Elev-PC

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune.

Elev-PC for skuleåret 2023/2024

Informasjon om Elev-PC ordninga for komande skuleår kjem. 

Datamaskina er eit nødvendig verktøy for deg så lenge du er elev ved ein vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune (VLFK). Du vil bruke maskina både i undervisninga og til andre gjeremål. Du har sjølv ansvar for å stille med berbar datamaskin til skulestart.

Du kan velje:

  • å bruke eiga maskin eller kjøpe i butikk
  • kjøpe subsidiert elev-PC gjennom leverandøren til Vestland fylkeskommune

Programvare, brukar og systemtilgang

Som elev i Vestland fylkeskommune får du oppretta brukar i VLFK sitt nettverk. Du får tilgang til Microsoft Office 365, G-suite for Education og andre program som du treng i undervisninga så lenge maskina di bruker Microsoft Windows eller macOS som operativsystem. Skulen vil gi deg informasjon om korleis du lastar ned programvara. Maskina må oppdaterast jamleg.

Brukarnamn og passord blir sendt på SMS rett før skulestart. Vi bruker mobilnummeret du registrerte då du søkte skuleplass.

Ver merksam på at det i enkelte utdanningsprogram (t.d. teknikk og industriell produksjon, bygg- og anleggsteknikk og elektrofag) kan vere ein fordel å ha kraftigare maskin eller eit anna operativsystem enn det standardmodellen har. Ta gjerne kontakt med skulen din for å sjekke kva dei tilrår til ditt utdanningsprogram.

Du får tilbodet om å kjøpe PC gjennom den fylkeskommunale ordninga berre éin gong, og du kan berre kjøpe éi maskin. Årsaka til det er at maskinane er subsidiert og derfor er rimelegare enn tilsvarande maskin kjøpt i butikk. 

Standardmodellen er ei maskin som i prinsippet er kostnadsfri for alle elevar. årsaka er at utstyrsstipendet frå Lånekassen dekker det du som elev skal betale. PC-en kostar eigentleg meir enn dette, men fylkeskommunen betaler resten. 

Utstyrsstipendet må du søke om sjølv. Dette gjer du kvart skuleår på nettsidene til Lånekassen. 

Merk at tilbodet må nyttast innan utgangen av desember 2023. 

Elev 

Du er berre kvalifisert til å nytte deg av ordninga dersom du er ny vg1 elev i den offentlege vidaregåande skulen med ungdomsrett 

Dersom du tidlegare har starta på vg1, kan du ikkje kjøpe subsidiert PC no. Det gjeld også om du ikkje har nytta deg av tilbodet tidlegare.  

Er du usikker på om du skal starte på ein offentleg vidaregåande skule i VLFK? Du må du vente til du har bestemt deg før du eventuelt kjøper ei maskin gjennom PC-ordninga. Ombestemmer du deg etter at maskina er bestilt, kan du angre kjøpet innan 14 dagar. Det er berre maskinar som ikkje er opna som blir tatt i retur. Om du ikkje følgjer desse retningslinjene vil du bli fakturert for subsidiebeløpet. 

Deltakar på innføringskurs for minoritetsspråklige 

Om du er elev som deltek i Innføringskurs for minoritetsspråklige kan du nytte deg av elevpc-ordninga. 

Kursdeltakar i vaksenopplæring 

Skulen må ha meldt deg inn som deltakar på vaksenopplæring før du kan kjøpe PC. Ta kontakt med skulen du har søkt på dersom du meiner at du skal ha rett til å kjøpe maskin. 

Lærlingar 

Lærlingar som går rett frå ungdomsskule til opplæring i bedrift kan kjøpe datamaskin gjennom elevpc-ordninga. 

 

Du kan bruke ei maskin du allereie eig eller kjøpe maskin i butikk. Krav til maskina:

  • Ho må vere god nok til læringsarbeidet på skulen. Maskina bør minst tilsvare standardmodellen som vi tilbyr. På enkelte utdanningsprogram (t.d. teknikk og industriell produksjon; bygg- og anleggsteknikk; elektrofag) kan det vere ein fordel å ha kraftigare maskin eller eit anna operativsystem enn det som finst i standardmodellen.
  • Ho må anten ha operativsystem Windows (PC) eller OSX (Apple Mac).
  • Ho må ha antivirus-program og den må oppdaterast jamleg.
  • Ho må fungere utan internett.
  • Vel du å bruke Mac i eit utdanningsprogram som krev Microsoft Windows, vil du sjølv vere ansvarleg for å skaffa deg ein Mac som har Intel CPU, og du må skaffe deg ein Windows-lisens i tillegg slik at du kan kjøre programma i Windows på Mac-en..

