Arbeider for Bybanen til Åsane

Fylkesdirektør Rune Haugsdal er overraska og uroa over at Bybanen til Åsane ikkje ser ut til å vere prioritert i første periode i forslaget til ny nasjonal transportplan (NTP). Han understrekar at Bybanen er avgjerande for å sikre eit heilskapleg og effektivt kollektivtilbod til Åsane. Utan finansiering i første del av NTP-perioden, har ikkje Vestland fylkeskommune økonomi til å vidareføre utbyggingsorganisasjonen. Vi vil difor arbeide vidare fram mot handsaminga av NTP i Stortinget i juni for å sikre finansiering og synleggjere kor viktig dette prosjektet er.

Rune Haugsdal og Jostein Fjærestad framfor bybanen og bystasjonen.
VIL SIKRE FINANSIERING: Fylkesdirektør Rune Haugsdal og Jostein Fjærestad, avdelingsdirektør for eigedom og utbygging, vil arbeide fram mot handsaming av nasjonal transportplan i Stortinget for å sikre framdrift av bybanen og unngå å miste kompetanse i den etablerte prosjektorganisasjonen. (Foto: Vestland fylkeskommune)

– Det er gjort mange viktige prioriteringar i forslaget som regjeringa no legg fram. Med nye vegar inn frå både nord og sør i form av ny Nordhordlandstunell og nytt Sotrasamband, misser ein like fullt mykje av effekten for heilskapen i trafikkavviklinga om vi ikkje også får på plass Bybanen til Åsane, seier Rune Haugsdal.

Fylkesdirektøren oppfattar at nytt løp og forlenga Fløyfjelltunnel mellom Nygårdstangen og Eidsvåg er prioritert i første periode i forslaget til ny NTP. Dette er ein viktig premiss for å kunne byggje Bybanen til Åsane.

– Parallelt arbeid med Bybanen og Fløyfjelltunnelen er ein stor fordel, slik vi ser det. Tidleg ferdigstilling av veg- og banetraséen til Åsane vil vere gunstig for alle grupper av trafikantar, framheld Rune Haugsdal.

Gryteklart prosjekt

Tidlegare denne veka la fylkeskommunen fram den eksterne kvalitetssikringa (KS2) som Holte Consulting har gjennomført for utbyggingsprosjektet. Denne viser at dei opphavlege kostnadsoverslaga for Bybanen til Åsane ligg fast på 18,2 milliardar kroner i dagens kroneverdi. Samstundes peikar rapporten på moglege kostnadsreduksjonar på inntil 7 milliardar kroner ved å kutte eller utsetje delstrekningar og enkeltelement eller skalere ned funksjonalitet og kvalitetar. Dermed er det mogleg å gjennomføre prosjektet innanfor den økonomiske ramma i gjeldande NTP.

– Bybanen til Åsane er eit tilnærma "gryteklart" prosjekt. Vi har ekstern kvalitetssikring på plass, vedtekne reguleringsplanar og ein kompetent utbyggingsorganisasjon. Alt ligg dermed til rette for å kome i gang og realisere prosjektet. Fylkeskommunen vil arbeide vidare for å opplyse Stortinget om dei mange gevinstane denne utbygginga vil ha både for trafikkavviklinga, dei reisande og miljøet. Vi oppmodar dei folkevalde om å sikre nødvendig prioritering av prosjektet når dei skal vedta ny NTP for perioden 2025–2036, seier Rune Haugsdal.

Varslar stopp i arbeidet

Dersom utbygginga av Bybanen til Åsane ikkje vert prioritert i den første perioden av ny NTP, varslar fylkesdirektøren at det ikkje lenger er finansiering for å arbeide vidare med prosjektet. Det inneber i tilfelle at fylkeskommunen vil måtte avvikle prosjektorganisasjonen som i snart 20 år har arbeidd med å byggje ut Bybanen i Bergen.

– Bybanen har vore ein stor suksess for kollektivtransporten i Bergen og er i dag sjølve ryggrada i kollektivsystemet mot Flesland og Fyllingsdalen. Det er politisk fleirtal både i Bergen kommune og Vestland fylkeskommune for å byggje Bybanen til Åsane. Eit positivt vedtak i Stortinget i juni gjer det mogleg å vidareføre denne suksessen og sikre eit forbetra kollektivsystem mellom sentrum og Åsane, noko som vil gagne heile Bergensregionen. Misser vi momentum og kompetanse, er det usikkert når – og om Bybanen blir vidareført til Åsane, poengterer Rune Haugsdal.