Spissa toppidrett

Du kan få tilbod om spissa toppidrett i vidaregåande skule dersom du har ferdigheiter som tilfredsstill krav utarbeida i samarbeid med Olympiatoppen Vest (OLTV).

Det er lagt opp til tre ulike modellar for spissa toppidrett i den vidaregåande skulen i Vestland:

  • Toppidrettslinje – ein heilintegrert modell der alle idrettar kan søkje.
  • Spissa status skule – spesifikke idrettar og ulike idrettar på utvalde skuler og utdanningsprogram.
  • Spissa utøver – oppfølging av OLTV sjølv om du ikkje går på ein skule med spissa toppidrett. Oppfølging gjennom klubb.

Olympiatoppen Vest (OLTV) har ulik rolle i dei tre modellane. Du kan lese meir på spissettoppidrett.no.

Kva skular og utdanningsprogram kan du søke

Skular og utdanningsprogram med tilbod om spissa toppidrett i regi av OLTV fordelt etter kva modell dei høyrer til:

Toppidrettslinje

Tertnes vidare gåande skule har toppidrett knytt til studiespesialiserande. Her kan alle typar idrettar søke.

Åsane vidaregåande skulemå du bygg- og anleggsteknikk for å ta toppidrett. Alle typar idrettar kan søke.

Spissa skule

Amalie Skram videregående skole kan du søke idrettane symjing eller stuping. Du må då søke til utdanningsprogrammet studiespesialisering.

På Firda vidaregåande skule kan alle idrettar søke til utdanningsprogramma idrettsfag eller studiespesialisering.

Førde vidaregåande skule har tilbod innan vollyball og du søkjer då på studiespesialisering.

Sogndal vidaregåande skule har tilbod innan fotball knytt til utdanningsprogrammet idrettsfag.

Stend vidaregåande skule og Stord vidaregåande skule kan alle idrettar søke til utdanningsprogrammet idrettsfag.

Voss gymnas har tilbod innan vinteridrettar. Du søkjer til utdanningsprogrammet idrettsfag.

Spissa utøver

Dette gjeld for alle skular til alle utdanningsprogram og for alle idrettar.

Du søkjer ordinære utdanningsprogram og må i tillegg hake av, under tilleggsopplysningar i søknaden på Vigo, om at det blir søkt om spissa toppidrettstilbod gjennom OLTV.

Du må også fylle ut eit eige søknadsskjema og sende til Olympiatoppen Vest innan søknadsfristen 1. mars.

Vurdering og svar på søknaden

Etter at OLTV, i samarbeid med idrettane, har vurdert søknaden din, får du melding frå OLTV om du er kvalifisert til å ta del i det spissa toppidrettstilbodet.

OLTV gir deg melding før 1. mai, anten du er kvalifisert eller ikkje.

Dersom du er kvalifisert, er meldinga frå OLTV ikkje ei melding om skuleplass, men ei melding om at du får delta i det spissa toppidrettstilbodet dersom du konkurrerer deg inn på skulen du har søkt til.

Du får altså ikkje reservert plass, men konkurrerer om skuleplass på grunnlag av karakterane dine.

Melding om skuleplass vil du få når inntaket er klart i juli månad.

Dersom OLTV vurderer at du kvalifiserer for det spissa toppidrettstilbodet, men du har ikkje inntaksområdepoeng til skulen du søkjer på, vil det bli tildelt inntaksområdepoeng til utdanningsprogrammet på skulen. Dette gjeld søkjarar frå Vestland.

Dersom du får melding om at du ikkje kvalifiserer til å delta i det spissa toppidrettstilbodet, vil du få høve til å omprioritere søknaden din i Vigo.

Du har rett til å halde fram på Vg2 og Vg3 ved same skule for alle studieførebuande utdanningsprogram, under føresetnad av at du er kvalifisert for inntak til neste nivå. Karakterinntaket gjeld derfor for inntak til Vg1.

Til Vg2 yrkesfag er det ikkje mogeleg å få til rett til oppflytting til neste nivå, som i studieførebuande utdanningsprogram. Det er karakterbasert inntak til Vg2 og Vg3 yrkesfag, så her må du søke på lik linje med dei andre søkjarane til det programområdet du ønskjer.

Generelt for Vg1 idrettsfag

Dersom du søkjer Vg1 idrettsfag kan du i tillegg sende dokumentasjon til skulen som vil vurdere om du kvalifiserer for tilleggspoeng.

Dersom du driv med ein idrett på høgt nivå kan du ta kontakt med skulen du har som første ønskje, og avklare i kva grad dei kan legge til rette for kombinasjon av opplæring og idrettsutøving.