300 000 kr til Nobel-markering for Jon Fosse

Fylkesutvalet har løyvd 300 000 kr til eit arrangement i Bergen for å markere at Jon Fosse får Nobels litteraturpris for 2023.

Illustrasjon av Jon Fosse i samband med tildelinga av Nobelprisen i litteratur.
NOBELPRISVINNAR: Jon Fosse er den fjerde nordmannen til å få Nobels litteraturpris, og det er nesten 100 år sidan sist. Han får prisen i Stockholm 10. desember. (Illustrasjon: Niklas Elmehed © Nobel Prize Outreach )

Fosse får overrekt prisen i konserthuset i Stockholm på Nobel-dagen 10. desember. Same helg er det lagt opp til ei markering i Bergen, og det er denne Vestland fylkeskommune vil vere med å bidra til.  

– Dette er ei stor hending for alle vestlendingar! Det er første gong ein forfattar frå fylket vårt får denne prisen, og det er første gong ein forfattar som skriv på nynorsk får prisen. Språket og det vestlandske er ein essensiell del av forfattarskapen til Fosse. Men det er interessant at det vi les som særskilt vestlandsk, også er noko som finn gjenklang over så å seie heile verda, seier fylkesordførar Jon Askeland.  

Nasjonal og internasjonal hending 

Fylkesutvalet oppmodar også andre arrangørar om å arbeide mot Kulturdepartementet for ytterlegare finansiering.  

– Dette er ei markering av ei nasjonal og internasjonal hending og ei stor anerkjenning av nynorsk som skriftspråk. Vi meiner difor det er naturleg at staten vil bidra til markeringar av Nobelprisen til Fosse, seier Askeland. 

Fylkesutvalet er i tillegg positiv til ei lokal markering i Kvam herad og ønskjer velkomen ein søknad frå Fossestiftinga om eit slikt arrangement. Jon Fosse vaks opp i Strandebarm i Kvam. 

Nær tilknyting til kulturinstitusjonar i Vestland  

Jon Fosse var lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. I tillegg har Det Vestnorske teateret, Teater Vestland og Den Nationale Scene vore sentrale i å gjere dramatikken til Fosse kjend.  

Dei tre teatera er deleigde av Vestland fylkeskommune, og finansieringa av Skrivekunstakademiet har fylkeskommunen i alle år teke ansvar for. Så i tillegg til å vere stolte vestlendingar, er vi glade for at fylkeskommunal kulturpolitikk har vore med på å leggje til rette for eit forfattarskap i verdsklasse, seier fylkesordføraren. 

Det Vestnorske teateret blir ein sentral aktør i arrangementet i Bergen i desember, med Vestland fylkeskommune som ein av fleire samarbeidspartar. Arrangørane ønskjer å halda detaljane i programmet hemmeleg endå ei stund, men lovar eit flott arrangement som er ein nobelprisvinnar verdig. 

Forfattar og dramatikar 

Jon Fosse debuterte med romanen Raudt, svart i 1983 og har sidan den gong utmerka seg som ein svært original og produktiv forfattar. Han har skapt seg eit internasjonalt namn som dramatikar, og vert av mange rekna som den viktigaste norske dramatikaren sidan Henrik Ibsen. 

Fosse er den fjerde norske forfattaren som får Nobelprisen i litteratur, og den første frå Vestland. Dei andre som har fått prisen er 

  • Bjørnstjerne Bjørnson (1903)
  • Knut Hamsun (1920)
  • Sigrid Undset (1928)