Spesielle skuletilbod

Desse tilboda kan alle i Vestland søkje på uavhengig av bustadkommune. Det blir ikkje gitt inntaksområde-poeng til desse tilboda sjølv om skulen ligg i inntaksområdet til eleven.

Studiespesialisering med førebuande IB (preIB) på Vg1

Dette er eit tilbod til elevar som vurderer å søkje om inntak til International Baccalaureate (IB) etter Vg1 Studiespesialisering. Førebuande IB er vanleg Vg1 Studiespesialisering der ein følgjer norske læreplanar og fagval. Det meste av undervisninga er på engelsk med erfarne IB-lærarar. Du kan lese meir om dette tilbodet på Bergen Katedralskole.

Treårig elektrofag med spesiell studiekompetanse

Dette er eit tilbod som er spesialtilpassa elevar frå ungdomsskulen som t.d. ønskjer å bli ingeniør, og der elevane alt frå første året i vidaregåande skule får opplæring som førebur dei på dette.

Tilbodet er fagleg krevjande. Søkjarar bør difor ha rimeleg gode karakterar frå ungdomsskulen og vere interesserte både i teoretiske og praktiske fag.

Les meir om tilbodet på Laksevåg og Bergen maritime videregående skole si nettside.

Treårig Helse og oppvekstfag med studiekompetanse

Dette er eit treårig tilbod for elevar frå ungdomsskulen som ynskjer eit praksisretta løp innan Helse og oppvekstfag. Opplæringa har same fag og tal timar som summen av eit ordinært toårig yrkesfagleg løp og Vg3 påbygg.

Meir om tilbodet finn du på nettsida til Nordahl Grieg videregående skole og Olsvikåsen videregående skole.

Studiespesialisering med teknologifag

Dette tilbodet kombinerer praktisk og teoretisk utdanning innanfor Studiespesialisering. Etter dei tre åra får elevane utdanning innanfor teknologiske fag som fører fram til at ein kan søkje høgskular og universitet som t.d. ingeniør, sivilingeniør eller andre tekniske-/naturvitenskaplege utdanningar.

Sotra vidaregåande skule si nettsida kan du lese meir om dette tilbodet.

4-årig yrkes- og studiekompetanse (YSK-modellen)

Denne utdanninga (tidlegare TAF) fører i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. Dei to første åra har ein status som elev og dei to siste åra har ein status som lærling med lærekontrakt. Ein vekslar mellom å gå på skule og arbeide i bedrift i vekene.

Følgjande skular i Vestland fylke har fylkesdekkande tilbod innan YSK-opplæring:

Knarvik vidaregåande skule har faga Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi og industrifag og Helse- og oppvekstfag

Fusa vidaregåande skule har faga Helse- og oppvekstfag, Naturbruk - marine fag, Restaurant- og matfag og Teknologi og industrifag

Måløy vidaregåande skule har faga Helse- og oppvekstfag, Naturbruk - marine fag og Teknologi og industrifag

Spissa toppidrett

For å ta dette faget søkjer eleven ordinære utdanningsprogram og må i tillegg hake av under tilleggsopplysningar i søknaden i Vigo om at det blir søkt om spissa toppidrettstilbod gjennom Olympiatoppen Vest-Norge( OLTV).

Les meir om tilbodet, korleis du søkjer og kva skular som har spissa toppidrett

Utveksling til utlandet

Elevane kan ta Vg2 i utlandet. Ein kan velje mellom Frankrike, Tyskland, USA og fleire andre land. Meir om dette tilbodet finn du på nettsidene våre.