Statsråden besøkte populær fagskule

Dekks- og maskinoffiserar under utdanning fekk denne veka besøk av forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe får teste skipssimulator ved Fagskulen i Måløy.
MINISTERBESØK: Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe fekk prøve seg på brua i skipssimulatoren til Fagskulen i Måløy. (Foto: Inger Vedvik Nygård/Fagskulen i Vestland)

Måløy-avdelinga til Fagskulen i Vestland er ein populær studiestad for fagarbeidarar som vil bli dekksoffiserar og maskinoffiserar, og skulen vil gjerne utdanne endå fleire.

Høgare, yrkesfagleg utdanning

Utdanningsleiar i Måløy, Lars Berle fortel at Borten Moe snakka med både studentar, lærarar og skuleleiinga då han var i Måløy. Han er ikkje i tvil om at slike besøk er viktige for skulen.

– Vi får direkte kontakt med statsråden, og kan fortelje korleis vi arbeider. Samstundes skaper det blest. Folk les om det i lokalavisa og ser oss. Det er ein fin sjanse for oss til å forklare kva vi driv med. Eg får ofte spørsmål om ikkje Fagskulen er vidaregåande, og det har eg prøvd å forklare i 20 år at vi ikkje er, seier han.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i samtale med to unge menn.
DIALOG: Direkte kontakt og ein sjanse til å forklare korleis ein jobbar konkret med utdanninga er eit viktig moment ved slike besøk, meiner utdanningsleiaren i Måløy. Her er statsråden i samtale med to studentar. (Foto: Inger Vedvik Nygård/Fagskulen i Vestland)

Fagskulane tilbyr høgare, yrkesfagleg utdanning. Både fagbrev, relevant praksis og generell studiekompetanse er vegar inn, i motsetnad til på høgskulane, der kravet er studiekompetanse. Berle fortel at ein typisk fagskulestudent i Måløy er ein som er ferdig med læretida og er rundt 20 år, men at alderen på studentane varierer frå 20 til over 40 år.

Vil utdanne fleire maskinistar

For å kome inn på utdanninga til dekksoffiser treng du fagbrev som matros eller fiskar, eventuelt relevant praksis over fleire år. For å ta fagskuleutdanninga som maskinoffiser må du ha fagbrev som motormann eller relevant fartstid. Utdanningsleiaren ønskjer å også kunne ta inn motormekanikarar/industrimekanikarar.

– Det er eit landbasert fagbrev, men vi har mykje skipsindustri i området, og mange motormekanikarar som jobbar der. Dei er lette å vidareutdanne til maskinistar, og vi håpar å få lyst ut utdanningstilbodet mot dei òg, seier han.

Næringslivet har stor mangel på maskinistar, og studentane går rett ut i arbeid etter studiane.

– Vi ønskjer oss også fleire plassar på vg2 maritime fag på vidaregåande. Etter å ha teke fagbrev kan desse gå vidare til fagskulen og ta maskinistutdanninga hjå oss, seier Berle.

Filmen er laga av Broadstone for Fagskulen i Vestland, avdeling Måløy.

Sprengd kapasitet og godt rykte

Eit anna utdanningstilbod Berle håpar skal vere på plass i Måløy frå hausten 2023 er leiing innan havbruk på 60 studiepoeng. Her skal det utdannast personell på leiingsnivå til sjøbasert servicenæring. Men då må skulen finne utleigelokale, i og med at kapasiteten på skulen i dag er sprengd, både når det gjeld tilgang på lokale og størrelsen på klasserom.

– Vi har mange studentar, og svært høg gjennomføringsgrad. Vi er ein liten skule og må spele på fordelane det gjev. Vi har tett kontakt mellom student og lærar, og greier gjerne å hente inn att dei som lurer på å slutte. Skulen har eit godt rykte, og slik må det vere. Vi kan ikkje konkurrere mot Bergen og Ålesund når det gjeld tilbod på fritida, avsluttar Berle.

Dronefoto av lokala til Fagskulen i Måløy og Måløy vgs.
SAMLOKALISERT: Fagskulen i Måløy deler lokale med Måløy vidaregåande skule, men på grunn av sprengd kapasitet er det no planlagt eit nybygg for fagskulen i same område. (Foto: Rene Bjerregaard/Broadstone)

Fagskulen i Måløy er samlokalisert med Måløy vidaregåande skule, men den vidaregåande skulen treng meir plass. Fylkestinget vedtok difor tidlegare i haust at det skal byggjast eit nybygg til Fagskulen like ved dagens lokale

Vere eller ikkje-vere

Borten Moe fekk prøve to av simulatorane skulen brukar i undervisninga då han var på besøk i Måløy. Den eine er utforma lik brua på ei av gassferjene til Fjord1 med 360 graders visning. Den andre, som ligg rett under brusimulatoren, er ein maskinromssimulator i same størrelse som på ein båt. Her er kontrollrom og ulike maskinrom.

Simulatorane kan illustrere ulike typar skip. I tillegg kan dei køyrast samtidig slik at studentane må kommunisere og samarbeide mellom bru og maskin.

– Slike fasilitetar er vere eller ikkje-vere når det gjeld å drive undervisning. Vi driv etter internasjonale reglar og skal ha simulatorar for å gjennomføre undervisning og ulike øvingar. Dei som skal bli styrmann brukar simulatoren 1,5 dag i veka, medan det er litt under ein dag for maskinistane, avsluttar Berle