Maskiner med «Windows S» kan ikkje brukast då dei ikkje kan installere dei programma du skal bruke.

Alle elevar får bruke MS Office 365 og digitale ordbøker gjennom avtalane våre.  Du er sjølv ansvarleg for lagring og sikring av data (backup) samt generelt vedlikehald av maskina.


Spørsmål og svar:

"Kan eg kjøpe maskin hos ein annan leverandør og levere rekninga til fylkeskommunen?"
Nei, du kan berre kjøpe subsidiert PC gjennom avtalen vår med Komplett, og deira nettbutikk.

"Kan eg bestille ei anna maskin hos Komplett?"
Nei, for å få subsidiert maskin kan du berre velje mellom dei modellane som står i tilbodet og i nettbutikken. 

Ulike utdanningsprogram bruker ulik programvare. Det er lurt å vurdere valet av datamaskin opp mot programvaren som du skal bruke.

Standardmodellen

Denne maskina er av god kvalitet og vil passe til dei fleste utdanningsprogramma. Standarsmodellen er i prinsippet gratis fordi den blir dekt fullt ut av utstyrsstipendet frå Statens lånekasse over to år.

PC eller Mac?

For mange elevar vil PC vere det beste alternativet. På fleire av utdanningsprogramma blir det brukt programvare som berre fungerer på Windows. Det er viktig at du tar kontakt med skulen du skal gå på for å få vite om du må ha ein Windows-maskin, eller om du kan bruke ein Mac. 

Chromebook

Dersom du har ein Chromebook vil du mellom anna få problem med å gjennomføre nettbaserte prøvar og eksamenar. Då må du bruke ein annan maskin, anten ein Windows-basert PC, eller ein Mac. Vi kan derfor ikkje tilrå Chromebook til bruk i undervisninga.

Utdanningsprogram der høgare yting er ein fordel

Nokre utdanningsprogram vil det vere ein fordel med maskiner med høgare yting fordi ein bruker spesielle program, til dømes Informasjonsteknologi og Medieproduksjon (IM), Medium og kommunikasjonsfag (MK),  Musikk, dans og drama (MDD), Teknologi og industrifag, Bygg- og anleggsteknikk eller Elektro og datateknologi. Du kan oppleve at standardmodellen ikkje er kraftig nok  eller manglar dei tekniske spesifikasjonane som blir kravd. Om du skal delta på eit av desse utdanningsprogramma bør du vurdere ein annan modell. 

Utdanningsprogram der Windows er nødvendig: 
I studieretningane TIP, Byggfag, Elektro og Informasjonsteknologi og medieproduksjon (IM) blir det brukt programvare som berre fungerer på Windows. Dette gjeld for eksempel programvare for dataassistert konstruksjon (SolidEdge, DDS, MECA).

Medium og kommunikasjon: 
Skal du gå medium og kommunikasjon bør du kontakte skulen du har søkt på før du bestiller maskin. Skulen kan gi deg råd om kva for modell som er best eigna for deg.

Dersom du er usikker på om du kjem inn på dette tilbodet kan du bestille elev-PC, og heller avbestille undervegs. Betalinga blir då refundert til kontoen som blei brukt ved kjøpet.

Er du usikker, kan du sjå om skulen har tilrådingar på heimesida si, eller ta kontakt med skulen.

iPad som alternativ til PC/Mac – særskilt tilbod for elevar i tilrettelagte grupper

Elevar som har behov for særskilt individuell tilrettelegging, og som ikkje har nytte av PC/Mac, kan bestille fylkessubsidiert iPad gjennom PC-ordninga.
Den subsidierte iPaden fylket tilbyr kostar Kr. 2000,-

Du kan lese meir om ordninga og framgangsmåte for bestilling

Dell Latitude 3440

CPU: Intel Core i3-1215U
RAM: 16 GB RAM
HDD: 256 GB SSD
Skjerm: 14” LCD FHD oppløsning
OS: Win11 Pro

