Vestland fylkeskommune bidreg til etablering av Jon Fosse-senter 

Samstundes arbeider fylkeskommunen vidare med å heidre nobelprisvinnaren med ein pris eller eit stipend. 

Portrettfoto av Nobel-vinnar i litteratur, Jon Fosse. Han har grått hår og grått skjegg og kvit blazer, og står lent inntil ein vegg.
NOBELPRISVINNAREN: I desember 2023 vart Jon Fosse den første forfattaren frå Vestland og den første nynorskforfattaren til å få Nobels litteraturpris. Vestland fylkeskommune jobbar for å formidle og ta vare på verka til Fosse. (Foto: Agnete Brun/Det norske samlaget)

Fylkesutvalet har bestemt at Vestland fylkeskommune blir prosjektleiar for eit forprosjekt om eit Jon Fosse-senter. Kvam herad og Fosse-stiftinga er også med i prosjektet.  

– Vi skal heidre nobelprisvinnaren vår. Det er ei viktig oppgåve for fylkeskommunen som regional utviklingsaktør å formidle og ta vare på verka til Jon Fosse. Det er teke initiativ i heimbygda Strandebarm, og vi vil vere med og få realisert eit slikt senter her i fylket. Vi startar ope i forprosjektet og skal jobbe fram eit godt grunnlag for vidare arbeid, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Må sikre gode og realistiske planar 

Forprosjektet skal blant anna ta stilling til kva ein ønskjer med eit senter, og kva funksjonar eit slikt senter bør ha. Det skal også kartleggjast både målgrupper og aktørar som kan bidra til senteret, som organisasjonar, fagmiljø og anna. Forprosjektet skal også kome med ei tilråding for vegen vidare for eit eventuelt hovudprosjekt, der senteret blir bygd.  

– Før vi går vidare med planane må vi avklare korleis vi kan sikre gode og realistiske planar for utvikling og drift av eit Fosse-senter. Vi må finne ut kva som krevst for å få dette til på ein god måte, særleg med å finne ut korleis vi kan lukkast med å sikre god kvalitet på innhaldet, seier Askeland. 

Vestland fylkeskommune har sett av inntil 100000 kr til forprosjektet, som skal starte så raskt som råd og vere ferdig innan midten av oktober. 

Jobbar vidare med Fosse-stipend/-pris 

Fylkesutvalet vedtok i møtet 6. juni også at fylkeskommunen skal arbeide vidare med å heidre Jon Fosse og løfte nynorsken ved å etablere ein pris eller eit stipend for nynorsk. Dette er oppfølging av eit verbalpunkt i fylkestingsbehandlinga av budsjett 2024 i desember i fjor.  

Dersom namnet til Jon Fosse skal knytast til den nye ordninga i Vestland fylkeskommune, må dette godkjennast. No vil fylkeskommunen be relevante aktørar innan litteraturfeltet kome med innspel til korleis ein ny pris eller eit stipend bør utformast. Det må også lagast retningslinjer, i tillegg til å avklare storleik på prisen eller stipendet.  

Prisen eller stipendet vil tidlegast bli etablert i 2025. 

Du kan lese meir om forprosjektet for eit Fosse-senter i PS 155 og om Fosse-/nynorskprisen i PS 152 på saklista til fylkesutvalsmøtet 5. og 6. juni.