Fagskulen i Måløy skal flytte i nybygg

– Skulane våre i Måløy har behov for meir plass, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkestinget har vedteke at Fagskulen skal flytte ut av den vidaregåande skulen til eit nybygg like ved.

Kart som viser Måløy vgs, nybygg og akvahall,
NYBYGG: I dag har Fagskulen lokale i «bygg D» som er ein del av Måløy vidaregåande skule. Nybygget (lilla farge) er tenkt plassert til høgre for simulatorane. I tillegg skal det kome ein ny akvahall (oransje farge). Illustrasjon: Vestland fylkeskommune

Undervisinga til avdelinga til Fagskulen i Måløy er i dag samlokalisert med den vidaregåande skulen. Lokala, slik dei er i dag, er for små for det samla behovet for skulane.

Ein analyse viser at Måløy vidaregåande skule vil ha behov for alle lokala sjølv. Fylkestinget har lagt vekt på at dei to skulane framleis skal vere samlokalisert og har vedteke at Fagskulen skal få eit nybygg på 1150 kvadratmeter til 45 millionar kroner.

God nytte av samlokalisering

– Vi får god nytte av å samla dei fylkeskommunale aktivitetane i Måløy. Det vil skape to sterke skular som blir fleksible og kan utnytte resursar og fasilitetar på tvers av kvarandre. Dette går mellom anna på bygningsmassen, simulatorar, opplæringsfartøy og anna utstyr, seier Askeland.

To alternativ til lokale for Fagskulen vart lagt fram for fylkestinget. Det andre alternativet var å leige lokale hos næringslivssenteret Peak Måløy.

Rimelegare

– Økonomi er den andre årsaka til at vi har valt å bygge sjølv for det blir rimelegare for fylkeskommunen enn å leige. Dessutan vil driftskostnadene bli rimelegare. I det store og heile blir dette den beste løysinga både for dei to skulane og for fylkeskommunen, seier fylkesordførar Jon Askeland, som avsluttar med å peika på at satsinga er ei tydeleg vidareføring av sterk satsing i Måløysamfunnet.

I dag har Måløy vidaregåande skule fire bygningar og eit kaianlegg for opplæringsfartøyet Skulebas, på Tennebø, like aust for sentrum. I tillegg har kommunen idrettshall og fotballbane i området. Ein av dei fire bygningane blir i dag delvis nytta av Fagskulen. Like ved har skulen ei bygning med simulatorar. Nybygget til Fagskulen er tenkt plassert like ved simulatorane.

Byggestart er ikkje avklara. Kommunen må lage reguleringsplan for området først.