Pris: 2000,-

Dell Latitude 3540


CPU: Intel Core i5
RAM: 16GB DDR4
HDD: 256GB M.2 PCIe NVMe SSD
GFX: Nvidia GeForce MX550
Skjerm: 15,6" FHD
Vekt: 1,79kg
OS: Windows 10

Pris: 6152,-

Macbook Air 13

Bilde av laptop: Macbook Air 13

Skjerm: 13,3’’ Retina skjerm med True Tone
Kamera på skjerm: 720p FaceTime HD camera
CPU: 8-core M1
RAM: 8 GB
HDD: 256 GB SSD
Batteribrukstid: Opptil 18 timer
Vekt: 1,29 kg

Pris: 8017,-
Pris for tryggleiksavtale (kjem i tillegg): 1213,-

 


Spørsmål og svar


Kan eg kjøpe maskin hos ein annan leverandør og levere rekninga til fylkeskommunen?"

Nei, for å få subsidiert maskin må du nytte vår avtale med Komplett, og deira nettbutikk.

"Kan eg kjøpe maskin ein annan stad og få utbetalt pengane?"
Beklagar, det kan du ikkje. For å få subsidiert (delvis betalt av fylkeskommunen) datamaskin må du nytte deg av avtalen med vår leverandør Komplett. 

"Kan eg bestille ei anna maskin hos Komplett?"
Nei, for å få subsidiert maskin kan du berre velgje mellom dei modellane som står i tilbodet og i nettbutikken. 

Bestilling

Elevar i vidaregåande skule kan bestille PC frå og med 7. juli 2023. Deltakarar i vaksenopplæring kan handle frå midten av august.

Dersom du skal vere sikker på å få maskina til skulestart må du bestille før 2. august 2023. Då startar utsendinga av maskiner.

Du kan bruke datamaskin, mobiltelefon eller nettbrett til bestilling. 

Maskina kjøper du direkte frå leverandøren vår gjennom bestillingsportalen.

Logg deg inn i bestillingsportalen.

Siste frist for å bestille maskin for skuleåret 2023/2024:

  • For elevar i vidaregåande skule: 31. desember 2023
  • For deltakarar i vaksenopplæringa: 31. mars 2024

Tryggleiksavtale

Standardmodellen og den kraftige modellen har tryggleiksavtale inkludert i prisen (gjeld Pro Support Plus – sjå forklaring på bestillingsportalen). Dersom du vel MacBook Air kan du sjølv velje om du ønskjer å kjøpe med Tryggleiksavtale. Dette gjer du i så fall i bestillingsportalen, og prisen på 1213,- kroner for tryggleiksavtalen kjem i tillegg til prisen på maskina.

Betaling

Betal maskina di med bankkort eller Vipps.

Du får kvittering sendt til den registrerte e-postadressa di. Ta godt vare på den. Dette er den einaste kvitteringa du får.

Informasjon om kjøpet finn du på «Din side» i bestillingsportalen 

Avbetaling for elevar i VG1

Vel du avbetaling, må ein person over 18 år fylle ut eit tilleggsskjema før kjøpet blir godkjent. Skjemaet finn du i bestillingsportalen. Logg inn med MinID eller BankID for å fylle ut skjemaet.

Vaksenopplæring

Dersom du er deltakar i vaksenopplæring vil bestillinga di først bli godkjent etter at du har fått skuleplass og skulen din har sendt inn klasselister til oss.

Har du spørsmål om dette kan du kontakte skulen din.

Utlevering

Maskina blir sendt til næraste Post i butikk.

Prisar

  Standardmodell Kraftig Windows PC Mac
Eigenbetaling elev 2000,- 6152,- 8017,-

 

Før ein eventuell reparasjon utanfor garanti eller som ikkje blir omfatta av tryggleiksavtale, vil det bli sendt eit kostnadsoverslag som må godkjennast. Dersom du er under 18 år, må reparasjonen godkjennast av føresette.

Apple garanti (PDF)
Dell Pro Support Plus (PDF)

For alle førespurnader rundt kjøp av Elev-PC og spørsmål knytt til dette, kan du kontakte Komplett Bedrift som er ansvarleg for avtalen.

Blir bestillinga avvist eller lurer du på om du har rett til å kjøpe PC, send skriftleg melding med fornamn og etternamn til Elevpc@vlfk.no