Stort fleirtal for vidare satsing på bybaneutbygging mot Åsane

Med stort fleirtal røysta fylkesutvalet i dag for å jobbe vidare med realisering av Bybanen frå sentrum til Åsane. – Vi ønsker å bygge Bybanen til Åsane og halde prosessen oppe. Dette er eit av dei viktigaste samferdsleprosjekta i Bergen og i Noreg, seier fylkesordførar Jon Askeland.

MÅ HALDE TEMPOET OPPE: Bybanen er ei prioritert satsing for Vestland fylkeskommune. Dette vart på ny stadfesta i fylkesutvalet torsdag. Her er Bybanen på Kronstad. (Foto: Skyss/Karoline Rage)
MÅ HALDE TEMPOET OPPE: Bybanen er ei prioritert satsing for Vestland fylkeskommune. Dette vart på ny stadfesta i fylkesutvalet torsdag. Her er Bybanen på Kronstad. (Foto: Skyss/Karoline Rage)

Bybanen er gjennom fleire politiske vedtak ei prioritert satsing for Vestland fylkeskommune.
I møtet i fylkesutvalet torsdag, handsama politikarane sak om rammer for vidare arbeid med Bybanen mellom sentrum og Åsane. Dette skjer etter at Nasjonal transportplan 2025-2036 vart lagt fram før påske, utan midlar til å finansiere verken Bybanen mellom sentrum og Åsane, og ny og forlenga Fløyfjelltunnel. 

– Vi står i ein kritisk situasjon i kollektivtrafikken om få år, om vi ikkje bygger ut tilbodet. Det heilt sentrale er å kome i gang med eit betre kollektivtilbod, elles risikerer vi eit trafikalt infarkt i Åsane. Ikkje minst er dette også viktig for å kutte utslepp og gjere Bergen til ein meir kollektivvenleg by, seier Askeland.

Eit samla politisk miljø

Reguleringsplanane er godkjente og gyldige, kvalitetssikringsrapport KS2 er gjennomført, og fylkeskommunen har ein organisasjon som står klare til å starte detaljprosjektering, faseplanlegging og utbygging av prosjektet.

– Manglande finansiering i NTP er også kritisk for eigen utbyggingsorganisasjon, som må oppløysast dersom dette vert ståande. Vi håpar no at eit samla politisk miljø i Bergen og Vestland vil jobbe aktivt for å få endringar i planen fram mot Stortinget si handsaming av Nasjonal transportplan i juni 2024, seier Askeland.

For å sikre kontinuerleg utbygging av Bybanen er det nødvendig med eit statleg bidrag i første periode av Nasjonal transportplan på nivå med det som ligg i gjeldande NTP. Dette, kombinert med bompengar, vil vere tilstrekkeleg til å få ein hensiktsmessig framdrift i prosjektet frå Bergen sentrum til Åsane terminal.

Fylkesordførar Jon Askeland meiner hovudfokuset bør vere å få noko midlar i første periode.

– Då kan vi sette saman ein finansieringsplan som gjer av vi kjem raskt i gang, seier Askeland. 

Forslag til innstilling vart vedteke med 14 mot tre røyster:

  1. Fylkesutvalet understrekar at Bybanen er ei prioritert satsing for Vestland fylkeskommune. Den gir Bergen eit høgverdig og kapasitetssterkt kollektivsystem og er eit sentralt grep for å nå nullvekstmålet. Det er eit mål å bygge bybane og sykkelveg frå Bergen sentrum til Vågsbotn.
  2. Fylkesutvalet rår til at fylkeskommunen, saman med Bergen kommune og Statens vegvesen, arbeider vidare med eit første byggetrinn som inkluderer bybane frå sentrum til Åsane terminal og sykkelveg frå sentrum til Eidsvåg som kan bli sikra finansiering så raskt som mogleg. Administrative og politiske miljø i fylkeskommunen og Bergen kommune må jobbe aktivt for å sikre dette inn mot Stortingets handsaming av Nasjonal transportplan i juni 2024.
  3. Fylkesutvalet understrekar at Bybanen til Åsane er modent for realisering med vedtekne reguleringsplanar og gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2). Fylkesutvalet oppmodar Bergen kommune om å gjere det dei kan for å redusere den usikkerheita som planar om ei mogleg tunnelutgreiing har skapt før handsaming av Nasjonal transportplan i juni 2024.
  4. Fylkesutvalet understrekar at utbygging av Bybanen nordover føreset at staten sikrar rask finansiering og realisering av ny Fløyfjelltunnel mellom Nygårdstangen og Eidsvåg. Staten må sikre finansiering i første periode i Nasjonal transportplan uavhengig av mogleg utgreiing av Bybanen i tunnel.
  5. Fylkesutvalet er positiv til at ein større del bompengar innanfor gjeldande låneramme/garanti i Bypakke Bergen kan nyttast i oppstarten av prosjektet , dersom det sikrar kontinuerleg bybaneutbygging av eit fyrste byggetrinn til Åsane terminal. Dette føreset at delen bompengar ikkje overskrid 30 % av totalkostnadane og at Bybanen vert sikra finansiering i Nasjonal transportplan.
  6. Fylkesutvalet er merksam på at dersom det ikkje vert avsett midlar i første periode i Nasjonal Transportplan, vil utbygginga av bybane til Åsane bli utsett i fleire år og utbyggingsorganisasjonen Bybanen Utbygging må avviklast.
  7. Fylkesdirektør bes arbeide vidare med faseplanar av eit første byggetrinn som minimerer dei trafikale konsekvensane og opprettheldt eit robust og attraktivt kollektivsystem som sikrar kollektivtrafikken si konkurranseevne gjennom heile anleggsperioden.
  8. Fylkesdirektør bes kome attende med sak om finansieringsplan, mogleg bruk av bompengar, plan for reforhandling av byvekstavtalen og ein faseplan i etterkant av Stortinget si handsaming av Nasjonal transportplan i juni 2024. Fylkesutvalet aksepterer at bruken av 251 millionar kr frå Bypakke Bergen til prosjektering og detaljplanlegging (jf. PS 134/22) kan fortsette inntil Stortinget si handsaming av Nasjonal transportplan i juni 2024.

 

Til saka PS 99/2024 Rammer for vidare arbeid med BT5 etter Nasjonal Transportplan (2025- 2036) og KS2

Sjå møtet i Fylkesutvalet 02.05.2024 i Nett-TV