Mac frå Apple

AppApple-produktet ditt har 36 månaders garanti. Garantisaker blir melde direkte til Apple:
Apple Support
Telefon: 24 05 51 33

Sørg for å ha serienummer, produkttype, modell og ei beskriving av feilen tilgjengeleg når du tek kontakt. Dette finn du på Din side.

Elevar tilknytt Vestland fylkeskommune som har nytta elevtilbodet har 5 års reklamasjonsrett i samsvar med gjeldande vilkår.

Registrering av service

Service kan registrerast direkte hos servicepartnaren vår Conmodo.

Lånemaskin

Dersom det er behov for låne-Mac under reparasjonstida, send e-post til:
elevpc@komplettbedrift.no

Dersom produktet ditt er defekt ved mottak, må feil meldast direkte via Apple support. Be om å få referansenummer. Deretter blir det registrert retur via Din side.

Referansenummer blir skrive i returregistreringa, saman med ei grundig feilbeskriving. Dette må gjerast straks etter at feilen blir oppdaga, innanfor 14 dagar frå salsdato.

Trygghetsavtale

Vi tilbyr eit alternativ til deg som ønskjer å vere på den skråsikre sida og som har behov for uhellsforsikring på den nye Apple MacBook Air-maskina di. Forsikringa dekkjer nesten alle typer skader, som til dømes væskesøl, støtskader, sprekker og liknande.

Forsikringa gjeld heile døgnet over heile verda, både heime, på reise og under flytting.

Eigenandel ved skade er 2000,- kroner, og du får eit nytt tilsvarande produkt dersom skaden ikkje kan reparerast.

Kjøp av forsikring kan berre skje ved kjøp av ein MacBook Air.

Har du kjøpt Kollektiv Trygghetsavtale og skal melde skade?

Dette må du gjere:

  1. Meld skaden via denne lenka: Meld skade online
  2. Fyll ut skademeldingsskjemaet med alle opplysningar og trykk på knappen «Send inn skjema» i botn av skjemaet.
  3. Du får raskt svar på e-post om det er ei forsikringsskade med rett til erstatning eller ikkje.
  4. Er det ei skade med rett til erstatning får du ein fraktlapp tilsendt på e-post.
  5. Pakk inn maskina forsvarleg, print ut fraktlapp og lim på pakken før du sender.
  6. Dersom maskina kan reparerast vil dette ta nokre dagar før du får den tilbake.
    Dersom maskina ikkje kan reparerast vil du få tilsendt ei ny maskin, tilsvarande modell.

Kontakt

Treng du hjelp, ta kontakt på tlf +47 330 05 100 (9-16) eller e-post: elevpc@komplettbedrift.no