |
Fylkeskommunen |
Lærling og lærebedrift må sjekke at all teori er bestått. | |
Lærebedriften melder lærlingen opp til prøve ca 6 månader før kontraktslutt | |
Fylkeskommunen sender automatisk kvittering på at oppmeldinga er motteken til lærling med kopi til lærebedrift. Informasjon om krav til teori og moglegheit for å søke om tilrettelegging av fag-sveine prøve |
|
Fylkeskommunen godkjenner oppmelding ca. 4 mnd. før kontraktslutt og sender vedtak til lærling med kopi til lærebedrift | |
Godkjent oppmelding blir sendt til prøvenemnd | |
Prøvenemnd tek kontakt med opplæringsstaden og avtaler prøvetid, -stad og innhald. Bedrift kan inntil 14 dagar før prøven melde relevant innhald til prøvenemnda. Kandidaten skal ha skriftleg varsel om prøve 14 dagar før prøvestart. |
|
Prøvenemnda gjennomfører og vurderer prøven og sender resultatet til fylkeskommunen. Prøvenemnda har ei oppsummerande samtale etter prøven og formidlar resultatet til kandidaten. |
|
Fylkeskommunen sender skriftleg melding om resultat til lærling med kopi til lærebedrift/opplæringskontor | |
Fylkeskommunen sender ut vitnemål eller kompetansebevis til lærling | |
Fylkeskommunen sender ut fag-/sveinebrev evt. inviterer til utdeling | |
Lærling og bedrift mottek skriftleg resultat om at prøven ikkje er bestått med tilleggsprotokoll. | |
Lærling har klagefrist på tre veker frå han har motteke skriftleg melding om resultat. Merk at du berre kan klage på fag-/sveineprøven dersom du har fått resultat ikkje bestått. Du kan lese meir om klage under overskrifta "Bestod du ikkje prøven?" på denne sida. |
|
Om lærlingen ikkje vil klage, melder lærebedrifta opp til 2. gongs prøve | |
Fylkeskommunen godkjenner oppmelding og sender oppmelding til prøvenemnd, ca 3 vekers sakshandsamingstid | |
Gjennomføring, sjå 1. gongs prøve. |
Saksgang frå oppmelding til resultat - Praksiskandidatar
Her finn du ei oversikt over saksgangen frå du blir meldt opp til fagprøve og til du og lærebedrifta får resutlatet.
Forklaringar
- Når vi skriv bedrift meiner vi lærebedrift eller opplæringskontor
- Når vi skriv prøve omhandlar det fag-/ sveine- og kompetanseprøve
Praksiskandidat
Praksiskandidat |
Fylkeskommunen |
Teori må være bestått i forkant av oppmelding til fagprøve. | |
Melder seg opp og tek teoretisk eksamen, oppmeldingsfrist 1.2 om våren, 15.9 om hausten Vlfk.no/praksiskandidat |
|
Betaler oppmeldingsavgift og melder seg opp til praktisk prøve på vlfk.no/praksiskandidat, ingen frist | Sakshandingstid på minst 6 mnd. Fylkeskommunen sender automatisk kvittering på at oppmeldinga er motteken. |
Praksiskandidaten får vedtak om at oppmeldinga er godkjent. Godkjent oppmelding blir sendt til prøvenemnd |
|
Prøvenemnd tek kontakt med kandidaten og avtaler prøvetid -stad og innhald | |
Praksiskandidaten må sjølv dekkje utgifter til prøve gjennomføring | |
Prøvenemnda gjennomfører og vurderer prøven og sender resultatet til fylkeskommunen | |
Prøvenemnda har ei oppsummerande samtale etter prøven og formidlar resultatet til kandidaten. | |
Fylkeskommunen sender melding om resultatet til kandidaten | |
Fylkeskommunen sender ut kompetansebevis | |
Fylkeskommunen sender ut fag-/sveinebrev evt. inviterer til utdeling | |
Praksiskandidat mottek skriftleg melding om at prøve ikkje er bestått med tilleggsprotokoll. Klagefristen er tre veker. Merk at du berre kan klage på fag-/sveineprøven dersom du har fått resultat ikkje bestått. Du kan lese meir om klage under overskrifta "Bestod du ikkje prøven?" på denne sida. |
|
Praksiskandidaten kan melde seg til 2. gongs prøve tidlegast 6 månader etter at han var oppe til prøve | |
Saksbehandlingstid 4 -6 mnd | |
Gjennomføring, sjå 1. gongs prøve. |