No kan du meine noko om eit Jon Fosse-senter i Strandebarm
Vestland fylkeskommune, Kvam herad og Fosse-stiftinga har utarbeidd ein forprosjektrapport for eit Jon Fosse-senter. Fristen for å kome med innspel er 27. mai.

Med bakgrunn i rapporten frå forprosjektet ønskjer Vestland fylkeskommune innspel, særleg på desse spørsmåla:
- Kven bør vere hovudmålgruppene for eit Fosse-senter?
- Kva funksjonar bør eit framtidig Fosse-senter ha?
- Kven vil det vere viktig å samarbeide med for å realisere senteret, i tillegg til dei tre som står bak forprosjektet?
- Kven vil det vere viktig å samarbeide med for å sikre langsiktig og god drift av senteret, i tillegg til dei tre som står bak forprosjektet?
Vestland fylkeskommune legg til grunn at senteret blir lokalisert på skuletomta på Tangarås i Strandebarm i Kvam herad i Hardanger. Det vedtok fylkesutvalet i møtet 8. april i år. Høyringa gjeld difor andre sider ved etableringa av senteret.
Lokal forankring, nasjonalt oppdrag
Det er eit mål at senteret skal vere lokalt forankra, men ha eit nasjonalt oppdrag. Senteret skal gje tilgang til inspirasjon og opplevingar, og kunnskapsformidlinga må springe ut frå ein fagleg sterk organisasjon. Senteret skal vere understøtta av frivillig engasjement, men må ha ei profesjonell drift.
Forprosjektet tek utgangspunkt i at Jon Fosse-senteret skal vere sentrert rundt Jon Fosse, både forfattaren og forfattarskapet – og også sentrert rundt heimstaden hans, bygda der han voks opp.