Dette eig Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune har eigarskap i 43 selskap: 39 aksjeselskap, tre interkommunale selskap og eitt særlovsselskap.

I tillegg samhandlar fylkeskommunen med andre gjennom tre samvirkeføretak, to kommunale oppgåvefellesskap og eitt interkommunalt råd.

Fylkestinget tek kvart år stilling til kva fylkeskommunen skal halde fram med å eige gjennom handsaminga av den årlege eigarskapsmeldinga.

Skular og tannklinikkar

I tillegg til oversiktene under eig Vestland fylkeskommune 43 vidaregåande skular, fagskolen i Vestland, ein produksjonsskule, og ein folkehøgskule, samt 54 tannklinikkar.