Kvifor fylkeskommunen eig

Fylkeskommunen sine eigarskap kan delast inn fem kategoriar:

  • utnytting av kraftressursar/finansielle mål
  • samfunns- og næringsutvikling
  • infrastruktur- og kollektivtransport
  • opplæring
  • kultur

Kva fylkeskommunen eig samsvarar derfor i stor grad med fylkeskommunen sine ansvarsområde elles.

Gjennom eigarskapa kan fylkeskommunen sette retning, engasjere og samhandle for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.

Fylkeskommunen kan t.d. gå inn som eigar for å støtte verksemder i oppstartsfasen, for å sikre innbyggjarane gode tenestetilbod, og/eller for å sikre at verksemder utviklar seg i tråd med fylkeskommunen sine mål og ønskje.

Bakgrunnen for at fylkeskommunen i nokre tilfelle vel å legge oppgåver til selskap eller samarbeid kan vere eit behov for uavhengigheit, stordriftsfordeler og spesialisering. I mange tilfelle vert fylkeskommunen med etter initiativ frå andre aktørar, og då hovudsakleg for å støtte opp om skipinga og for å ta del i eit fellesskap.

Om grunngjevinga for å eige framleis er til stades, er noko fylkeskommunen ser på ein gong i løpet av valperioden ved handsaming av fylkeskommunen si eigarskapsmelding og elles ved behov.